Arbeidsskular.

 

Dei er visst svært nyttelege, og det var ynskjelegt, at her maatte koma fleire og fleire av desse gagnlege Skular i stand. Etter Mengdi av slike i Utlandet, (Sverik hev, soframt eg ikkje minnast galet, yver 800 Arbeidsskular), og etter Folkemengdi aa døma, so trong ogso me endaa fleire til. Det visar seg ogso med Søknaden, at her er reint for faae: ikkje meir enn Halvparten av dei, som søkjer, fær sleppa med, og snaudt nok det. Dette syner for ein Del, at Interessa for Husflid og Industri og det kroppslege Arbeid er vaknat hjaa Folk, og eg meiner difor, at her burde gjerast meir for denne Ting. Og skal vaart Folk i dette Stykkje – som i alle andre – koma til aa standa jamhøgt med Utlandet, so er det Arbeidsskularne, som maa hjelpa til.

 

Eg tykkjer ellest, det er galet, som det no er, med Ordningi av desse Arbeidsskularne, at Skulelæraranne skal vera ”fortrinsberettiget”. Det er ein stor Lyte. Skulelæraranne hev si Løn og hev det, som dei skal liva av, og desutan, trur eg, hev Skulelæraranne mykje meir enn nok med aa faa Borni til aa arbeida med Tanken og Aanden, um dei ikkje tek det kroppslege Arbeid med. Mange av Skulelæraranne er ogso berre nokre Dugløysur. Ein heil Flokk av dei er paa Arbeidsskular berre for Moro Skuld. Naar dei daa kjem heimatt, so legg dei sjølve ikkje tvo Pinnar ikross, langt mindre gjera noko for aa verka Lyst og Hug for Husflid og Industri inn hjaa andre. Eg kjenner til fleire Lærarar, som hev voret baade paa eit og tvo Arbeidskursus, som hev det paa den Visi. – Nei, eg trudde, at det var best aa taka dei, som for Anlegg og Interesse hadde dei beste Pass aa framvisa, og ikkje desse Lærarar, som fordetmeste ikkje hev nokoslags ”Attester” for Haandarbeid. Naar Kyrkjedepartementet og dei andre, som hev med dette aa gjera, saag meir paa dette, daa fyrst trur eg, at Arbeidsskularne kom til aa verta betre etter Uppgaavurne sine og snøggare mot Maalet sitt.

 

 

O. I-dson.

 

 


Frå Fedraheimen 11.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum