Endaa ein kritikus

 

(Del 1 av 2.)


elder domar er ute i Fedraheimen  og slær paa stortrumba um maalet i Dag. Han kallar seg Sivard og er ikkje tyd, skal eg tru. Han kjem, so det stend musket fyre honom. Han læst vera overlag lærd, daa han fortel, at han heve leset paalag alt, som heve voret skrivet paa norsk maal radt fraa 1646 ”tess no”, og ”Ramnebrudlaupet i Kraakelund” heve han leset paa vendisk, nygresk, hollandsk o. s. fr.

 

Det maa soleides vera ein heil professor, som eg er so hæv aa føra strid med denne gongen. Og han er ikkje aa skjemta med; han bruker fyndarlege ord. Det er ikkje maalform  i Dag, som han klandrar paa; nei det er maalet  der, som er so reint burt i stauren. Men dei prøvorne han kjem med heve han nog røkt og leitat etter ei stund. Dei er ikkje fraa den sidste maanaden, ikkje fraa iaar eingong; dei fleste er fraa ifjor  sumar og fraa eit einaste stykke, som hr. Sivard dessutan maa vita er beint umsett fraa dansk, for det vart sagt i Dag(Sida 42, 2). Hr. sorenskrivar Qvam heve skildrat den engelske juryen, og dette sette Dag  um. Umsetjingi var vand nog, for det bar inn paa emne, som knapt er umhandlade fyrr paa landsmaal. Eg vilde gjerna hava med allting, og det er ikkje so lett i slike tilfelle, naar ein ikkje tøygjer maalet so langt det held. Ein treng berre um aa peika paa Ivar Aasen sine Umsetjingar paa framande maal; det vert ofta tungt, naar ein ikkje skal fuska og kasta burt helvti. Det er difyre ikkje nokot under, at Sivard finn, at dette stykke i Dag  er ”dansk umsett paa norsk”. Men naar han held det fram liksom prøvor paa maalet i Dag, daa hermer han sume motstandarar aat maalsaki, som taka ut vande smaastubbar or maalbøker og segja: Soleides ser landsmaalet ut.

 

Men hr. Sivard liver i ei falsk tru, vist han meiner, at eg set um fraa dansk, naar eg elles skriv landsmaal. Eg skriv det same maalet, som eg bruker i talen paa skulen og i heimen min, der det berre  vert snakkat bygdarmaal (vestlands- og trøndermaal) og landsmaal. Daa er eg rædd fyre, at det er verre med dei maalmennerne, som bu i hovudstaden.

 

Umfram det stykket, som er umskrivet  fraa dansk etter Qvam si skildring, - det fortel ikkje Sivard – er det endaa eitkvart, som den lærde domaren tek fat paa, og som eg lyt svara paa.

 

Det er alltid leidt i ein slik strid aa orsaka seg med misprentingar. Og i Dag  trur eg ikkje det er verst med den tingen. Men i den fyrste setningi hr. Sivard kjem med, er det so tydelegt misprenting, at eg tykjer hr. Sivard maatte sjaa det. Han hermer denne setningi: ”Dei, som skulde hava det nærmaste tilsynet med at logi vert etterkomi, er naturlegvis presten”. At ”dei” her er misprenting fyr ”den”, skal de ikkje vera so vandt aa skyna, allrahelst fyr Sivard, for han veit det, som kom strakst etter i Dag: ”Men oftaste er det vel so, at presten  ikkje sjølv kjenner til det norske maal. Han  heve lært latin o. s. fr”. Allstad er det berre eintal. Hr. Sivard maa hava voret myket uppraadd, og det maa leita sterkt paa, naar han lyt triva etter slikt eit litet halmstraa. Likaeins er det med ”evnor” og ”evnar”, som han talar um. Det skal alltid  vera ”evnor” i Dag, for det segja me um givnaden. Hr. Sivard skal faa nettupp tvo misprentingar i sitt stykke i byte fyr dette. I stykke hans stend det i fyrste spalta ”ord” og ”eg har sett  paa utviklinga”, i andre spalta stend det ”or” og ”eg har m. a. set  visa”. Endaa hr. Sivard er utstød nog i skrivemaaten, vil eg tru, at dette er misprenting.

 

Men so tek hr. Sivard fat paa ting, som ein ikkje skulde tru ein sovoren lærd mann til.

 

Soleides klandrar han, at det i Dag  vert brukt ”kamp” um strid. Det er trøndergutar, som hava brukt dette ordet; men daa ”kamp” er likso aalment i Trøndelagen som aa ”kampast”, heve eg latet deim bruka det jamsides med strid.

 

Andre ting, som Sivard klandrar er: ”vistnog”; men daa mange maalmenner, ogso Ivar Aasen, bruka dette ordet, tenkjer eg, at Dag  kann bruka det med.

 

Vist” som bindeord (= um) bruka me allstødt i daglegtalen, og det er eit lettvint ord, som gjerna kann koma i bruk i skrift. Derimot saag eg i sumar i eit blad, at det stod ”kvis” (”kvis du vil” = ”vist du vil”); men det ordet høyrer nog til dei heimlausingarne, som hr. Sivard ikkje heve klandrat paa i stykket sitt, endaa denne heimlausingen er frukt fraa iaar. Hadde Dag  komet med slikt, daa hadde det voret tid til aa ropa paa ”maalfusk”.

 

Den lærde Sivard vil fortelja folk, at ”munarlege framstig” ikkje er norsk.

Munarleg” er ikkje adjektiv, segjer han.

 

Skulde ein hava høyrt slikt?

 

Den lærde Sivard fær vist lesa uppatter det, som heve voret skrivet paa norsk maal, radt fraa 1646, so vil han vist finna, at der er eit adjektiv, som heiter ”munarleg”. For aa spara seg ein grand utav bryet kann han byrja med Ivar Aasens ordbok og deretter lesa til eks. Ivar Aasens dikt um klokka (etter Schiller). Eg ynskjer honom til lukka med ”den munarlege fengdi” han daa vil faa fat paa. Og so fær eg høyra, at ”lærnaden” helder ikkje er norsk. Skulde du hava høyrt ramare? Ordet er ikkje innført i Aasens ordbok, men i fullt bruk i ytre Nordfjord og det beste ordet ein kann ynskja seg istadenfyre ”undervisning”.

 

I snarheiti” skal helder ikkje vera norsk. Ja, daa er det vel ikkje norsk, dei snakka paa desse kantar, for her er det i jamt bruk i maalføri.

 

Etter dette skal eg gjerna skjenkja hr. Sivard den ”bljuge forvirringi”¹).

 

 

(Sluttar.)

 

¹) Og likaeins ”samse”, som vist alltid byr vera ”sams” (eigenl. gen. av sam. n. (?) smlkn. dsk. fælles): - Sjaa likvel V. G. 29-1-84 og Norsk Blandkorn  III K. Knudsen) Side 304. ”Ein kunde bli samse”. (?)

 

 


Frå Fedraheimen 17.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum