Ymist.

 

Leseboki for Folkeskulen(ved Det norske Samlaget) er send til Døming aat Stipendiat Hans  Ross  og Professor Moltke Moe.

 

Friplassen  ved Seljors Folkehøgskule er burtgjeven.

 

Reisepengar til Lærarar i Folkeskulen hev desse fenget: Maria Groth, Kristiania, 300 Kr., J. Ringstad, Drammen, 300, H.A. Busland, Moss Landsokn, 300, I. Petersen, Jevnaker, 200, H. Løken, Vang, 300, A. Tollefsen, Lyngør, 200, Just Lende, Haa, 200, Lilla Jørgensen, Tvedestrand, 250, J. Grimelund, Førde, 200, A. Dahle, Lærdal, 250, I. Bøthun, Lekanger, 250, N. Arnetvedt, Bergen, 300, A. Forfang, Klæbu Seminar, 450, M. Dillan, Værdalen, 300, O. Benum, Trumsøy, 500, P. E. Holand, Trumsøysundet, 350, G. Amundsen, Vefsen, 350 Kr.

 

Skeiselauparanne  vaare  hev teket til aa livna uppatt. Han Harald Hagen, som fyrst i fjor vart namngjeten, hev bjodet seg til aa kapplaupa med sjølve Axel Paulsen. Det er um Kongsnamnet og 500 Kr., dei skal tevlast.

 

Johan Svendsen, den namngjetne Tonediktaren vaar, skal no reisa til Paris aa spila.

 

Statsraad  Motzfeldt, som i 22 ½ Aar hev butt i Borre, Jarlsberg, er no flyttat til Kristiania.

 

Ho Gina Krog uppmanar i Framåt  til eit stort Møte um Kvendesaki i Gøteborg til Sumaren.

 

Carl Bock, den namngjetne norske Uppdagaren, hev vortet Varakonsul i Shanghai. Han skal avstad i Slutten av Maanaden.

 

Naar Motstrævaranne morrar seg. I Vestlændingen  eit Høgreblad, som vert styrt av Amtsskulestyrar Karl Aanestad er det ute ein K. Han fortel:

 

En Gut – Søn af en Stortingsmand – kom med en Subskriptionsliste blant andre ogsaa til en Mand, der ligesom de fleste intet vilde yde til Kielland. Hvad gjorde nu Gutten? Jo, han indbildte den gamle troskyldige Mand, at Kielland var en stor og dygtig Modstander af Maalsagen. Er det saa – tænkte den stakkels godtruende Mand – faar jeg vel til med nogle Øre alligevel, og saa gav han til Kielland.

 

Stykket gjeng no att i Høgrebladi, som eit Døme paa, at Maalsaki er umogeleg.

 

Lite skal det til for aa gjera Vogg glad.

 

 

Nye Bøker. Hjaa Fr. Nygaard Bergen, kjem det straks: ”Mannfolk” av Arne Garborgog ”Therese Raquin”, Drama i fire Akter af Emile Zola, oversat af GerhardGran.

 

Ordskifte um Kvalfisket  vart haldet paa Trumsøy 25de f. M. Med Undantak av Stiftsamtmann Kjerschow var alle Talarar samde um, at Kvalfisket var til Skade for Fiskerii vaare. Med stort Fleirtal vart det vedteket eit sovoret Framlegg:

 

Forsamlingen, der anser den tiltagende Ødelæggelse af Hval ved vor Kyst at være skadelig for Sild- og Torskefiskerierne i de to nordligste Amter, anmoder Byernes og Amternes Stortingsrepræsentanter om at virke for en Forandring i Lovgivningen derhen, at Ilandbringelse og Tilgodegjørelse af Hval paa norsk Territorium forbydes i et Tidsrum af 10 Aar”.

 

Jarnbrudlaup(65 Aars Egteskap) vart haldet 31te Oktober av Gardbrukar Einar T. Vekseth og Lisabet Larsdotter i Snaasen. Brurgommen var 91 og Bruri 87 Aar gamal. Dei hev 4 Born, 8 Borneborn og 2 Bornebornsborn. I Brudarlaget var det tilstades 4 Menneskjur millom 80 og 90 Aar gamle. Denne Alderen er ikkje sjeldan i Snaasen. Det finst fleire, som er millom 90 og 100 Aar og for nokre Aar sidan døydde det ei Kona, som vart 102 Aar gamall.

 

Eit Tjovefylgje  hev faret ikring paa Helgeland. Dei hev brotet seg inn hjaa ein Handelsmann paa Tjøtøy og stolet 70 Kronur og nokre Varur. Hjaa ein Handelsmann paa Bjørn hev dei og voret og stolet Pengar og Varur alt i alt for 3-400 Kronur. Dei hev brotet seg inn paa andre Stader og. Nokre av dei er fakkat.

 

Sildi  kjem no til Kvaløyarne.

 

Ein motig Tjov. Ei Gjente hadde fenget seg Teneste paa ein Gard i Strinden. Her ein Kveld sende den nye Husbonden hennar Tenestguten avstad for aa henta Tyet hennar. Paa Baklandet stoppad dei og gjekk inn i eit Hus, der Gjenta skulde drikka Kaffi. Daa dei kom ut att um ei liti Rid, hadde ein Tjov stolet ein Laup, der alt Tyet aat Gjenta laag i. Næste Morgon fann dei Laupen, men daa var han tom.

 

Kolnocky, Utanriksministaren i Austrik-Ungarn, heldt Laurdag ein Tale um det bulgariske Spursmaalet. Det var alle Stormagter sin Skuldnad aa sjaa til, at Berlinertraktaten vart halden soleis, at Bulgaria fær Løyve aa vera fritt og sjølvstyrd. Slik som den russiske Utsendingen, Kaulbar, hadde faret fram, hadde berre gjort alle Folk sinnad paa Rusland og varmhugat for Bulgararne. So lenge Berlinertraktaten vert halden, so lenge er det inkje aa ræddast for, og skulde han verta broten av nokon, so er alle Stormagter einige um aa hevda han. Han hadde den Voni, at alt vilde roa seg paa ein fredeleg Maate.

 

Um Prins Valdemar vil verta Fyrste i Buglaaria er det ymse Meiningar. Sume meiner, at Russarkeisaren ikkje vil vita noko av han, etterdi han er valt av Sobranjen, og andre meiner, at det er berre Politikk av Rusland. Soleis skriv det danske Blad Politikken, at det, som hende paa onsdag, var noko, dei lenge hadde trutt paa. Keisaren av Rusland ynskjer aa faa Valdemar i Bulgaria, og han berre lest som han ikkje vil, av di han vil faa heile Europa med paa det.

 

Lordmayorsdagen(9de November) hadde dei ventat stort Staak av Sosialistarne i London, men alt gjekk rolegt til.

 

Paul Bert, den namngjetne franske Politikkaren og Statsmannen, døydde i Tonkin sist Torsdag. Han var med i det store Ministeriet hans Gambetta og næst denne, hev han gjort mest for Folkeskulen i Frankrik. Daa det franske Stortinget fekk høyra, han var daaen, sluttad det straks.

 

Prins  Valdemar  vert ikkje Fyrste i Bulgaria enno. Far hans hev telegraferat til Bulgaria og sagt, at han ikkje nokann vera med paa det.

 

Til Likferdi hans Paul Bert  gav det franske Stortinget 10000 Franks. Ekkja fekk 12000 um Aaret.

 

Mord i Sverik. Fraa Mora vert det telegraferat Laurdag: Gardbrukar Bjøns Olaf Malson i Faamaas, Mora Sokn, laag i Dag drept i Sengi si. Hake og Tindingar var sundslegne. Skatollet var uppe. Mannen, som budde aaleine var rik og hadde nettupp mange Pengar hjaa seg.

 

 

I Rusland er det eit snodig Bladstell. Eit Blad, som vert styrt av ein privat Mann, hev vondt for aa greida seg, kor godt det vert likat av Lesaranne sine. Ein Brevskrivar til Køln  Zeitung  fortalde, at det i 1883 var til saman 272 Blad i Petersburg og Moskau. 136 av desse vart styrde av Militære elder andre Slags Embætsmenn. 36 av Utgjevaranne høyrde heime i dei høgaste Folkeklassar, Generalar, Statsraadar, hadde voret og verkelege Statsraadar. Det ser soleis ut til, at Sverdet hev meir aa segja i eit russisk Blad, enn ein god Pen. Difor er det og so raakande sagt um dei russiske Bladi: ein fær ikkje Greide paa, korleis Folkemeiningi er, men berre korleis dei styrande vil, ho skal vera. Soleis var det for tri Aar sidan, og det er ikkje Grunn aa tru, at det er stort onnorleis no.

 

 

Den lovgjevande Forsamling i Vermont Amerika hev gjevet alle Kvende, som betalar Skatt, Røysterett.

  

15000 Slagtargutar i Chicago hev stansat Arbeidet sitt, daa dei ikkje fær den Løni, dei vil hava.

 

Ein framifraa stor Dampar hev ein amerikansk Professor tenkt ut. Han skal vera so lagat, han kann fara millom Amerika og Europa i 3 ½ Jamdøger. Karen gjeng ut fraa, at til lengre eit Skip er, til svintare gjeng det, og soleis trur han, at naar det vert 800 Fot langt, so skal det kunna gaa 75 Km. i Timen. Drivkrafti skal vera 250,000 Hestekrafter, og det kjem til aa bruka 35000 Tons Steinkol i Timen.

 

 

The Singer Manufacturing Co. New York.

 

Da der i Handelen frembydes, under Navn af “Singer-Maskiner”, “Singers System”, “Singers forbedrede” m. m., flere Sorter, til dels meget slette Efterligninger af vore anerkjendte Original-Symaskiner, saa gjør vi herved opmærksom paa, at alle vore Symaskiner bærer Firmaets hele navn udsat i Guldbogstaver paa Armen og indstøbt i Trædemaskienrnes Stativ, samt er desuden forsynede med hosstaaende Fabrikmærke.

 

Vore Symaskiner er de enkleste, hensigtsmæssigste og varigste, der existerer.

 

The Singer manufacturing Co.

 

Christiania, 24 Kongens Gd. 24

Bergen, 12 Strandg. 12

Throndhjem, 37 Strandg. 37.

Arendal,Wagles Bazar.

 

 

Fabrikmærke THE SINGER MFG.CO. N. Y. TRADE MARK Fabrikmærke.

 

 

Husmanden”,

 

Blad for Husmenn og Tenarar paa landet kjem ut paa Lillehamar ein Gong um Vika  og kostar Kr. 1.25 for Halvaaret.

 

 


Frå Fedraheimen 17.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum