Ikornet.

 

(Del 2 av 5. Fyrste delen.)


(Forteljing av Andre Theuriet, umsett fraa Fransk av O. H. S.).

 

(Framhald fraa No. 69).

 

 

Som han sat der med Olbogarne studde mot dei utstappad Armar av Brugdestolen og Føterne mot Kakelomnspanna og blinkande med Augo, tottest likeeins han aa vera teken av den Dufti av Velvere, som raadde i Matsalen. Av og til vart Millomdøri opnat. Skolastike, som enno var spræk trass sin uhorvelege Førleik, breidde ein kvit duk med raude Kantereiter paa Bordet, sette Tallerkarne um, skivad Braudet, stillad Handdukarne upp som Toppluvur; og ein skjessen Matlukt slog imot oss med Vindsblekkarne fraa Kjøkkenet.

 

Frende Bastian tukkad innunder Stolen sine magre Bein, som ved Hiten fraa Glødarne steiktes gjennom den tunne Veften i Buksurne, og lyftade upp Hovudet glaapte han paa meg med ei godskleg Mine.

 

-Han hev eit godt Uppsyn, Guten din, Frende Misjél; eg er viss paa, at det er eit sætelegt barn... Han er stor og sterk til berre aa vera tie Aar gamall.

Ugras skyt allstødt skjott upp, - svarad far, - det er ein Pokkers Kar; han tergar oss fraa Morgon til Kveld.

- Kom hit, lat meg sjaa deg, Smaaen min, - sagde Frende og trekte meg til seg, - eg elskar Borni... Du er ikkje rædd meg, visst ikkje?

- Nei, - svarad eg, og einstirde han like i Augo med den unge Alders nærsøkne Bisnefyse. Eg fann han med det same litt flirande, denne Frenden vaar. Hans lange, magre Kropp, hans loslitne Klæde, hans bleike Andlit med dei raude Augnehaari klumsad meg ikkje det minste, og i min gutungslege, vyrdelause Dom sette eg han ikkje i noko høgt verd. Born liknar Hundar og Rabbekjeringar i det,

at dei skodar Fanten paa Fillurne, og hev ein medfødd Mothug mot Ferdafolk, som er fatikslegt klædde. Men likevæl leet eg Frende taka meg uppaa Knei sine. Han lyfte meg som ei Fjør, heldt meg med ein Arm paa sine skranglutte Laar, og dei huskande Bein gjorde eit uliklegt Inntrykk paa meg, han strauk meg med lett og varleg Haand yver Haaret, som krullar seg naturlegt.

-Aa, for eit fagert ljosleitt Haar! sukkad han, det er som av Silkje. Eg likar aa smeikja Barnehaar. Slikt minner meg um dei gamle Dagar. Eg kjende ein Gut med lokutte Haar som ditt, Smaaen min. – Minnest du han, Misjél?

 

Ved dette Spursmaal hadde Far gjevet seg eit Uppsyn paa ein Gong deltakande og blaugt, ei slik Mine, som ein tek paa seg, naar ein gjeng inn i eit Syrgjehus for aa syna Medynken sin.

-Ja, sagde han og lægnad Røysti, - eg minnest den Tid, daa me turad Jol saman hjaa Dykk... Frende heldt fram utan aa lata seg stansa ved Svaret hans og rette sine drøymande Augo paa Glødarne: - Daa han var liten, heldt eg han paa Knei mine som eg held din Gut. Han glaapte paa Elden i Kjøkkenet vaart, der Kastanjeneterne vart steikte under Oska, og naar ei, som var kleint skori, med ein Gong spratt sund i Eldmyrja lik ein Raketsvermar, daa kann du tru, at han log... Eg hev enno den klaare Tonen av Laatten hans i Øyro. Aa, Minnet, det er ein Ting, som er søtt og nagande paa same Tid!... Aa, for ein Lentekrok det var, Misjél, livande som Krut!... -Ja, svarad far, som kviknad i, - og spræk som eit Ikorn...

 

Hr. Bastians Andlit vart med ein Gong ulukkelegt, og Far beit seg i Lippurne som um han hadde stumsat ut med noko styvelegt.

 

Det vart med eit ei so djup Stille, at Tikkingi i Klokka strakst tottest meg aa hava aukat det tidubbelte i Styrkje. Paa same Tid syntes eg, at Hr. Bastian var teken av ein braad Hikstegraat, medan ein lunkad Drope fall ned paa Kinnet mitt. Eg lyfte Hovudet og saag med Forstøknad likeleis tvo Dropar hangande i Augnehaari paa dette Godmennet.

 

-No er Maten ferdug! ropad i det same Skolastike, til ho gjekk inn og sette paa Bordet eit rjukande Supefat, som andad ut ein skjessen Eim av Kaal og Lauk.

 

Hr. Bastian, sagde Mor, daa ho au kom, me hev nettupp Supe... Naar ein hev ferdast ute i Væta, gjer det godt aa faa seg noko varmt, og Supe vil minna Dykk um Haute-Marne... Det er Grunnretten der i landet. -

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 13.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum