Til Ivar Mortenson!

 

Naar eg spurde, ”Kva er Meiningi?” so var det ikkje for aa faa Attestar for, kor gild Kar Garborg er, kor mange Lyte elder ville Tankar han hev, elder kor ofte han hev sterk Moral. Eg hev alltid trutt, at Garborg var ein ”av vaare evnerike Menner, som arbeider for Folket”. Difor spurde eg. Eg tottest hava Rett til aa venta Meining i det, Garborg skriv. Men eg vil og faa Lov til paa mi fatike Vis aa arbeida for Folket; og naar eg daa tykkjest forstaa, at Garborg kallar mitt og mange andres Arbeid for Trollverk og Bakstræv, so maa eg hava god Grunn til aa spyrja, um det er Meiningi. Det burde Deskyna. Eg ventar endaa paa Svar. Kann elder vil Garborg ikkje gjeva greidt Svar, men anten tegja, elder – som De – ganga um Saki som Katten um den varme Grauten, so vert eg no nøydd til aa tru, at anten er han ikkje den klaare Tenkjaren, eg hev meint, elder og hev han Baktankar.

 

Joh.s Helleland.

 

 


Frå Fedraheimen 13.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum