Attpaaskrift um Bjørnson og Maalet.

  

Det maa daa vera Maate paa det og; ”trollsjuk” var ikkje mine Ord um Bjørnson, det fær Setjaren og Korekturlesaren taka Andsvaret for. Likeins det ”fuleAndsvaret”, ”fælt” skynar du det skulde vera.

 

Endaa noko, som kom inn annleis enn eg hadde meldt det skulde vera. Dette um, at Bjørnson ”vart Far til so mykje norsk Halvkultur, som eg no, daa eg er Folkehøgskulelærar, maa arbeida imot alt eg orkar, paa det, at han ikkje skal mergstela Ungdomen”.

 

Dette vil Folk mistyda. Difor eit Par Ord til Forstanding.

 

Eg meiner, at Bjørnson var ikkje Karen anten stærk elder kunnig nok til aa reisa ein høveleg norsk Bondekultur. Han skreiv for Bymannen paa halvnorskt Maal, i halvferdig tilgjord Stil, mykje vænt, mykje gildt og sant, men ikkje so fullsant, so at det kunne vekkja Bonden til ny kraft, nytt Liv og ny Glans men helder med Faare for aa tulla han inn i sjølvgode Draumar um Ervesylv og Eignaluter, som er meir til Prydnad og Njoting for Finverdi enn til Uppmanning for Bygdefolket til aa liva sunt og sant, fordumsfritt og naturleg; ei Smeiking for den drøymelege Bljugskapens Træledom, som me lid under, i Staden for Frigjering.

 

No hev væl Bjørnson fullført det, som han berre gjorde halvveges i Bondeforteljingarne sine; eg meiner Arbeidet hans som Folketalar og Bladskrivar, - i Politikken er han gjæv, berre med fæle Mistak innimillom – og likeins som ”moderne Forfattar”.

 

Naar ein soleis ser Mannen i Samanheng, kann det verta bra nok; men kor mange er det ikkje, som berre held seg til Fyrstningi, og trur paa Bondelivet hans som paa eit Ideal og det allvist Ungdomen; og til han kann det ikkje segjast sterkt nok, at eit slikt Ideal er ikkje sant og stort nok for oss. Me vert liggjande i Bakevja, kjem me ikke lenger.

 

For det kann De væl skyna, at eg ikkje vanvyrder Forteljingarne hans, eg brukar dei mykje paa Skulen baade til aa lesa og til aa tala um. Men eg gjev dei ikkje høgre Verde, enn dei nett hev for vaar Tid og det verkelege Livet i Bygderne.

 

Eg skal elles vera so ærleg aa segja, at naar eg illskar meg so upp paa Bjørnson, so kjem det og noko av Aabryskap. Eg er noko ovundsjuk paa det norske Maalet og den norske Bonden sine Vegner paa at Bondelivet skulde likevæl verta best skildrad av ein, som korkje kunne norsk Maal elder norsk Stil elder var kunnig um Bondens rikaste Evne til nasjonalt Kulturliv – men som stod halvframand til alt saman, ein som ikkje var inngrodt i det, men berre saag og tenkte seg til det. For den Sanningi skal og segjast, at Janson var no berre Læreguten hans Bjørnson.

Korleis skulde det ganga med Bjørnson tru, um eg skulde fara etter det, som .. c E. skriv um ”Maalfusket” mitt? Eg fæler eg kom til aa mergstela han for det av ”Aandsmagt”, som eg ikkje hev reist med fyrr og daa. Han vilde verta so ”elendig fattig”, at ikkje orkad tena. Du høyrer, kor tungt han kraunar og kaasar alt no. Men det vøre Synd aa stadstinga Folk med ein Gong, ein hev nok aa bera paa Samvitet, naar ein seigpiner dei.

 

Det var no ingen Ting, eg totte var so Moro eg, som aa skriva godt Maal. Naar eg ikkje skriv so godt Maal, som eg kunne og hadde Hug til, so er det ikkje anten av Latskap elder Slurvehut – eg tenkjer det er meir motlaust for meg enn for ..c E. og dei faae, som held med han. Men det kjem av, at eg ikkje er ”dum”, det kjem av det, at eg ikkje bryr meg um aa faa det, som Fanden fekk ”fordi han var dum og ikkje beregnet sit Publikum”.

 

 

Ivar Mortenson.

 

 


Frå Fedraheimen 26.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum