[Kristiania, den 25de Februar.]

 

Det er ikkje Botevon paa Statskyrkja. Og so mange, som veit dette og er i Grunnen samstelte um, at det er galet dette Statskyrkjestellet!

  

Eg skal vaaga, at baade Prestar og Statsraadar meiner det same i Hjartat sitt.

  

Men det er lang Veg her i Norig millom aa meinanoko og segjadet, ein meiner. Og kanskje endaa lenger Veg er det millom aa talaog gjeranoko.

 

Sjaa no dei, som hev talat so mykje um dette, Chr. Bruun t. D., kvifor gjer han daa ikkje noko til aa føra Tankarne fram, han som er so ærleg, at han ikkje kann vera Politikus ein Gong? Eg tenkte, han hadde so stor Kjærleik til det, han hev funnet er Rett og Sanning, at han ikkje kunne lata vera anna enn aa driva paa, anten det so bar elder brast. Men no er det, som han heiltupp vilde gøyma rette Meiningarne sine burt og lita seg med dei Sverdrupske Smaabøterne, berre med ei løynd Von um at naar han stød under slike Forslag, som for vanlegt Folkeaugo synast stengja Vegen, so kann kanskje dette ogso verta snutt so til ved underlege Føringar, at det verkar tvert imot. Det er ein krokutt Veg aa naa fram til Maalet paa; men elles er det likt Bruun no paa seinare Tider, daa han finn seg nøgd med berre aa strida imot Teologar og Fritenkjarar utan sjølv aa hava nokon positiv Tanke, nokon stor Ideens Fane aa reisa i Veret.

  

Finst det daa ingen so framberleg Kar her, at han vaagar aa driva beint fram og med slikt eit Maal, at han kann krevja til Ljod, so dei maa krjupa inn i Holi sine att desse Smaatankarne som held paa og vil eta oss upp.

 

Det finst nemleg ikkje anna Raad imot slikt Smaaprat enn aa setja i so høgt, at det andre vert neddøyvt.

 

 

K. Knudsen  fær Ros og ”Smørklining” av V. G., for det han hev voret flink Gut, og det hev han fortent au den gamle trauste Karen.

 

Det er ”Hvem skal vinne” V. G. er vortet forgapat i. Denne Boki syner kor fælande høveleg denne Kloppi er (Fornorsknings-strævet). Der kann dei ganga so trygt og so stødt paa dei danske Kloppestokkarne, medan dei held seg fast i det norske Handdrevet og so sviver dei so gladeleg yver paa Framtids-sida, segjer V. G.

 

Liksom Bjørnson laut spreda paa litt av sitt eige Brygg, soleis lyt au V. G.  koma med litt Laag. Men han hev nok tappat av ei gali Tura V. G., for sjaa her:

 

Her er Hensyn at ta. Et Folk skifter ikke Sprog, som man bytter Sko”.

 

Aa nei me skulde nok tru det, for hadde det voret so, so hadde den norske Bonden  voret reint for sparsamleg med Beintyet sitt. Han hev nok voret, og er au litt seinvoren av seg med Maalbyttingi si den Karen.

 

Ogso dette her daa:

 

Husk: det vigtigste er, at vi faar oparbeidet et Sprog, der samtidig er et høvelig Meddelelsesmiddel for dem, som skriver¹), og med Lethed forstaaes af dem, som læser”.

 

Jau det er nok Meiningi aat Maalmennerne au det, og diforstrævar me.

 

 

¹) Det er V. G.sjølv, som hev stroket under dette.

 

 


Frå Fedraheimen 26.02.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum