Fraa Vestfold

 

Eg skal fortelja deg litegrand, Fedraheim, um ein Skikk, som er mykje gjengeleg her ved Brudlaup.

 

Som du veit, er det her i Landet fraa gomoll Tid brukelegt aa skjota ved slike Høve, baade naar Brudfolket fer til og fraa Kyrkja og heldest under Brudlaupshøgtida. Visst er det so, at denne faarlege Skikken, som mangein Gong hev valdat, at Folk hev fenget stort Mein paa Liv og Lemar – ja til med Dauden, no held paa aa ganga av Bruk sumestader. Men enno vert han likevæl brukt dei fleste Stader, som dei Ulukkur, Bladi jamt veit aa fortelja um hev hendt ved slik Skjoting, ber Vitne um. I Vestfold hev han allvisst sine gode Dagar enno.

 

Men her hev me ogso ein annan Skikk, elder rettare Uskikk, som stend i full Blom. Det er aa ”glana” ved Brudlaup. Eg trur ikkje, han er kjend andre Stader, og difor skal eg skriva litt um han.

 

So snart Brurfolket er komet heim fraa Kyrkja, samlar Born og Ungdom seg kring Brudarhuset; Stormengdi kjem dog fyrst seinare paa Dagen, naar det hev vortet Kvelden. Men alle skal dei glana paa Brur og Brurgom, og desse lyt daa jamnast halda seg ved Vindaugat; rett som det er, lyt dei ogso ut i Døri for aa syna seg fram for Folkehopen. Men det er ikkje berre Brudfolket, dei gjev Gaum etter. Um dei er so uheppen, at dei kjem med i eit sovoret Lag, kann du vera viss um aa koma under eit Uppsyn, som er skarpare enn Politimannen sitt. Det er, som var dei i eit Glashus. Det vert utspeidat, kor du gjeng og stend, korleis dei et og drikk, korleis du snur og vender deg og ter deg. Og dei er strenge Kritikkarar dei, som ute er, og ikkje helder er dei rædde for aa segja si Meining, so du kann høyra det. Men verst er det for Brurfolket. Betre dei, um dei gjer noko vrangt elder hev noko Lyte! Dei fær høyra det! og det er ikkje lenge, fyrr det er yver heile Bygdi. For den, som ikkje er vant til slikt, er det fælt leidt, og eg veit med meg sjølv, at eg ingen Hugnad hev havt av aa vera i Brudlaupslag her – berre voret harm yver sovoren Uskikk. – Men det er ikkje berre Uhuggje dei veld desse Glanarar. For Verten vert det mest jamt dyr Moro. Snart slær dei sund Glasrutur, snart riv dei ned Gjerdet kring Tunet, snart gjer dei annan Skade i sin Kaatskap. Er det ein Hage ved Huset, kann Eigaren mest vera viss um, at han Dagen etter vil finna, at han er øydelagd. Mugen moroar seg ogso med aa skrika og skraala og drikka og stundom ogso med aa dansa. Soleis held dei paa, til ut paa Morgonsida. Borni gjeng naturlegvis heim fyrr. – Men som Døme paa, kor djupt denne Uskikken hev røtat seg her, skal eg nemna, at eg hev set gamle Kvinnur med Born paa Armen og eldre Folk av dei sokallad ”betre” millom Glanaranne.

 

Skulde me ikkje verta samde um, at det er overlag syrgjelegt, at ein slik raa, heiden Uskikk skal vera so gjengeleg millom oss enno?

 

n.

 

 


Frå Fedraheimen 13.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum