Klerikalisme som Slagord.

 

(Del 1 av 3.)

 

Ein stor Lut av det norske Vinstre skal vera ”klerikal” og stila mot ”Klerikalismen”.

  

Millom Vestlendingarne skal vera verst med dette.

           

Men kvat er det fyr nokot galet elder rart daa? Ja Klerikalisme hev paa gamalt voret det same som Pavevelde. Hjaa oss skulde det fulla vera Prestevelde. Og klerikal er den, som held paa det elder vil skapa det paa nyom.         

 

Og slik Sykja skulde rasa millom Vestlendingarne? Eg finn liti Meining i slik Tale. Aldri hev Vestlendingarne havt det med aa lata seg styra av Prestarne. Ikkje ”Lesararne”, dei kallar, eingong. Eg meinte, at eg skulde kjenna litt til det, og eg hev ikkje set annat: Lesararne paa Vestlandet hev jamnaste stadet hardt mot Prestarne – ogso naar dei stundom hadde god Rett. Det var løgjet, um Vestlendingarne, som er stride mot Embættesstyre i det heile, skulde verta so reint blaute, naar Presten synte seg.

           

Jau desse Kyrkjereformarne viser til fullnads, at dei er klerikale, segjest det. Ja tru det?

           

Presteval vil Folk gjerne hava vester paa og visst nokon kvar Stad. Men Prestevelde ventar ingen av det. I mindsto ikkje dei, som krev den Reformi. Lov til aa opna Kyrkja aat andre enn Presten i Bygdi, vil dei hava alle Stader. Og sume Stader vesterpaa hev dei voret so uppsette paa detta, at dei gjerna var med og tok Kyrkja uløyves.

             

Men so er det Lovforslaget um Menigheitsraad – det skal daa vera klerikalt. For det skal hjelpa Prestemagti. Men tru Prestevelde og Menigheitsraad høyrer so plent saman?

           

O. G. Ueland er Far aat dei fyrste Forslag um detta. Og det er kjennt nok, at han vilde hava Menigheitsraadet til aa halda Styr paa Prestarne. Sidste Gong han talad um den Tingen var i 1869. Hans Tale var fulla fin og hadde korkje Horn elder Klauver, men Meiningi er greid nok: Menigheitsraadet skal øyda Presteveldet. Ja dei, som daa hadde framsett Forslaget, hadde nok ei onnor Mening, enn han hadde havt med sine Forslag, men han vilde røysta fyr det kor som var, for han vilde naa det han hadde tenkt, sagde han. Og eg trur det same. Um Forslaget hadde fenget Sanktion i 1869, so hadde det ikkje hjelpt Prestemagti. Jau ei Stund kannhenda. Men sjølve Formannskapsloven saag lenge ut til berre aa styrkja Embættesmagti mange Stader. Og Skulekommissjonen daa? Men likevæl vann Folkemagti til Slutt og inkje Embættes- og Prestemagti. Johan Sverdrup, som daa talad og røystad fyr Loven, var vel helder ikkje klerikal – han maa hava vortet det seinare, veit eg.

           

Um Menigheitsraad er ein god Ting? Ja det er altid eit Spursmaal, men Klerikalismen skal daa visst ikkje skjemma ut Saki. For den vann ikkje større Magt ved Menigheitsraad

 

Det er nokot annat ein kann vera rædd: at Fleirtalet skulde faa Magt til aa maalbinda og kverka eit elder fleire kristelege Mindretal, og til aa gjera til inkjes ein Prest, som ikkje kunde samstavaast med Menigheitsraadet. Eg veit, at det er dei verkjeleg klerikale (til Dømes Pastor Heuch), som hev den Suti. Eg legg ikkje større Lag paa denne Faaren, for det er ikkje betre, som det no er: ”Altid at vende Hovedet mod et Departement”. Det kann maalbinda og knevla det og, tenkjer eg. Ein treng aldri syta fyr, at Menigheitsraad skulde hava større Prestevelde med seg. Men Folkestyret kunde naa dit det ikkje skulde – det lyt me ogso agta oss fyr.            

 

Dei høgkyrkjelege (klerikale) likar smaatt paa Forslagi um Presteval – baade det, som hev namn etter Jakob Sverdurp, og andre. Sameleids er det med Forslagi um Kyrkjeopning. Og detta viser godt nok, at desse Forslag ikkje er fødde av Klerikalismen. Menigheitsraad likar dei, naar dei kann faa det, som dei sjølve vil, men dei veit, at det vert ikkje nokot av. Men lat dei faa Menigheitsraad etter sitt eiget Hovud – eg trur endaa ikkje, at Presteveldet stod seg paa det i Lengdi, endaa eit slikt Menigheitsraad visst gjorde stor Skade i mange Maatar. Dei høgkyrkjelege meiner, at dei nok skudle styra i Menigheitsraadet, men det kunde henda dei forreknad seg i dette som i so mangt annat. Tidi er ikkje høveleg for Prestevelde.

           

Hev Slagordet Klerikalisme voret brukat i denne gamle og vanlege Tyding, so hev ein ingen Rett aa slengja det mot Vinstremenn, som arbeider fyr desse kyrkjelege Reformar.

 

Men Ordet hev ei nyare Meining og.           

 

Georg Brandes hev altid brukat det paa ein ny Maate. Og fyr nokre Aar sidan skreiv han eit Brev til Dagbladet um ”Naturalisme og Klerikalisme”. Han tok fraa sine Vener her heime. For dei for og tøvde, sagde han. Dei sette upp som Motsetningar: Romantikk og Realisme, Romantikk og Naturalisme, Idealisme og Realisme, Idealisme og Naturalisme. Slikt fannst det ikkje Meining skapt i. Nei dei store Motsetningar, som Striden stod millom, var:Klerikalisme og Naturalisme. Klerikalisme var daa den Retning innanfyre Diktning, Kunst og Tenkning, som altid maatte hava usynlege Magter med, anten det so var Huldr, Djævel elder Gud. – Men Naturalismen visste ikkje av andre Krafter enn dei naturlege. Og dette var det rette Syn. Diktning, Kunst og Tenkning skulde aldri arbeida med andre Krafter enn dei, som fanst i sjølve Mannalivet elder i Naturen. Gav ein Rom aat andre Krafter, so vart det Klerikalisme. Ein hadde ellest Lov til mykje, naar ein stod paa naturalistisk Grunn: ein kunde sjaa ljost elder myrkt paa Livet, ein kunde vera Idealist elder Realist, Lyriker elder Novellist. Rom aat alt, naar ein berre ikkje tok Gud elder Djævel med.

           

Hev Slagordet Klerikalisme voret brukat i denne Meining i vaare Blad. Eg skal ikkje segja det visst, men eg syter fyr, at det hev voret slik og. Daa er eg paa ingen Maate med aa tala um Klerikalisme. Fyr daa vert me ”Klerikalere” alle, som vedkjenner oss Jesu Kristi Namn, anten me er ”reine” Vinstre elder ”Oftedøler”, anten me er fyr elder imot det elder det Forslag um kyrkjelege Reformer.  

                                                          

 

Oddmund Vik.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 08.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum