Strøy-Tankar.

 

Der er raadlaust aa faa nokor kristeleg Yvertydning for den, som ikkje er kristen sjølv. For Yvertydning gror ut av Tru. Kristendom kann ein berre faa Greide paa i og ved Kristendomen sjølv. Yvertydningi er Kristenlivets Klaarleike yver sjølve seg. Det naturlege Menneskje kann berre vinna fram til ei naturleg Yvertydning. Ein kann berre gripe det, som ein fyrst personleg hev gripet og det som ein sjølv er. 

 

Det er Avgudsdyrking aa dyrka Læra og Formerna for Kristendomen. All Gudstru, som ikkje lenger hev den Aanden, ho hadde fraa fyrst av, ho kolnar og stivnar i hop til harde og seige Læresetningar og ytre Former og er lik ei Netaskal, som Kjerna er holat ut or. I Heidningskapet var Gudebilæti og i Kyrkja er Læresetningarne ei slik Skal. Millom den stive Reinlæra og Heidenskapet er der ingen Væsensskilnad, det er berre ein Synsmun.

 

Det er fælt, at me skal kjeklast um kva Kristendom er, me, som hev havt Kristendom i so mange hundrad Aar, me, som kvart Aar let til so mange hundrad Tusen til den og som hev so mange skriftlærde Menn til jamt og samt heile Aaret igjenom aa fortelja oss kva Kristendom er, me, som fraa me kunne stava og alt til me vert tannlause, støtt av Skulemeistar, Prest, Prost og Bisp og andre kloke hev fenget lært og høyrt so mykje ”og” og ”framifraa” Visdom um den Ting. Ein kunne tru, at anten maa me ingen Kristendom hava, elder og maa den, som me hev, vera tydat so altfor mykje, at han er vorten utydeleg.

 

Dersom Kristendom er det same som Kunnskap, Lære, Theologi, so kann ein, som ikkje sjølv er Kristen, godt vera ein framifraa Lærar i Kristendom. Liksom ein godt kann vera ein framifraa Lærar i Mytologi, um han ikkje trur ein Snus paa Odin og Tor, so kann ein godt vera ein gild Lærar i Theologi, um ein ikkje trur det Grandet paa Kristus. Men naar ein, som ikkje sjølv elskar Fedralandet, skal læra upp Folk i Fedralandskjærleik, so er det ikkje noko rart i um heile Kjærleiken vert berre til Talemaatar. Og naar ein, som ikkje sjølv trur, skal vera Lærar i Tru, so er det helder ikkje noko aa undrast paa um heile denne Trui vert berre ein Talemaate. Liksom det at Kuld kjem Kuld, av Vermde kjem Vermde, so maa det av Kunnskap koma Kunnskap og av Tru koma Tru og av Liv Liv.

 

O. S.

 

 


Frå Fedraheimen 26.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum