Um Uppdagingi av Grønland.

 

(Etter Høiskolebladet).

 

 

Litt etter Aaret 900 reiste ein norsk Mann, Gunbjørn, til Island. Men han fekk slikt eit Styggevedr, at Skipet dreiv vestanfor Øyi. Der fann han nokre Smaaholmar, som han kallad Gunbjørnskjær. Derifraa foor han enno lenger mot vest og fann eit Land, som han fortalde um, daa han kom til Island att. Seinare vart ein Slegtning av honom, Eirik Raude fraa Jæren, burtvist fraa Noreg for eit Drap. Han foor til Island og sette seg ned der. Men ogso der drap han, og vart landlyst. So budde han eit Skip og sagde Venerne sine, at han vilde freista aa finna det Landet, Gunbjørn hadde talat um. Han heiste Seil og foor avstad utan aa lata seg skræma av noko. Han kom ikkje til Gunbjørnskjer, men til Austsida av eit stort Land, som han seilad sudetter for aa granska. Han kom til Sudenden av Landet. Der var det eit Forbjerg, som han kallad ”Hvarf” (uttalast: Kvarv) og litt seinare fann han ei Øy, som han kallad Eiriksøy og der budde han fyrste Vinteren. Han heldt paa i tri Aar med aa granska Kysten og derpaa foor han til Island for aa faa Folk med aa busetja seg. Han meinte, at naar Landet fekk eit fagert Namn, vilde mange fleire koma. Difor kallad han det Grønland. Det var mange Islandsfolk, som budde seg aa fara avstad, og han fekk ikkje mindre enn 25 Skip med seg. Men det var stygt aa fara. Mange Skip gjek til millom Isfjelli, so at det berre kom 14 fram. Erik hadde uppdagat, at Vestsida av Landet var best aa busetja seg paa, og dertil foor dei daa. Etterkvart reiste det fleire yver, so det vart danat tvo Bygder. Austbygdi laag sud paa Vestsida og Vestbygdi litt lenger nord. Mange av dei, som reiste, tregad paa det, men daa dei hadde selt Gardarne sine paa Island, var dei nøydde aa vera der dei var. Det skal vera i Aaret 986, at Grønland vart uppdagat.

 

Etter alle dei Forteljingar ein hev um Landet, er det klaart at Naturforhaldi var nett dei same, som enno er. Landet var dækkat med Is, som ikkje braanad. Berre fraa Strandi og upp til Fjelli var det litt Land, der det var snøfritt um Sumaren, og der var det, Nybyggjaranne nedsette seg. Aa faa Kornet til aa veksa, kunne det ikkje vera Tale um, daa Sumaren var baade kort og kald, men det var gode Beiter, so Feavlen gjekk godt. Godt aa jaga var det og, daa det var mykje Rein og Bjørn. Kvalros og Sælhund vart fangat, og mykje Fisk var det. Garden hans Eirik Raude heite Brattelid. Dei trur aa hava funnet Husgrunnen hans. Den eine Veggjen var ei bratt Fjellsida.

 

Dei eldste Nybyggjarar fann mange Merkje paa, at det hadde voret Folk fyrr i Landet. Soleis fann dei mange Reiskap av Stein, Skinnbaatar og smaae Hytter. Hitfolket hadde altso ikkje vist um Jarnet. Men det gjekk lange Tider, fyrr ein fekk større Kjennskap til dei fyrste Folki, og i denne Tid gjekk Utviklingi av Landet for seg. Kristendomen vart innførd, Prestar kom til Landet, ein Bispestol vart upprettat, og fraa Grønland drog dugande Sjøfolk ut paa Uppdaging. I Vestbygdi var det 90 Gardar og 4 Kyrkjur, i Austbygdi 190 Gardar, 11 Kyrkjur, ei Domkyrkja, 3 Kongsgardar, 2 Byar, Gardar og Alba og 4 Klostrar. Det eine av desse var byggt ved ei varm Kjella. Fraa denne vart Vandet ledat inn i ein Hage, der det vaks dei fagraste Blomar og Frukttre. Landet var fritt og sjølvstendugt og Folket utgjorde eit republikansk Styre.

 

Leiv Eirikson, son hans Eirik Raude, kom paa ei Noregsferd saman med Olav Trygvason, som vilde kristna han. Leiv og heile Fylgjet hans gjorde etter som Kongen vilde, og han vart verande der heile Vinteren. Daa han fram paa Vaaren vilde reisa heimatt, bad Kongen han taka med seg ein Prest og tvo andre kyrkjelege Menn for at dei kunne kristne Heimefolket. Leiv forstod, at dette var ikkje lett gjort, men han gjekk daa med paa det. Paa Heimreisa bergad han eit heilt Skipmanskap, som laag og dreiv ikring paa Vraket, og difor fekk han Namnet Leiv den hepne. No vart Kristendomen preikat. Mor og Brødrarne hans Leiv vart kristnat, men Eirik Raude likad det ikkje. Han heldt seg til Avgudarne og ofrad til ein Kvitbjørn, so lenge han livde. Fyrst daa han var daaen, vart alt Folket kristnat.

 

Ikring 1250 misste Grønland Sjølvstendet sitt og kom under Noreg. I 1370 raakad dei fyrste Gong i hop med dei Innfødde. Desse kom nordantil og drog sudetter til dei raakad dei kvite i Vestbygdi. Det vart straks Ufred, og etter kva ein kann vita, vart dei Innfødde utsette for mykje Mishandling av dei kristne. Det vart spelegt for Vestbygdi, og det vart sendt Bod etter Hjelp fraa Austbygdi. Nokre raske Menner drog avstad, men daa dei kom til Vestbygdi, fann dei ho so herjat, at det ikkje var Menneskje att.

 

Reiserne til Grønland hadde hittil gjenget ut fraa Island; men daa baae desse Land kom under Noreg, vart Islendarne hindrad i aa reisa dertil i eigne Erinde, og no vart det serleg Bergen, som skulde halda vedlike Samkvæmet. Alle dei norske Kolonier, altso baade Island og Grønland laag under Kongens og Dronningi sitt Fadebur, og difor fekk ikkje andre reisa der burt og handla enn dei, som hadde fenget Løyve av Kongen. Dronning Magreta og Eirik av Pomern skipad dette Paabodet. Dei vilde ikkje tillata andre aa reisa der upp, og sjølv hadde dei ikkje Skip og Folk nok. Sidan ved Aaret 1400 veit ein lite um Landet. Det er fortald, at i 1418 vart Austbygdi ogso yverfaldet, plyndrat, men anten det var av Eskimoar elder Sjørøvarar, veit ein ikkje. Bygdi leid mykje og vart til dels øydelagt. Seinare er det fortald um ein Skippar, som var iland i Austbygdi i 1550, og daa skulde enno Norbuaranne voret der; men denne Forteljingi er ikkje aa lita paa.

 

Um Gunbjørgskjeri veit ein ikkje stort. Det skal ha butt Folk der ei Tid. Paa eit Kart fraa 1507 er dei avmerkte som ei stor Øy og det stend paa latin: Denne Øyi gjekk heilt til ved Eld 1456. Drivisen hev sidan lagt seg so ikring Øyarne, at det alt i gamle Dagar vart sagt, det var ikkje Raad aa koma burt til dei.

 

I Dansketidi vart det freistat paa eitpar Gonger aa stella til Landet, men det vart ikkje noko av det. Fyrst i 1718 daa Hans Egede reiste yver, vart det Aalvor av det. Han hadde ventat aa finna Etterkomarar av Normenner der; men det maatte han uppgjeva. Han fann Eskimoarne og vart Grønlands Apostel.

 

 


Frå Fedraheimen 13.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum