Kristiania, den 12te Novbr. [Forhaldet til Sverike.]

 

Til Lesaranne. Hugsa endeleg paa aa senda Bladpengarne i rett Tid. Skal Fedraheimentrivast, so maa baade Tingaranne og Bladstyret gjera alt, dei kann. Me skal gjera vaart, det same vonar me og, at de gjer.

 

(Del 2 av 3. Fyrste delen.)

 

Forhaldet til Sverike. Tanken um Umvøling av Riksakti kom fram att i 1860. Dennegong fraa Svenskarne. Den svenske Riksdagen kom 2dre April med Krav paa, at Riksakti skulde granskast. Tanken med dette var ikkje aa freista paa aa ordna Forhaldet millom tvo sjølvstendige Folk paa ein betre Maate; men aa faa gjera Sverike til Yvermann.

 

Dette Krav gjekk Normennerne sjølvsagt ikkje med paa. Det vart avsleget av heile Folket. I ei Adressa 23de April 1860 uttalar Stortinget samrøystes, at ”en Revisjon av Unionsvilkaarene ikke fra norsk Side kan finde Sted uden paa den i Rigsakten givne Grundvold, nemlig Rigernes Ligeberettigelse og ethvert Riges Eneraadighed i alle Anliggender, der ikke er betegnede som unionelle”, og at ”Stortinget er overbevist om, at ingen norsk Mand, der agter sit Fædrelands Rettigheder og sin egen Ære, vil deltage i Revisionen paa andre Vilkaar”.

 

Men, dessverre, so vart det berre ein liten Stans. Ministeriet Stang bøygde seg for Skrivet fraa den svenske Riksdagen. Det vart nedsett ei Nemnd av Normenn og Svenskar, Unionskomiteen, dei kallar, endaa Svenskarne ikkje hadde gjort anna, sidan Stortinget vedtok Adressa si, enn aa strjuka nokre av dei verste Uttrykki i Skrivet. Sjølve Tanken paa Magt yver Noreg hadde dei ikkje uppgjevet.

 

Unionskomiteen” er ei nasjonal Skam for Noreg. Ho var eit Slag i Andlitet paa Sjølvstendet vaart og det er utenkjande, at verkelege Normenner kunne gaa med paa noko sovoret. Det er umogelegt aa tenkja attende paa ho, utan aa verta harm og sinnad.

 

Det Arbeidet, ”Unionskomiteen” i 1867 kom fram med, bar ogso Trælemerkje paa seg. Den gamle Unionsnemndi hadde hevdat full Likestelling for baae Riker. Det gjorde ikkje den nye. Ja, Svenskestyret vart endaa i fleire Maatar godkjendt og daa serleg i Maaten, Utanrikspolitikken skulde ordnast paa.

 

I ein § stod det, at ”Sveriges Udenrigsminister” skulde ”vedblive at paase og varetage begge Riges udenrigske Anliggender”. Ved Sida av det ”unionelle Statsraadet”, der det sat like mange Svenskar og Nordmenn, vart det haldet paa ”det ministerielle Statsraadet”, som skulde hava med dei diplomatiske Saker aa gjera. Her skulde det vera tvo Svenskar og ein Normann.

 

Baade dette her um Utanriksministaren og um det ministerielle Statsraadet var ikkje noko nytt. Det var i Grunnen aa slaa fast den same Ordningi, som hadde voret heile Tidi. Og Noreg vilde fenget fastsett med Lov, det, som fyrr berre var kongeleg Resolusjon. Men til all Lukke vart det ikkje vedteket. Det vilde likefram voret aa medgjeva, at det i Grunnen ikkje var Likestelling millom dei tvo Land, men at Sverik hadde mest aa segja. ”At det Stangske  Ministerium”, skriv Professor Sars, ”kunde akceptere et saadant Forslag og fremsætte det som sit eget, var derfor et Vidnesbyrd om, at det havde git sig en antinational og reaktionær Bagevje i Vold; det var et Skridt ind paa den vei, som førte til Rigsretsdom og Statskuptanker”.

 

Framlegget vart i Stortinget forkastat mot 17 Røyster. I Ordskiftet um den Saki ytrad Johan Sverdrup m. a., at ”det vilde være et utilbørlig Indgreb i den hvert Rige særskildt tilkommende Selvstændighed at udstrække Rigernes indbyrdes Fællesskab videre end til de to Hovedbetingelser, som Forening under en Konge og fælles Forsvar uundgaaelig kræver”.

 

Desse Ordi gjeng kvar Nordmann med paa.

 

Alt vart altso med det gamle. Men Svenskarne hev ikkje Ro paa seg, ser det ut for. Dei kann ikkje koma burt fraa Styretanken yver Noreg.

 

I Mars 1885 vedtok den svenske Riksdagen ei Forandring i Grunnloven. Dei sette inn i han, at naar diplomatiske Saker, som vedkjem baae Land, kjem fyre, skal dei fyredragast av Utanriksministaren, og at det forutan han skal vera 2 svenske og 2 norske, derav den eine Statsministaren tilstade.

 

Denne Grunnlovsforandringi var sjølvsagt noko, Sverik hadde Rett til. Det einaste, som var aa utsetja paa ho, var, at Noreg ikkje hadde somange Medlemar som Sverike. Dette vart i Statsraad 15de Mai paapeikat av dei norske Statsraadar, og det saag ikkje ut til, at Svenskarne hadde so mykje mot det. Men samstundes vart det umtalat aa faa dette inn i Riksakti, og det vart difor ordskiftat i samanset norsk og svensk Statsraad. Det vart slutt med dette, daa Svenskarne kravde, at Utanriksministaren altid skulde ver svensk, for dette var noko, som det sjølvsagt var umogelegt for Nordmennerne aa gaa med paa. Saki kom for i Stortinget ifjor og iaar, og baae Gonger vart det klaart og greidt hevdat, at Noreg aldri gjekk med paa eit sovoret Framlegg, som det Svenskarne vilde hava inn i Riksakti. 21de Mai iaar vedtok Stortinget dette Framlegget til Dagsorden: ”I Tilslutning til gjentagne og samstemmige Udtalelser, hvorved tidligere Storting har hævdet Noregs fuldstændige Ligeberettigelse i Unionen, - udtaler nærværende Storting den Forvisning, at det norske Folk, i Troskab mod Konge og Fædreland, vil værne om Rigets Ære og Ret og støtte Regjerings og Stortings forenede Arbeide for at erhverve Norge den Andel i Styrelsen af de udenrigske Anliggender, der tilkommer det i Kraft af dets Stilling som selvstændig og med Sverige ligestillet Stat i Unionen”.

 

Same Dag uttalad President Steen m. a.: ”Selvstændighed og Ligestillethed er begge Rigers Ret, Gjennemførelsen deraf begges Opgave og Pantet for deres Fremtids Lykke og Styrke. Denne Ret kræver intet Tillæg paa den anden Parts Bekostning og taaler intet Afslag. Erkjendelsen heraf er den eneste sande Unionspolitik; enhver anden Politikk, der vilde hente sin Styrke fra andre Synsmaader eller stille sig andre Formaal, er ligesaa umulig, som den kan bli farlig. Derfor grundlovmæssig at fastslaa den svenske udenriksminister som vor, - en Ret for Sverige, en Pligt for os, - den Tanke vil ingen norsk Mand vedkjende sig. Imod Forfatningens og Foreningens Grundtanke en Opgivelse af vor berettigede Indflydelse paa Afgjørelsen af vor egen Skjæbne, en Opgivelse af Selvstændighedens dyrest Eie og Mærke, - nei! et Folk, som har lært at elske Friheden, at bygge paa sin Ret og tro paa sin Fremtid, kan aldrig modta et saadant Vilkaar. Norge føler dybt Savnet af den fulde Meddelagtighed og den fulde Medansvarlighed i Behandlingen af de diplomatiske Sager. Men for denne eller nogen Pris skulde Norge aldrig kjøbe den; det skulde være at forspilde vor Ret til den Jevnbyrgdighed, vi har krævet og maa kræve, og det skulde være at rokke en af Unionens Grundstøtter”.

 

Me skal i næste No. freista aa syna, kva det no trengst um for oss aa gjera med Avsyn paa dette.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 13.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum