1886

 

var i mange Maatar eit merkjelegt Aar. For Landmannen og Bonden var det helder godt: Hausten var gild og kom godt inn flestalle Stadar i Landet.

           

 

Skipsfarten var det ikkje rart med, endaa det hev synt seg Teikn til Betring der og.

           

 

Fisket hev det gjenget godt med, serleg no paa det siste.   

 

 

Verst hev det voret for Handelsfolket. Den eine etter den andre hev spelt upp og nokre av dei likaste Handelshusi, i Landet var, hev vortet øydelagde. Verst var det, daa Privatbanken i Arendal ramlad. Det Skridet, som daa kom, vil ikkje verta so snøggt gløymt.

           

 

Ser me paa Politiken, so maa Aaret segjast aa vera godt.

           

 

Like sidan det Sverdrupske Riksraadet vart danat, hev det liksom voret i Myrkret. Det hev ikkje stadet fram, so ein visste kor ein hadde det. No hev dette meir og meir synt seg. I Kiellandsstriden synte det seg temmeleg tydelegt. At Johan Sverdrup kunne vera med aa negta Kiellands Diktarløn, det var umogelegt, soframt han var same Karen, han hev voret fyrr. Men likevæl tagde han seg og let Jakob Sverdrup raada. Det hev meir og meir synt seg, at det er denne siste, som raar i Regjeringi. Ministeriet hev sleget inn paa ein Bakevjepolitikk, som er mykje verre enn den, Høgre fer med. Det er godt, det er komet so langt, at me hev fenget set, kva Veg det ber. Me hev aa retta oss deretter. Ved fyrre Stortingsvalet var ”Tillit til Johan Sverdrup” nok for Vinstre. Det trengdest ikkje meir for aa samla heile Partiet. Men sidan dne Tid hev det meir og meir synt seg, at Tilliten hev minkat av. Kristiania-kulturen og klerikalt Bakstrev hev fenget meir og meir Magt i Regjeringi, og daa er det sjølvsagt, at Smaafolekt ikkje hev noko der aa venta.

 

 

Johan Sverdrup, som Talsmann for Smaafolket og dei underkugad Folkeklassar, hev kvervat burt og ein ny Mann hev komet istaden. Det hev inkje vortet gjort endaa for dei Folk, som bar han upp paa Ministarplassen; men Embætsmenn og Storfolk hev det vortet stettat for.

 

 

Noko av det syrgjelegaste, som hev hendt, var vel ”Beslaglæggelsen” av ”Albertine”. Det var eit Slag i Andlitet paa heile Arbeidarsaki: Arbeidaranne hev i lang Tid maatt set paa, at Døtrarne deira hev gjenget under i Synd og Elende, berre for Skuld Fatikdomen deira. Dei hev arbeidt, alt dei hev orkat, for aa faa betre Tilstand og dei hadde sett all si Von til Regjeringi, som sagde seg aa arbeida for Smaafolket. ”Albertine” var eit Slag mot den offentlige Prostitusjon, eit hardare Slag enn han nokor Tid fyrr hev fenget. Det var eit Innlegg for Arbeidaranne og Smaafolket, so sannhugat som noko. Men Regjeringi tok ho. Ingenting syner so godt som dette, at Sverdrups Vinstreministerium ikkje orkar elder vil orka aa løysa Uppgaava si og difor kann ein helder ikkje halda paa det lenger.

 

 

Partistellingi i Landet hev no vortet klaar. Det finst 3 Parti: Vinstre, Oftedølerne og Høgre. Vinstre arbeider for aa faa fullt Folkestyre i Landet paa alle Leider og vil ikkje vita av nokor Trælking i noko. Forutan Juri- og Hersaki arbeider det serlegt for Arbeidarsaki og krev, at det vert Aalvor av aa lata Arbeidaranne faa Røysterett. Oftedølerne er og med paa Jury- og Hersaki og held dessutan paa og tuslar med Kyrkjelovsframleggi. Dei hev meir og meir synt, at dei ikkje høyrer heime hjaa Vinstre. Høgre held paa med sitt same og det er ikkje Tvil um, at det held paa og veks seg sterkare etterkvart.    

 

 

Med Maalsaki hev det gjenget so av og til. Det er dessverre so der og, at det hev voret mykje store Ord det, dei store Politikkaranne vaare fyrr kom med. Stortinget hev gjort det, det hev kunnat, gjevet Pengar baade til Bibelumsetjing, Lesebok og Maalskular; men skal det verta Aalvor og Tak i Arbeidet, so maa det store Folket taka i for Aalvor. Bokavlen hev aukat gildt dette Aaret: fyrst hev me no Garbrog si Bok, som er kjent nok, dinæst Jens Tvedt si og endeleg hev Mons Litlere gjevet ut fleire Maalbøker. Av Maalbladi er velNoradet, som hev stadet seg best, endaa det er so av og til med det og. Negtast kann det ikkje, at det i det siste hev vortet meir Liv i Maalarbeidet og at det er Von um, at det no vil koma til aa gaa fortare enn fyrr.

 

 

Daa Fedraheimen held seg til det ”reine” Vinstre skal Oftedølerne ha tenkt paa aa faa til eit oftedølsk Maalbald. Det er sagt, at det skal byrja med det fyrste. Det vilde vera gildt, um dette var sant, og ingen vilde gleda seg meir yver det, enn me. Me kjem vel til nappast med det ender og Gong, men naar det talar Norsk, hev me den Trui, at det vil vera meir ærlegt og likeframt og – kvifor ikkje segja det? – meir Folk, ennVestlp. er. Skunda berre paa, Oftedøler!

           

 

I Utlandet er det Bulgaria, som hev voret mest paa Tale. Den Styggjagjerdi, Rusland gjorde mot det, daa det avsette Fyrst Aleksander, kveikte Hatet mot Russland upp hjaa mest alle Folk. Det saag stygt ut ei Tid, men no er det mest, som det hev stilnat av att. Russland hev maatt bøygt seg for den europæiske Folkemeiningi og det er Von um, at Freden kann haldast vedlike.

           

 

Tek ein eit Yversyn yver heile Verdi og ein skal segja, korleis det der ser ut, so kann det ikkje brukast betre Bilæte enn ei Maurtuva. Det yrer og kryp, kor ein snur seg og Uro er det paa alle Leider. I alle Land er det Strid, Strid paa Liv og Daud. Pengarne og Storfolket stend paa eine Sida, Arbeidaranne og Stakkarsdomen paa den andre. Striden hev vortet hardare enn nokor Tid fyrr og det kann ikkje Tvil vera um, at det snart maa koma ei Løysing paa han.

           

 

Det er ikkje ljose Tider for Storfolket me gjeng i møte, men Bønder og Smaafolket gleder seg. Me nærmar oss meir og meir mot den Tidi, daa Likskapen millom Folk vert meir enn tome Ord. Det er kannhenda endaa mykje aa strida mot fyrr det gjeng, men no hev det komet Fart i Arbeidet, so me kann skoda inn i Framtidi med gode Voner.  

 

 

Fedraheimen vil, som fyrr, ganga med det gamle Vinstre og etter Evne arbeida for norskdomen paa alle Leider. Me vonar, at Lesaranne hans vil arbeida for han alt dei kann. Me takkar alle Maalmenner for den varmhug dei hev synt Maalsaki i 1886 og vonar, at dei ikkje vil kjølna av i dette Aaret helder, som no hev byrjat. Takk alle, som hev hjelpt til med Skriving og stydjat Bladstyret paa andre Maatar!

 

 

Me ynskjer alle Maalmenner eit godt nytt Aar!

 

 

 


Frå Fedraheimen 08.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum