Upplysning er Landets Lukka.

 

(Skrivet i det handskrivne Blad Heimdal  ved Ullensvangs Folkehøgskule, av Kjetil).

 

Her hev no i den seinare Tid voret talt og skrivet svert mykje um, kva som skal gjerast, for at eit Land og eit Folk kann verta lukkelegt, og det er naturlegt, for lukkelege vil no gjerne alle vera. Ein stor del hev daa meint, at Statsformi og Landsstyringi hev stor Betydning for eit Folk, og dei hev difor verkat for, at me kunne faa ei so god og frilynd Styring som mogelegt. Det kann vistnok ikkje vera Tvil um, at det er godt aa hava ei frilynd Styring, og fri Forhold aa liva og verka under; men det skal likevæl vera sikkert, at Formarne skaper ikkje Liv; men Livet skaper seg Formar. Det hev voret slik Strid og Staak um den Politikken no desse siste Aari, at alt anna hev gaat i Gløyme og er vortet tilsidesett. No er me so hepne at me hev fenget Greide paa Politikken, som me heretter kann faa leggja oss meir etter aa fremja den aalmenne Upplysning. Me er ikkje paa langt nær komne so langt i Upplysning, som me er komne i Politikken etter Maaten. Upplysningi maa vera den Botn, som Politikken skal byggjast paa, og ei langt framskriden politisk Forfatning, utan ein dertil svarande Upplysning, er liksom eit Tre utan Rot. Korkje Forfatningi elder dei meir einskilde Lovarne kann bringa nokot friskt og sterkt Liv inn i eit Folk, som ikkje hev ein god Upplysning, daa det ikkje hev den Styrken i seg til aa nytta desse Goder; for denne Krafti maa vera Upplysningi. Me høyrer so ofte, at me hev gjenget svert fram i Upplysning no i dei siste Tider; men eg ottast for, at dei ofte tek imist, naar dei talar um den Ting. Her er vistnok fleire, som kann skriva og rekna no enn fyrr, og lenger Skuletid for Borni, so dei hev Høve til aa skaffa seg meir Kunnskap; men det er endaa ikkje so aldeles visst, um den verkelege, livande Upplysning er so mykje betre enn den var fyrr i gamle Dagar. Eg trur der var meir Livskraft i Upplysningi fyrr, enn det hev voret no ei Tid. Det hev voret helst slike praktiske Kunnskaper, dei hev lagt seg etter. Dei hev søkt aa proppa inn i Borni ei heil mengd høglærde, turre Læresetningar, som berre vert liggjande i Minnet og ikkje hev nokon Innverknad paa deira meir innvortes Hjarteliv.

 

Nei det kjem ikkje so mykje an paa um ein kann løysa eit Reknestykkje og ramsa upp ei Lekse or ei Bok; ein kann vera eit likso raatt Menneskje for det og føra eit likso lastefullt Livnad. Skal Upplysningi faa noko Magt yver eit Folk, og kunna gjera det lukkelegt, so maa det ikkje vera noko, som berre ligg i Hovudet og Minnet; men det maa verta ei Hjartesak, noko meir livande, som kann gjeva Folk ædle og gode Interessur, og faa dei til aa lyfta Augo upp fraa Marki, so det ikkje gaar aa øyder burt sine beste Krefter i berre Matstræv. Daa allvisst medan ein er Ungdomar; for Liset med sitt Slit og Stræv kjem no tidsnok likevæl. Ungdomstidi er Draumarnes og Lengslarnes Tid, og ein skal daa helst tøya seg upp mot det, som er høgt og ædelt, og ikkje berre sjaa mot Jordi og liksom Jordmakken tyna seg burt i svarte Moldi. Den, som ikkje drøymer og lengtar etter noko stort og ædelt, medan han er ung, han gjer ikkje noko stort og herlegt naar han vert eldre helder. Eit Lands største Rikdom og Lukka er aa haa ein Ungdom, som hev ein god Upplysning, og som er sterk baade i Aand og Haand.

 

 


Frå Fedraheimen 26.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum