Skreppe-Magnus

 

(Av Ville).

 

 

Alle kjende dei Skreppe-Magnus, han med den store skeive Nosi og dei myrke Hengjebruni, som kvelvde seg so morskt yver eit Par kvasse Ormeaugo.

 

Kvar helst han nettupp var fraa, hadde flestalle Folk visst lite Greide paa. Sume meinte, han var fraa Hallingdal, andre at han var Vossing; dessutan var der dei, som heldt han for aa vera svensk elder finsk elder jydsk elder noko anna sligt stygt noko.

 

Men dei, som hadde det med aa tvila paa alt dette, berre smaakinkad med Hovudet og saag løyndomsfulle ut, naar Folk kom til aa røda um Skreppe-Magnus og Heimstaden hans, so ein fekk liksom ei Kjensle av, at dei visste noko sers um den Greida desse, som dei ikkje nettupp vilde skulde koma upp i Høgmæla. Berre ein og annan lausmunnad Stampen kunde gongimillom ymta so smaatt um ”Jerusalems Skomakar” paa ein sovoren Maate, at det var greidt aa høyra, dei meinte Skreppe-Magnus.

 

For det var det: gamle Folk heldt paa, at Skreppe-Magnus i alle dei Herrens Aar, dei hadde kjent honom, ikkje hadde forandrast eit fjukande Fjom. Han hadde berre gjenget yver fraa Hestehandlar til Kraamkar. – Men Kvakksalving dreiv han, og hadde han drivet solengje Folk kunne minnast.

 

Slik han gjekk der gardimillom tvikrokutt med den store Skreppa paa Ryggjen og langt Lurvehaar, som hekk nedyver Øyro og Hals likt Geiteragg, saag han mest ut som ein Villmann elder eit Udyr; men likevæl var han vælsedd ikkje berre av ein og annan Gamlingen, som turvte nye Massingknappar i Broki si, men mest av Gjenturne, som skulde ha Ullturklæd elder Silkjeplaagg elder raude Skillingsband i Stakkarne sine.

 

 

Ellest maatte han slutta med Silkjeplaaggi no, daa Lensmennerne vart so gløgge og grannvarne, at det var raadlaust aa berga seg utan aa verta mulkterat. Jamt og samt hadde han daa ogso Skrønur aa fortelja um Møti sine med desse ”Satans Sporhundar, som allstøtt sleng i eins Fotefar verre enn Svarten sjølv, so gløypne og griske og graaduge, at dei gjerne kunde flaa Flugefoten”.

 

Det var ikkje vandt aa høyra, at Skreppe-Magnus eingong i Tidi hadde haldet seg til Boki, for han visste Greide paa mangt og mykje baade i Bibelen og ”Sjælens Luth” og ”Sakso Grammatikus”, men fyrst og framst i ”Nordlands Trompet”, den han mest kunde utor. Peter Dass var ogso den Mannen han hadde mest Age for. Slik Kar til aa gjera Salmar og Songar og Visur og Vers av alt det, som nemnast kann, hadde ikkje voret i Noregs Land. Men so var der helder ikkje nokon, som betre enn Skreppe-Magnus visste Greide paa alle dei Teikn og Bisn, Peter Dass hadde gjort baade i Kaupenhamn og uppe i Nordland, der han hadde voret Prest.

 

Og slik som han kunde fortelja baade um det og mykje anna. Ordi gleid utor Munnen hans som or ein Sekk, og han kunde leggja slikt Liv inni dei, at heile Forteljingi liksom vart livande og speglad seg av framfor Augo paa ein. Og so var det det og, at han ikkje altid heldt seg nettupp til Teksti. Han kunne soleis under Utgreidingi av eit koma inn paa alt mogelegt anna, og det var mykje det, som gjorde Sogurne hans so forvitnelege.

 

Han sat nettupp og la ut um Domkyrkja i Trondheim, ”ei stor Guds Forunderlegheit, som klaarare enn alt anna provar, at Menneskja hev Guds Bilæte, endaa Bispar og Prestar og Provstar og Skulemeistarar og heile Kyrkjeslenget segjer, ho hev mist det”.

 

Han hadde voret inne der ei Jonsokhelg, han var paa Marknaden med Hestar. Det var endaa den Gongen, han tapte fem Dalar paa Husabysvarten, og daa han fekk tolv Skilling av ein Taterslask for aa dengja ein Konstabel.

 

Daa han kom inn, og alle sju Apostlarne stod der livs livande kring Veggjerne og glaapte paa han, totte han mest det var fælsklegt aa vita seg i so heilagt Selskap; difor tenkte han, det var best aa koma seg burt att vonom snøggare. Men so fekk han sjaa ein stor diger ein, som stod liksom aa fiktad med Armarne burt paa Altaret. Det maatte vera Goliat, for um honom hadde han leset, at han var ”to Mand høi, fire Mand drøi”. Daa vart han liksom modigare av seg; for han totte det, Skreppe-Magnus, at kunne den arge Filistaren vera der, kvifor skulde daa han, ei kristna Menneskja, vera rædd?

 

Men verre vart det, daa han saag burtyver mot Trevet. Der stakk tri fæle Mannahovud seg fram og gleipte og grein og vrengde Kjakar, so ein kunde faa Hjarteklapp av aa sjaa paa dei berre. Det var liksom ein skulde staa og klypa dei reint syndugt i Øyro for noko fælande vondt, dei hadde gjort. Han trudde, det maatte vera Saul, Akitofel og Judas – dei tri, som selde Jissus til Potifar for tjuge Sylvpeningar. Og so skulde det vera St. Olav sjølv, som hadde sett dei der i Klypen aat den Vonde til Minnelse og Skremsle for alle Prakkarar og Hjarteløysur.

 

Men no kom Skreppe-Magnus inn paa ei anna Tankestemne. Folk tenkte og trudde so mykje paa den Vonde. Korleis var dei komne paa det tru? Han hadde no voret ilag med alle Slags Gudløysur baade Frimaurar og Taterfantar og Fritenkjarar; men aldri hadde han set Liknelse til sik ein Stygging som den, dei hev skildrat av i ”Hjertespeil” med Hestehov og Bukkebein og Klør og ei Nos som eit Smiested.

 

Han hadde no alltid høyrt, at Bibelen skulde fortelja so mykje um den Vonde; men eingong, han kom ilag med ein svensk Hestedoktar, fekk han vita Sanningi baade um det og meir anna. Fyrr han slik slo seg paa Rangel – Hestedoktaren – hadde han tenkt aa verta eitkvart, Prest elder noko slikt; difor hadde han gjenget nokre Aar – Skreppe-Magnus kunde ikkje nettupp minnast, um det var paa Kometen elder Varsiteten -; der hadde han leset Bibelen baade paa gresk og katholsk; men trur du der stod noko um den Vonde? Og det var no dessutan noko, Skreppe-Magnus liksom hadde visst utor alle sine Dagar.

 

Hans Meining var, at heile Djevlekomersen berre var noko Tull, som Prestarne hadde funnet upp for aa skræma Folk til aa ofra.

 

Men Djevelskapvar der nok av i Verdi baade Huldrefolk og Trollkjeringar og Tuftekallar, det me alle greidt og klaart kann sjaa av Sakso Grammatikus, ”som saag ut til aa ha djup Innsigt i all Guds Løyndom og Viderverdigheit”.

 

Men likevæl er der dei, som held det berre for Ovtru og Lygn og Skrøn, naar han fortel um alle desse, som kokad Seid og lagad Trolldrykkjar og all annan Fanteskap; men kva er slikt anna enn Vantrui, som ikkje vil bøygja seg for det, som skrivet staar med reine og klaare Ord?

 

Me veit alle det, at det vart gjort berre for aa freista kristne Medmenneskjur til alle dei Villur og Vrengjur og meiningslause Galskapar, som tenkjast kann og væl so det; men difor lyt me tru paa det, me likeso visst som Taterar og Tryntyrkar og Proselyttar og alle andre katolske Mahomedanarar.

 

Han hadde eingong havt Fylgje med ein Fant – just slik ein egte Fant, myrkleit, med biksvart Haar og ville gløyrande Tateraugo. Hjaa honom hadde han faat Greide paa mange underlege Ting og Væsen, han fyrr hadde trutt var Løyndomar, som me forvrengde og synduge Menneskjur ikkje kunde utgranska elder ransaka ”her i denne Verdens Grædedal”.

 

Forutan paa Sakso Grammatikus grunnad han Læra si um Trollskap paa denne Bøni, som han ogso hadde lært daa: ”Fri og bevar kvar ærleg Fant fraa Hulder og Bulder, Tusseslit og Vargebit, Fivelskot og Skryloggraat og jordfaste Steinar, som trillar i Bakken, og allehaande Dyr, som krabbar i Marken”, for, meinte Skreppe-Magnus, korleis kann ein beda um aa verta friat frå all slik Trollskap, naar der ikkje finst slik Trollskap til? Han vilde sjaa den, som kunde greida ut ein slik Floke.

 

Men det var noko i den Fantebøni, som han med alle sine Funderingar og Grubliseringar ikkje kunde utgranska elder forstaa, og det var kva Fivelskot skulde tyda. Han trudde, det maatte vera eit av dei Begrip elder Eksempler, som ikkje kvar og ein tolde aa vita full Greide paa. Difor hadde han sluttat med aa granska yver sovorne Løyndomar no, daa han meinte, det berre var til aa freista Gud.

 

Dessutan turvte ikkje me um aa liggja aa grava i Bøker elder frega Fantar for aa verta fullvise paa, um der er Trollskap til i Verdi elder ikkje. Han trudde, kvar kunde lita seg med sine eigne Røynslur i det Stykkjet. Og so byrjad Skreppe-Magnus med aa fortelja endelause Skrymtereglur so fæle, at det reint gryste i ein.

 

Soleis fortalde han og:

 

Det var eingong i den Tidi eg foor med Hestar. Eg kom nettupp stabbande hityver Kaldhuseidet. Eit Bikkjever var det og stumande myrkt, so ein ikkje kunde sjaa Neven for Nosi. Men Skreppe-Magnus’en la ikkje slikt so hardt paa Krossbeinet sitt i dei Dagar. Eg hadde nettupp voret burte hjaa han Sjurd Kaldhus og selt den svarte blesute Mærri, eg bytad aat meg paa Markanden for sju Kalveskinn og ein Dram. Det vilde vera Synd aa segja, at ho var lytelaus, og um eg sa det, vilde ho visst snu seg i Legestaden, der ho kviler; men so gjekk det no, som det gjekk og. Tri Dagar etterpaa maatte Sjurd’n drepa henne, for ellest hadde ho nok lurt han for Pylseblodet kannhende. Mi store Lukke og Ulukke var, at eg kom til Kaldhus med Mærri i Myrkningi og fekk soleis mine femtan Speisidalar uprutande paa Labben og tri Drammar attpaa, so eg var paa ein høveleg Trall, daa eg tok paa Vegen, for dei var ikkje namngjetne for inkje Drammeglasi aat Kaldhusen.

 

Eg var komen nettupp midt upp paa Kaldhuseidet, der den store Fura stend tett med Vegen. Best det var høyrde eg ein Smell og ein Gnell og ein Bresting, so eg trudde Jordi klovnad, og det vart so ljost, der eg stod, at eg kunde sjaa Eitermauren geispad paa Fureleggjen. Og attaat alt anna ei Illskriking og ei Gøying og ei Styggelæte, som um alt skrikande og gøyande og laatande hadde samlast der. Fyrst vart eg rædd, som ein kann skyna, og trudde, at no skulde eg knipast for alt det galne, eg hadde gjort i mitt arme Liv, og det visste eg var mykje. Men so tenkte eg med meg at det var no ikkje verdt aa gjeva seg yver altfor braatt helder. No visste eg det, at einaste Raadi er aa visa slik Fanteskap Vintervegen. So lyste eg daa Vælsigningi yver heile Komersen og ynskte dei av mi innarste Hjarterot Vælfar til heitaste Holet. Men daa kann du tru det vart Kryssjing i Lufti. Det var liksom ei gnellande Skreid av sprakande Eldgneistar, som foor sjogande burtyver mot Kvanndalen, der Nordanvinden kjem fram”. – Difor trudde ikkje Skreppe-Magnus, at ”heitaste Holet” var nedi Jordi, som Prestarne meinte, men ein Stad langt nordpaa, i Finnmarki elder der ikring – ”for korleis kunde Kvænlappar og almendelege Folk og Russefinnar herda det der uppe i Gnellfrosten, dersom der ikkje var noko i Nærleiken, som vermde dei upp?” sluttad han.

 

 


Frå Fedraheimen 17.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum