Vaart arbeid.

 

 

Aa høyrer du harmen og sukki, som stiga

fraa deim, som i kampen i moldi maa siga!

Det lyder som slag fraa den sigande vengen

og atter som klang av den brestande strengen.

 

 

Eg ser, kos i myrkret og notti dei driva:

med dauden i hjarta kring gravi dei sviva.

Og ljoset, ja ljoset dei aldri hev funnet,

og soli, som rann, hev fyr deim inkje runnet.

 

 

Som guten i berget dei lengtar mot dagen,

mot syni dei fagre fraa paradishagen;

men fjellet det myrke, det skygger og stengjer,

og verdi den vonde ho trykkjer og trengjer.

 

 

Og kjærleikens milde dei aldri fekk smaka

- som blomen ei solkyss, naar jordi er klaka –

og utsynet fagert dei aldri fekk njota,

fyr isen, som stengde, dei inkje vann brjota

 

 

Og lukka, dei søkte, dei aldri saag smila:

dei livde sitt liv fyr i moldi aa kvila.

Og vegen, dei gjinga, med taggar var slegen,

og gleden var fyre ne’ likkista dregen.

 

 

Ja, tungleg er soga um desse, som lida

og lengta og leita og bedja og bida,

men inkje det løysande ordet hev funnet,

og berre med harmen i hjarta sitt brunnet.

 

 

Di eig du ein Gneiste av elden fraa andi,

so kom til dei arme, som sukka i bandi,

ja kom med di tru og di von og din varme

og gjev det til deim, som paa lukka er arme.

 

 

Kom, gjev det, du eiger, dit liv, skal det vera,

og spyrr ’kje um annat enn: Kan eg det gjera.

Det ædle, det store, det ligg i aa have

ein kjærleik, som viljuge ofrar seg sjave.

 

 

Og slik som det ventar og stundar og bier:

dei saari fraa gamalt, dei verkjer og svier.

(Og eg, ja eg brenner ved synet, men tegjer,

daa enn dei er daude dei ordi, eg segjer).


Di gjeld det aa finna den gneisten, som fengjer,

det sverdet, som bryter det skilet, som stengjer,

den trui, den voni, den elskjen, som hera

kann skapa det liv, som mot himlen kann bera.

 

 

Og daa vil med song atter heimen oss møta,

og venleiken atter vil gutarne grøta:

Dei fjelli, som fyrre stod kalde og snaude

vert klædde med blomarne kvite og raude.

                                  

 

Torgeir Bjørnaraa.

 

 

 


Frå Fedraheimen 08.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum