Fraa Vestlandet.

 

(Av Olav Timbremann).

 

 

Det hev lenge rivet meg i Tanken aa senda eit lite Skriv til Dykkar Blad, men daa eg som flestalle andre ”Korrespondenter” kunne verta Klander og Sneidord baade for det eg skriv og for det eg ikkje skriv, so tenkte eg det er best lata det vera. Lat dei kjekla som Hug hev. Men so trur eg naturlegvis, at kva eg kann hava aa bera fram, det er slike Visdomsord, som andre ikkje kann hava korkje tenkt elder trutt, og kvifor skulde eg daa setja mitt vesle Ljos under ei Skjeppe og ikkje lata andre faa sjaa det? Nei eg lyt plent syna fram dei store og djupe Tankarne mine, og dermed legg eg iveg. Um Vedret her vest vil eg ikkje segja noko vidare, for det er Von dess, at de Austlendingar er like glade um det er Storm og Vaatvedr her, naar dei berre hev godt Vedr sjølve. Det er sume, som tykkjer det er leit dei so sjeldan ser Brevsendingar herifraa i Fedraheimen, men det kjem vel av, at me hev det so annsamt med aa berga Høyet vaart og aa driva med Sildegarni og anna Fiske, so me ikkje hev Tider til aa driva paa med Bladskriving, og det tykkjer me er bra, for det løner seg betre aa berga Avlingi og kverka Sild, enn sitja kjenna etter Skriveklaade. Dei kann skyna av dette, at me er fælande materialistiske her vest. Aaja Maten lyt vera viss, han. Naar me so hev gode Tider, so tenkjer me paa litevetta aa nøra Sjeli og, for dei gjev oss det Lovord i V. G., at me er gudelege Folk herikring. Um det er so, skal eg ikkje segja, men mykje Sjeleføda fær me ikkje av Avisurne, det eg veit av, so lyt me leita oss i andre Bøker og Blad. Her er daa likevæl nokre, som meiner, at Menneskja hev ingi Sjel, det er ei ny Sekt, og det kjem væl med, so slepp me syta for det. Um denne nye Læra hjelper oss langt fram, er eg i stor Tvil; eg trur mest det er ei Skarvelæra, som aldri gagnar oss det Slag. Er det likevæl so, at dei, som trur dette, er hjulpen sjølve med den Trui si, so er det vel for dei. Um Politikken og den Røra, vil eg helder ikkje skriva noko vidare, berre nemna, at mest alle er ”Oftedøler” herikring Strendarne; ”nationalliberale” var vel høvelegaste Namnet. Det ser ogso ut til aa vera med oss her som med Grisen, di meir dei bannar honom dess betre trivst han. Herum er det ellest lite Kiv og Kjekl hjaa oss; me taka det med Ro og let Ulvarne tuta; men Folk flest veit kva dei vilja. Det vert so smaatt ymta um, at ”Oftedølarne” no snart vil freista med aa stifta eit ”politisk Parti”, og er det so, er det væl ikkje fortidlegt. Men gjer dei det, so ottast eg for, at det snart vil verta eit baade stort og stærkt Parti paa Vestlandet, soframt dei kann setja ein mann i Brodden, som det er noko med. Stjørni skulde vera i Bergen, meina dei. Ellest veit ikkje eg noko meir um det; dei um det.

 

Dei nye vitenskaplege Resultater, som Kr. Janson, Darwin og fleire andre lærde Karer, skryter av, skyna me oss lite paa, som rimelegt er. Fiskarar og Timbremenner plar ikkje brjota sitt Hovud stort av seg korkje for Hovud elder Hjarta. Me veit berre, at det er mesteparten gamle Tankar og Truer, som dei no kokar opp att og gjev ut for nye, og me vonar desse ”Resultater” vil snart verta gamle og avlægs att. Det er naturleg nok likevæl sume, som takar det for godt og trur paa det, slike som helst takar Tankar paa Borg, og som finner dei gode til aa leggja mot Kristentrui med; flestalle trur no einfaldugt og beint fram, at Gud og Kristus framleids er det dei hev voret fraa gamall Tid, og dei gjer vist best i det og kann takka til, at Gud er til enno og vil hjelpa dei, som trur paa honom og elska honom.

 

Som De ser, er eg lite skrivefør, og er dertil so upptamd med Dansk, at naar eg skal skriva mitt Morsmaal, vert det mange Veilor. De lyt difor, soframt De vil taka denne Brevsendingi inn i Bladet, vera so bra aa retta dei Ord og Vendingar, som er altfor mykje galne, og vil de ikkje det, lyt Lesararne orsaka meg og ikkje skriva Veilorna paa Bladstyraren si Reikning.

 

 


Frå Fedraheimen 17.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum