Ymist.

 

 

Stortinget  gav iaar Pengarne til Ivar Aasen, Hans Ross og Bibelumsetjingi, utan at ein einaste sette seg imot. Det gjekk, som um det var smurt.

 

 

Bokskatteloven  hev det voret mykje Strid um i det siste. Høgre, som ifjor vilde vera med paa han, hev no snutt um, og daa er det sikkert nok, at nokon Bokskatt fær me ikkje iaar i alle fall.

 

 

Andre Utgaava av ”Mannfolk”  hev no komet ut. ”Stordaad” er umsett i tvo tyske Blad og no kjem straks baade ”Ein Fritenkjar” og nokre av Smaaforteljingarne hans Garborg ut paa tysk.


  

Nye  Bøker. Frihandel eller Beskyttelse? av Henry George hev no byrjat aa koma ut hjaa Huseby & Co. limit.

 

Fyrste Heftet er 106 Sidur stort og kostar berre 1 Kruna. Boki vert umset av Joh. Sørensen. Denne Boki er svært nytteleg no for Tidi, daa det er so stor Strid um Toll elder ikkje. Anten ein er einig med George elder ikkje, so maa ein daa medgjeva, at han er ein framifraa Kar til aa skriva klaart og greidt um det han tek fat paa. Det er ein Hugnad aa lesa ho.

 

Hjaa  Omtvedt  hev komet ut ei Diktsamling av Knut Clausen. Det finst der Dikt av dei største Diktaranne vaare like fraa 1814 og utyver. Vinje, Aasen og Janson hev fenget stort Rom i ho; men Garborg er det – merkjeleg nok – ikkje eit einaste Dikt av, endaa han hev skrivet fleire framifra, som baade kva Form og Innhald vedkjem, er betre enn Flesteparten av dei, som er upptekne. Boki er vænt utstyrat og vil vera ein Prydnad i Huset.

 

 

Morgenbladet fortel, at det no er avgjort, at Menigheitsraadsloven skal setjast fram iaar. Bladet gleder seg ved dette og meiner, at det Sverdrupske Riksraadet no vil koma til aa fylgja same Læra som det Selmerske: Motstand mot Fleirtalet.

 

Me trur no ikkje noko paa det, fyrr me fær sjaa det.

 

 

Paa eit stort mtøe i Stavanger  vart det gjort eit Vedtak um, at Straffi for ulovleg Seljing av Øl og Vin bør gjerast likso hard som for ulovleg Brennevinssal. Paa Møtet var det ikr. 1000 Menneskjur tilstades.

 

 

I Soggendals Vinstreforeining vart det gjort Vedtak um, at me maa faa aalmenn Røysterett so snøggt som mogelegt.

 

 

Vestnæs Vinstreforeining  hev samrøystes sluttat seg til Hamarvedtaket med Tillegget hans Konow.

 

 

I Soggendal hev dei fenget til ein ny Spinne- og Vævefabrik, som det er god Von, at det vil koma til aa ganga godt med. Ein liknande (Aalgaard) hev lenge voret i Drift paa Jæren.

 

 

Mann mot Hest. Sundag var det Kapplaup her i Byen millom Skeiselaupar Hagen og ein Præmiehest. Hagen vann. Same Dagen sprang Amerikanaren Franklin umkapp med ein annan Hest. Der vann Hesten og det med Glans. Det er med sovoret, Folket i Kristiania morar seg no Vintresundagarne. Det vert ikkje lenge, fyrr me kjem likso langt som dei gamle Romaranne i dette Stykket. Me hev ”Gladiatorar” nok.

 

 

Nylænde heiter det nye Kvendesaksbladet, som hev byrjat aa koma ut her i Kristiania. Det byrjar med eit gildt Dikt av Jonas Lie.

 

 

Fraa Nordland og Finnmarki  vert det meldt mange Ulukkur no um Dagarne. Soleis hende det nyleg, at 10 Mann fraa Øksnes, som var ute paa Fiske, bleiv og vart burte. Mange av desse var gifte og Enkjurne sit no etter i Naud og Stakkarsdom.


 

Ogso ein Maate aa tyna Bjørnen paa. Fraa Lysefjorden (Stavanger) vert det fortalt: Folk fraa Garden Lyse, som ein Laurdag rodde til Kyrkja i Fossan (Kyrkjevegen deira er tvo Mil, so dei maa reisa Laurdagen) saag upp paa ein Fjellknatte ein stor og diger Bjørn. Dei rodde tillands og nokre av Kararne gjekk upp i Fjellet. Ein av dei kom paa Fjellstykke beint ovanfor der Bjørnen var og tok til aa kasta Stein paa Beistet. Dette likad ikkje Bamsen, kann ein vita, og so vilde han nok sjaa til aa faa Tak i den Karen; men daa var dei komne fleire til og no tok dei til aa steinsetja han so fælt, at han rullad nedyver. Sistpaa kom han til, Sjøen og vilde symja yver til hi Sida; men Folki sette etter han i Baat og tynte han.

 

 

Styggt gjort. Eit Notelag gjorde millom Jol og Nyaar eit gildt Sildesteng i Rugsund utanfyre Krakevik. Det var ikr. 1000-1400 Tdr. i Laasen. Sildi var av beste Slaget, og det var alt selt 50-60 Maal av ho. Men daa Eigaren Morgonen etter skulde sjaa til, saag han, at kvar einaste Sild var burte. Det synte seg etter kvart, at ein elder annan Utgangen hadde skaaret Noti sund.

(Fjord. Blad).


 

Utklypp or ”Dagen”:

 

Den paa Gardermoen styrtede Hest er ogsaa et Spørgsmaal, som atter er kommen frem, - Maalsagen ligesaa”.

 

Maalet” maa vel som alle Maal, der ikke er vort Modersmaal, kaldes fremmed og unationalt”.

 

(Lyst Øieblik:)

 

Man vil kanske karakterisere disse mine Bemærkninger som Tøv”. (Krp.).

 

 

Det danske Stortinget  hev no byrjat att.

 

 

Statskyrkja og Sedugskapen. Scavenius, den danske Kyrkjestatsraaden, som me fyrr hev havt fat i, sit like fast. Her for nokre Dagar sidan gjekk nokre Høgrefolk, som er med i Sedugskapsforeiningi i Kaupenhavn, avstad til Slottet og vilde beda Kongen taka seg ein ny Kyrkjestatsraad. Dei vart ikkje mottekne, endaa Kongen der som her er fyrste Biskopen i Kyrkja. Scavenius er ein dugande Høgremann og daa kunne det vera det same, um han var eit Svin ellest, tenkte vel Kongen.


Godt Stell!

 

Den danske Stortingsmannen Bajer hev sett fram Forslag um aa samansetja ei Nemnd, som skulde taka fat paa Spursmaalet um aa gjera heile Norden neutralt. Forslaget gjekk gjennom i Folketinget med 37 mot 18 R. – 2 Prestar hev no endeleg vaagat seg til aa skriva imot Scavenius og krevja, at det skal verta utnemnd ein annan Kyrkjestatsraad.

 

 

Italia  hev byrjat Krig med Abyssinien. Til dessa hev det ikkje havt stor Bate av han. Dei tapte eit stort Slag ved Byen Massnah nokre Dagar sidan. Stortinget hev no gjevet 5 Milljonar Kr. til Forsterkningar.

 

Rusland skal vera svært glad for Skuld denne Krigen, vert det sagt.

  

No nyleg hev det voret Riksraadbyte. Depretis, fyrste Riksraaden, vart standande; men flestalle av dei gamle gjekk av og nye kom istaden.

 

 

Stortingsvali i Tyskland vart avgjorde Måndag var. Regjeringi hev sigrat i dei fleste Valkrinsar.

 

 

Ein galen Mann  hev sett heile Gøtaborg paa Ende ei heil Vika. Han heldt til i 2dre Høgdi i eit Hus og skaut paa kvar ein, som vaagad nærma seg. 2 vart drepte og 6 andre saarat. Tysdag vart han fakkat.

 

 

Fyrst  Alexander  ligg no sjuk av Koppur.

 

 

Jordskjelv  hev det nyelg voret i Sudfrankrik og Norditalia. I fleire Byar hev Hus styrtat saman og Menneskjeliv gjenget til.

 

 

Stortinget  i dei foreinad Statarne hev no vedteket Loven mot Fleirgifte. No gjeldst det det berre um aa iverksetja han bland Mormonarne.

 

 

Ein 90 Aar gamall Mann i Sverike, som hev voret blind i 5 Aar, fekk her ein Dagen Synet sitt att, utan at nokon Doktar elder andre hadde noko med det aa gjera.

 

 

Den danske Styringi  hev i desse Dagar uppteket eit Laan paa 59 Milljonar Kr.

 

 

Kirkeligt Folkeblad, 3dje Række, Tidskrift for Kyrkje-, Skule- og Folkeupplysning, styrt av Fr. Wexelsen, Olaf Røst og H. Vexelsen, No. 2 er utkomet og inneheld:

 

Sognebaandets Løsning, ved Olaf Røst. – Henrik Steffens, ved Fr. Wexelsen. – Efterretninger, af O. R. – Fra vor Faders Gaard, af Th. Rørdam.

 

No. 3 inneheld:

 

Statskirken ved Olaf Røst. – Det urene. – Det rene ved H. Vexelsen. – Henrik Steffens Forts. fra for. No. – Efterretninger ved O. R. – Smaastykker ved S. Hellen.

 

 


Frå Fedraheimen 26.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum