Fraa Ullensvang.

 

Det var tillyst, at Ullensvang Folkehøgskule skulde byrja Sundag 31te Okt. Dertil reiste eg daa. Kl. 5 gjekk til 6 byrjade Møtet. Der var fullt av Folk i den vene Skulesalen. Yver 120 trur eg – Menn og Kvinnor, kannhenda mest av det siste. Fyrst song me ”Der stiger ein Sukk yver Heimen” o. s. b. Daa gjeng Helleland upp paa Talarstolen. Han nemner no fyrst, kva Slag ”Ankar” Folk hadde ført mot Skulen fyrr, og so kva dei fører imot honom no. Talar so ei Stund um ”kristelig Anskuelse, og at dei der ved Skulen vil gjeva Undervisningi utifraa ein ”kristelig Anskuelse”. Hev han so talat um det, gjeng han yver til det han den Kvelden helst vil snakka um: Religion og Moral, korleis dei stend til kvarandre. Det Spursmaalet, som er so heitt millom Bruun og Bjørnson! Helleland syner oss ved (av) mange Døme baade fraa Biblen og ”Livet”, at Moralen spring ut av Religionen. Og eg tykte, det kunde ikkje vera paa nokon annan Maate. Eg maa segja for ”min Del” var det eit mykje gildt og greidt Fyredrag. (Eg skulde vera glad, um Helleland kunde og vilde gjeva oss Fyredraget sitt i Fedraheimen!) Naar han hadde sluttat song me ”Et jevnt og muntert Liv paa Jord”. Og daa me hadde gjort det, tok me ein liten Stans i nokre Minutter berre.

 

Det andre Fyredraget heldt daa den ”nye” Folkehøgskulelæraren, Hr. Teodor Ystad, etter at me hadde songet ”Udrundne er de gamle Dage”. (Det var berre gale tykte eg, at me ikkje skulde syngja den paa norsk!) Ystad talad um, korleis Gud hadde ført Folkeslagi til den Tid me kallar ”Tidens Fylde”, og um den Magt, som Kristendomen hadde i seg, daa den kom til Verdi. – Det var gildt aa høyra alt saman. So kom Andreas Austlid med nokre Ord tilslutt, han snakka litt um ”Menneskjesonen”, og kva han (A.) saag i det Namnet. Naar me daa hadde songet ”Altid freidig, naar du gaar”, so sa me ”god Natt” og gjekk heimatt. Eg maa segja- og eg høyrde fleire med – segja – me var svært fornøgde yver det me hadde høyrt.

 

Eg og mine Kameratar skulde ro yver Fjorden. Det var stilt, rignde litet og var kolmyrkt. Kameratarne mine var nettupp komne ut i Baaten, og eg stod att paa nokre Steinar og ”skutade” paa Baaten – daa me høyrer eit Skrik tett med oss. Eit, tvo Skrik til. Einkvan er fallen i Sjøen, og skutar Baaten ut snart, og Kameratarne mine ror fort dit det skrik, og fær til all Lukka fatt i henne, som ligg i lause Sjøen og baskar. Dei dreg henne i Baaten, og ho er bergad. Ho hadde gjenget seg utfor ei Bryggja der i Myrkret. Gjenta kjende ikkje eg – høyrde vist ho skulde vera taa Børve. – Ein lyt passa seg, naar ein ikkje ser stort.

 

Tilslutt vil eg berre faa lov aa segja til mine Kameratar ifraa Vonheim (eg vonar no, at mange av dei held Fedraheimen), at dei lyt skriva noko i Fedraheimensomykje eg fær sjaa det eg og. Dei veit det er gildt aa faa høyra litet fraa kvarandre.

 

Og so maa dei arbeida for Bladet Fedrah. alt dei kann paa den Leid og for ”Maalet hennar Mor” ”heldes” og. Vistnok fær me det ikkje altid som me vil, men me lyt prøva best me kann lell. – Dermed ei Helsing fraa meg.

 

Hauso den 4-11-86.

 

SamseTveit.

 

 


Frå Fedraheimen 13.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum