Menigheitsraad.

 

  

Sverdrup hev med sine Kyrkjelovsforslag naadt aa faa Kyrkja og dei kyrkjelege Forhold fram til aalmenn Dryfting Mann og Mann imillom. Hadde berre Forslaget voret meir tiltalande, so Folk hadde fenget meir Tru paa desse Reformer, daa kunne der no voret Von um ei Grunnvøla av Kyrkja. Men dette Menigheitsraad, som Sverdrup held fram som det mest naudturvelege, det maa støyta Folk burt, det kann ikkje anna.

  

Kva Meining er det vel i Kyrkjetugt innan ei slik Kyrkjesamfundsrame – um ein daa kann kalla det slik – som den norske Statskyrkja, der no rymmer Framtoningar like fraa den argaste, mest fanatiske Pietist til den mest likesæle Fritenkjaren?

 

Rett til aa vera med i ein Samfundsskipnad maa iminsto kvar ein hava, som skattar til den vil eg tru?

 

Lat oss sjaa litt paa, korleis Kyrkjetugti vilde taka seg ut millom ymse av desse Framsyningar innan Statskyrkja.

  

I ei Menigheit er det mest av Pietistar, men der finst ogso ein heil Del med Grundtvigianarar. – No er det ei kjend Sak, at det er Pietistarne si Livs- og Saligheitssak mest aa faa onnorleis truande og tenkjande inn paa den rette Vegen. Ein ”nidkjær” pietistisk Prest vilde læra: Bibelen – Guds inspirerade Ord – er eit Naademedel, som kvar retttruande Kristen maa tru paa, anna er vrang Lære og ein Vranglærar maa ut av dei rette Kristnes Samfund. Kva vilde det so bera stad med Grundtvigianarne skal tru?

 

Kvar ein, som kjenner lite meir til Grundtvigianarne, veit og lyt medgjeva, at desse er dei mest tolsame Kristne i Landet, Folk, som snaudt vilde bruka Kyrkjetugt so lenge Statskyrkja hekk saman, endaa um dei hadde baade Bugti og baae Endarne i ei Menigheit sitt Styre. Men sett no, dei skulde bruka si Magt, der dei var i Fleirtal, korleis vilde det so taka seg ut yver for Fritenkjarar?

 

Ein Grundtvigianar vilde læra, at den som ikkje trudde paa Kristus som Frelsar, ar ingen Kristen, og ein, som ingen Kristen var, kunne ikkje vera anna enn Hyklar. Fylgja kann alle skyna.

 

Verst vilde det stilla seg der Pietistarne fekk Yvertaket. Vil vel nokon, som hev fylgt med i Kiellandsstriden kunne venta, at dei skulde kunna visa Taalsemd mot dei? Det trur eg snaudt.

 

At Grundtvigianarar og Fritenkjarar skulde kunna finna seg i deira Dømesjuke Styre, var mest umogelegt. Desse vilde anten verta nøydde til aa melda seg ut elder verta støytte ut.

  

Naar so Statskyrkja skulde haldast uppe, korleis skulde so desse Folk kunna klara aa halda eigne Prestar og byggja sine eigne Kyrkjur so mange Stader, som det under vaare serleg vestlandske Forhold maatte turvast?

 

Sidan, kor skulde ein stad, so lenge ikkje Soknebandet er løyst?

  

At Staten skudle setja seg til Domar i religiøse Ting og gjeva slike Lovar, at t. D. Grundtvigianarar og Fritenkjarar skulde verta nøydde til aa ryma Kyrkja og missa sin Part i dei Eigedomar, som Statskyrkja no hev, og skatta til noko, dei ikkje fekk Gagn av – det er meiningslaust.

 

Kav skulde ogso Menigheitsraad til, naar dei no i dei ymse Menigheiter ikkje skulde faa full Rett til sjølv aa velja sine Prestar, um dei ikkje skulde øva Kyrkjetugt?

 

Kva Meining var det vel i aa ljota sanna si Tru for aa faa Røysterett, naar det berre var verslege Saker, Raadet skulde styra med?

 

Meiningslaust er det og meiningslaust vert det! –

 

Ikkje berre det, men det er Forslag til ein Lov, som vil føra til, at Folk i tusundvis vil lida Urett for si Tru – altso ei Etterdynning fraa Presteveldet sine Dagar.

  

Nei Menigheitsraad er ikkje Løysnaden paa den Floken, som vaar Kyrkje er komet i.

 

Statskyrkja burt, det er Løysnaden.

 

Bruun hev full Rett i, at dette er den einaste Botevoni.

 

 

Indre Hardanger, Januar 1887.

  

Din grundtvigianske

 

Truls.

 

 


Frå Fedraheimen 26.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum