Ymist.

 

 

Framstig for Norsken.Stordaad”, Forteljing av Arne Garborg, er umsett paa Tysk (av Marie Hertzfeld) i Neue Illustrirte Zeitung,Wien.

 

 

Den Ensomme” skal ikkje vera rette Namnet paa det nye Skodespelet aat Ibsen. Det er ingen annan enn han sjølv, som veit Namnet endaa.

 

 

Teatret og Livet. Fleire unge Damer skal etter at dei hev set ”En Hanske” spilat, sjølv ha ”kastat Hansken” til Kjærastarne sine, skriv Verd. G.

 

 

I Kristiania Arbeidarsamfund hev dei haldet Ordskifte um Marknaden i Byen. Alle var samde um, at det var ikkje minste Gagnet idet, men at det berre gjorde vondt paa fleire Maatar. Difor burde det verta upphevat.

 

 

Paa Akershus Festninghev dei ikkje lenger Tru paa Folket sitt. Dei hev no fenget seg ein stor Hund til aa passa paa, um nokon freistar aa ryma burt. Det er trulegt, at han vert meir aa lita paa enn Vakti hev synt seg aa vera.

 

 

EiHandelsforeining vart 4de Novemberstiftat i Hønefos.

 

 

Eldlaust paa Landsbygdi. Stensby Møllebruk, som ligg 3 Km. fraa Minne Stasjon, brann ned ei Natt i denne Vika. Det var assurerat for 28,000 Kr. Korleis Elden kom upp, er ukjendt.

 

 

Skulen hans Torp for vaksne Gutar byrjad 20de Oktober med 21 Elevar. Næste Aar skal det haldast Skule for vaksne Kvende.

 

 

So godt Oktobervedr, som det no er, hev det ikkje voret paa lang Tid ikring Haugesund. Vedret hev voret rolegt og mildt, og av Oktoberstormarne hev det voret lite.

 

 

Sellsmyrarne i Gudbrandsdalenskal etter Opl. A. verta upptappat. 6000 Maal god Jord vil vinnast paa den Maaten.

 

 

Chr. Bruunskal i Vinter halda Fyredrag um dei kyrkjelege Reformar paa Hadeland.

 

 

N. Skaarhev sluttat som Lærar paa Folkehøgskulen hans Helleland i Ullensvang.

 

 

Gudbrandsdølerne ser ikkje ut til aa elska Prestestyre, skriv Samhold. Her er nokre Døme fara Dalen:

Til Valet paa Utsendingar til Stiftsmøtet møtte det i Sell – ingen.

 

Det moderne norske Pavedømet hev altso ikkje mange Vener der. Det same Sellsfolket tok og og sette Presten ut av Styret for Boksamlingen. Tri andre – S. Bu, S. Blekastad og S. Veggum – vart valde.

 

I Vaage gjekk det likeins. Amtskulestyrar Stokkeland, Sakf. Krogh og Lækjar Ørngaard vart valde. Presten fekk – ei Røyst.

 

 

LeivSansdalen hev nyleg spilat paa Moss. Mange Folk var tilstades og høyrde paa han. Dei ser ut til aa vera meir nasjonale der enn i Kristiania.

 

 

Eit Mistak. Lars Oftedal fortel m. a. um Upphaldet i Tromsøy: Eg hadde tenkt, me skulde byrja med aa syngja: ”Sørger du endnu min Sjæl”. Ho stod paa Side 324 i dei smaae Bøkerne og No. er 380. – Ved eit Mistak hadde eg skrivet 324 istadenfor 380, og Kyrkjelyden song:

 

Pengene, som Judas slængte

 

I de onde Præsters Skjød o. s. v.

 

 

Presten A. Høyer var Ordstyrar paa Stiftsmøtet i Trondheim. Det var han, som eingong kallad Statskyrkja ”Satans Synagoge”. Korvidt det var for det, han vart Ordstyrar, er det ikkje sagt noko um.

 

 

Drap i Valders. Gardbrukar i Etnedalen, Ole Olsen Solbrækken vart 21de Oktober stukken i Underlivet med ein Kniv, so han døydde. Drapsmannen var full.

 

 

Bladstyrar Tengberg fraa Stockholm vart den 7de, medan han var paa Reis, raakad av eit Revolvarskot i den vinstre Armen. Dei trur, at det var Hemn for nokre Stykkje, han hev skrivet i Bladet sitt.

 

 

Utførselenav Sauder fraa Island til England gjeng det godt med. I Fyrstningi av Oktober kom det ein engelsk Dampar fraa Island til Newcastle med i alt 2,361 2aars gamle Sauder umbord. Dyri hadde tolt Reisi betre enn ventande var. No nettupp er det komet ei ny Sending paa 4000 Sauder til England.

 

 

Prins Waldemar av Danmark vart Onsdag valt til Fyrste i Bulgaria. Den, det no kjem an paa, er, korleis Rusland stellar seg til dette.

 

 

Rovmord midt paa Dagen. I Kaupenhamn vart ein Vertshushaldar drept Kl. 1 Middag av ein Ungdom, Mordaren er fakkat.

 

 

Den franske Regjeringihev gjevet 150,000 Franks til Uppføring av eit Taarn til Verdensutstellingi i Paris 1887.

 

 

Kva Regjeringi kostar ein Time. I ei liti Bok, som nyleg er komi ut i Paris, er det utreiknat, kva Regjeringarne i Frankrik i dette Aarhundrad hev kostat for Timen. Konsulatet og det fyrste Keisardøme kostad 115,000 Frks., Restaurasjonen 119,000, Kongedømet hans Ludvig Filip 150,000, Republiken i 1848 173,000, det andre Keisarstyre 389,000, Regjeringi no til 1882 404 og sidan 463 Franks.

 

 

Hai i Nordsjøen. Tvo danske Fiskarar saag her um Dagen ein Hai, 8 M. lang i Nordsjøen.

 

 

Keisaren av Austrike uttalad i Trontalen Von um, at det straks vilde verta rolegt att i Buglaria.

 

 

4 Menneskje vart nyleg yverkøyrde paa Jarnvegen ved Helsingborg.

 

 

Ein polsk Adelsmann kom nyleg paa den snodige Tanken, at alle Tenarne og Arbeidararne hans skulde læra Fransk. Lærarar vart leigde, og kvar Vika vart det haldet Eksamen. Undervisningi byrjad i Mai d. A., og det er sagt, at det av tvo Tenarar er gjort store Framstig paa desse 6 Maanar.

 

 

Tunellenmillom Kaupenhamn og Malmøy vert det inkje av.

 

 

15000 russiske Soldatar stend ved den polske Grensa.

 

 

Det prøisiske Militærstelleter so framifraa, at berre i 8 Maanar hev 149 Soldatar drept seg sjølv.

 

 

Kvendesaki i Rusland.For 10 Aar sidan vart det sendt Søknad til Keisarfrua um aa lata Kvendi faa halda offentlege Møter. I desse Dagar er det endeleg komet Svar. Kvendi skal hava Løyve aa halda offentlege Møter, men berre um Totalsaki.

 

 

Brann i eit Skip. Ein tysk Galias, som var paa Reis fraa Bremerham til Helsingbrog med ein Ladning Parafin, kom 2dre Nov. inn til Nordfjord ved Soggendal for Storm. Natt til Torsdag merkte Styrmannen Røyk framme i Skipet, og Elden fekk straks slik Yverhand, at det var snaut nokk Mannskapet fekk berga seg iland. Dei trur, Elden hev komet upp av seg sjølv.

 

 

Samfundselende i Pest. Her ei Natt fann ein Politiembtæsmann ein Vagteld paa den øvste Donau. Kring ein stor Eld var det uppstuvat ein Mengde daarleg Husbunad og paa Steinbrui laag elder sat Menn, Kvende, Oldingar, Born og Mødrar med Patteborn til Brystet. Serleg gjorde det eit hjarteskjerande Inntrykk aa sjaa paa Borni, som i tvo Rader sankat Soll paa Elden. Heile ”Kolonien” var sovorne Fatikfolk, som paa Gunn av Koleraen hadde vortet jagat or dei grisette Husi sine, og som det hadde voret umogelegt for aa finna seg annan Bustad.

 

 

Skindaud. Kona aat ein Jøde i Ungarn fall her ein Dag i Uvit, og daa ho ikkje var vaknat opp att i fleire Timar, sagde Lækjaren at ho var daai. Det var fyrst tenkt aa jorda ho Fredag, men det vart utsett til Sundag. Natti millom Fredag og Laurdag høyrde Vakekona ei Stynjing inne, fraa det Romet, der ho laag Lik, og daa ho skulde sjaa til, sat Kona uppreist paa Likbaara. Ho hadde fenget Stivkrampe og vaknat fyrst denne Natti.

 

 

Godt Middel til aa syna at Jordi er rund. Daa Jordi er rund som ei Kule, so maa Bilætet av Ting, som speglar seg i eit stort rolegt Vatn ikkje visa seg plent soleis som um dei hadde speglat seg i ein konveks Flate. Istadenfor aa likna sjølve Tingen, maate Bilætet vera meir og meir nedbøygd i lodrett Retning og det maatte serleg syna seg klaart, naar Ljosstraalen gjekk jamsides med Vatnet. Professor Dufour hadde fyrst reknat seg til dette og so hev han gjort Prøve paa det paa Genfersjøen. Dette er eit nytt og raakande Prov for at Jordi er kulerund, for ein ser Rundingen av Jordi likso godt som av ei Kule, ein held i Haandi. Det løner seg aa freista dette, serleg um ein er i Nærleiken av ein stor Sjø. Vatnet maa sjølvsagt vera ganske rolegt og ein maa halda Augo nær Vatnet.

 

 

Ein, som var i Galehuset, vart spurt, korleis han kom der. ”Ved ein Ordstrid”, svarad han. ”Ved ein Ordstrid?” ”Ja, eg sagde, Verdi var gal, Verdi sagde, eg var gal, og dei var alt for mange for meg”.

 

 


Frå Fedraheimen 13.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum