Fraa Stordøyi.

 

Me bed Fedraheimen  vera so god aa taka inn ei liti Melding fraa Stord. Me er litt harme yver noko som me hermed vil gjera offentleg kjent, for aa prøva, um det ikkje kann verta rettat paa.

 

Det var siste Sumar, me fekk Hr. Pastor J. Kulmann Olsen til Sokneprest her hjaa oss. Fyrr han kom, var her ymse Meiningar um Mannen. Her gjekk – straks han var nemnt ut – tale um, at han var Vinstremann og at han var lite formuande. Dette hadde daa ”Intelligensen” elder Storfolket god Greide paa. Ingi Høgrestytta i Presten! Ingi ”flott” Selskaper! Slikt var daa for galet. Ja, daa Presten kom, var no alle forvitne, og vilde hava Greide paa, kva han dugde til i Kyrkja. Og Greide fekk me, og det so snart han preikad fyrste Gongen. Det er ein gaaverik og dugande Prest, ein varm Guds Ords Forkynnar. Det er det Vitnemaal, som Menigheiti so aa segja med ein Munn no vil gjeva honom. og utrøyteleg verksam maa han vera. For attaat Prestegjerningi er han lærar paa Seminaren, og likevæl hadde han tenkt aa halda ein del Fyredreag nokre Kveldar frametter Vinteren. Desse Fyredragi skulde daa innehelda Reiseminne, Kyrkjesoga o. s. b. Hadde han fenget tvo andre Seminarlærarar og ein Jurist med seg for aa stydja til aa gjera det so fullt og rikt som mogelegt. Me hev no slikt eit gasta ”Lokale”, tenkte dei væl. Seminarets Gymnastiklokale, det rymer mykje Folk det. Men kva hender? Daa desse Menn sa’ dette til Seminarstyraren og bad han um aa faa bruka Gymnastiklokalet til dette, negtad han det. Han fann ut, at det vilde forstyrra Seminarelevarne o. s. b.

  

Det er svært slik Formyndarskap yver dei ”umyndige smaa”. Det er syrgjelegt, at ein Mann, som er sett til Styrar av ein slik Skule, som Seminaren, skal vera so snausynt. Slike Fyredrag maa ein daa skyna gjer berre godt. Dei vekkjer Liv og spreider Ljos ut millom Folk, og det, tenkte me, var ei av Seminarens største Uppgaavur.

 

Ja, Gymnastikhuset vart ikkje aa faa. Men Hr. Kulmann Olsen let seg ikkje skræma enno han. For ein 3-4 Vikur sidan høyrde me, at han daa ein kveld vilde halda eit fyredrag paa Prestegarden. Og sume av oss gjekk og høyrde paa Fyredraget og fann stor Hugnad i det, um det enn kunne merkjast, at det var meir lagt for Seminarelevarne. Og dei hadde god Tid, saag det ut til, dei var der mest alle i hop. Andre Gongen var der likevæl fleire, og tridje Kvelden var Huset reint yverfyllt, so at mange maatte greida seg med daarlege Plassar, og vert det fleire seinare, som me trur det gjer, so fær me vers god staa ute.

  

Fyredragi likar me svert godt. Dei handlar um vaar Bokavlsoga fraa 1814 og uppyver. Og det er so livande han kann greida det upp og forklaara det, at ein fær ei Kjensle av det, som um ein saag det med klaare Augo. Difor sender me desse Ordi med den Voni, at vort Riksstyre vil taka fat paa dette her og opna Gymnastikhuset for ei slik Verksamheit som denne. Me hev sopass Tillit til vaart Riksstyre, me Stordøyingar, at me ventar aa faa dette ordnat, allvist no sidan me hev ein Sambygding i Raadet, Hr. Statsraad Haugland, um han enn ikkje er den, som dette nærmast ligg inn under, so vil me daa beda honom aa bringa det fram for rette vedkomande.

 

 

Stord, 2-2-87.

 

Med Vyrdnad

 

fleire Stordøyingar.

 

 


Frå Fedraheimen 26.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum