Dei tvo Nasjonalitetar.

 

(Dei hev friskat upp att ei gamal Lære).


Eg likar Bjørnson, for han er so ærleg. Denne Ærlegskapen hans gjeng so vidt, at han ikkje tenkjer noko paa, kva det hev med seg anten for han sjølv elder andre det, som han segjer.

 

No hev han sagt Ordi, der han gjev upp heile si Stelling som norsk Nasjonaldiktar, det som fyrr var all Æra hans aa vera.

 

Det er ei Lære, som hev voret mykje rødt og stridt um, allvist for eit Bil sidan, at det skulde vera tvo Nasjonalitetar her i Landet. Den heimlege norske og so den innflutte Framandverdi, som allvisst heldt seg i Byarne, men og greinad seg ut gjennom Bygderne.

 

Det var likesom den norske Nasjonaliteten ikkje fekk rett Ljod for seg i Bokheimen, fyrr Bjørnson kom og song det ut, so det ljomad millom Fjelli, vart Diktar for Bonden og ”alt som var ægte norsk, fra Folkelivet til Sild og Torsk”.

 

Han var den norske Diktaren ”fe sjave seg”, som ”som forløste alt det bundne”, som vakte ”Folkeaanden af Dvale” o. s. v., og dette vart skriket ut i Danmark og Sverik og i Tyskland med, at no hadde Norig fenget sin Diktar.

 

Alle trudde det, han sjølv trudde det væl mest og gløddest i Hugen og kjende Livsmot og Magt, medan Fagnadljod og Sigerspris klang i By og Bygd.

 

Som ein lysande Meteor skreid han gjenom Bokheimen, byrg og sæl som Oskladden, som hadde fritt Kongsdotteri ut or Berget og teket Kongestaven ifraa Danskemannen.

 

Daa er det sanneleg ikkje undrast paa anna, enn at han maa verta litevetta arg, naar me kaate Ungdomar kjem og kved sovorne Stev til han:

 

Du kann no aldri paa Krullami rista,

di staute Gjente, ho skal du missa.

Du skal ho høyra, men aldri faa,

og du skal ho dagleg for Augo sjaa”.

  

Det er fælt ærleg, men og usegjeleg syndlegt, naar den gamle Mannen til Svar paa dette, etter at han hev ilskat ifraa seg, sig so isaman, at han veit ikkje anna enn med Graat i Mælet aa kveda soso:

 

Ja Ungdomsgleda er liksom Draumen,

han ræter med oss som Stokk i Flaumen.

Fyrst Flaumen stadnar, er Skjussen end,

so kann og Fagnad til Sut bli vend”.

   

 

Ja for so kved han verkeleg, anar ein lyder rettig væl etter dei Tonarne, som ligg og dirrar paa Botnen av Kvedingi hans i Dagbladet.

 

Sjaa der han talar um Vinje; det som Vinje synte oss, segjer han, det var ”Bygdemaalets Magt til at skildre Bondens Naturfølelse og Familjeliv samt Bondens Tanker og Spot over vore andres¹)Liv og Grejer”, og sidan: ”hvad er den kosteligste Gamen i al hans Skrift? Jo, at ta paa alt vort¹), især det fineste, med Vadmelsvaat”. Og naar han les Fedraheimen, segjer han, hev han same Kjensla som ein Framandmann, som kjem til ein norsk Bondegard.

 

Kunne Bjørnson segja med reinare Ord, at det Livet og den Tankegangen, som høyrer til den Ringen, som han kallar for sin, det er ikkje det, som den norske Bonden kallar for sitt, dei Interessurne som han kallar for vaare, det er ikkje dei same, som Vinje kallar for vaare.

 

Det, som Bjørnson kallar for vaart, det er Bylivet og den framande Kulturen, som han gav ein Lit av Norskdom og dermed gav Namnet norsk. Men naar den rette Hyrdingen kallar, daa maa Leigesveinen sanna, at her er den ægte norske Røyst, her fyrst kjem den ægte norske Nasjonalitet.

 

No denne Læra um dei tvo Nasjonalitetar bryr eg meg ikkje aa tala og stridast um, eg vil helder arbeida, men naar Bjørnson dreg det fram, so segjer eg:

  

Godt var det, at dei Ordi vart sagde fraa hans eigne Munn, det vil hjelpa Folk til aa koma utav den Draumen um at Bjørnson var Mannen vaar, dei vil læra aa forstanda, at han i Grunnen var av Framandfolketlikeso væl som dei andre, berre det, at han hadde Kjærleik til oss meir enn dei andre.

 

Um han og kjenner seg avsett som den norske nasjonaldiktaren og me alle maa sanna, at den Kjensla lyg ikkje, so skal me likevæl aldri gløyma Hjartalaget hans og alt han hev gjort for den norske Nasjonaliteten, og Diktarverket hans vil for alt det vera likso stort og gjævt som fyrr, berre med den Skildnad, at han er Bydiktar i Staden for Bondediktar elder Diktar for det heile norske Folket.

  

Ivar Mortenson.

 

 

¹) Ordi hev feitnat i Prentesmidja Fedraheimens.

 

 


Frå Fedraheimen 05.03.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum