Fraa Aust-Agder

 

Fedraheimen bed Lesaranne sine, at dei vil gjera so mykje som mogelegt for han ved aa samla Tingarar og senda Stykkje inn til Bladet.

 

I same No. (66), straks etter talar so Bladstyret (Trykkjen visar so) um Striden, og sluttar Stykkje sitt so: ”Det finst stygge Merkje til eit Atterslag no og, og det gjeld aa taka seg iakt, serleg etterdi det kjem i Framstigsbunad. Det Jakob Sverdrupske Framstig er ikkje anna enn reint Bakstræv.

 

Daa eg las desse Linurne, sa’ ein stød, klok Bonde: ”No trur eg, eg vil segja upp Fedraheimen. Eg kann ikkje sjaa nokor Meining i slik Tale. Eg forstend Jakob Sverdrup so, at han er minst so liberal som Mengdi av oss er, og so tykkjer me, det er nok. Aa hava ein Mann i Kyrkjestyret, som gjeng fram so fort, at du ser honom berre i Augnaleiti, det er imot den demokratiske Grunntanke.

 

Det er aa gjeva seg eit Slag i Andlitet aa riva so ned paa Jak. Sverdrup, som mange av Bladi no gjer. Folk skynar ’kje betre, hell’ at Forslaget til Kyrkje-reform, som han arbeider for aa faa fram, at det er verkelegt Framstig, og difor trur det, at han just er Mannen paa rette Plass.

 

Dette skal vera sagt no, daa det ser ut som at Jak- Sverdrups Vener er so faae. So er det ikkje. Dei Spursmaal, han no hev paa Bane, er væl kjende og gjenomtenkte av heile Nasjonen. Folket veit so innerleg væl, kva det fær. Derimot er det faae, som veit kor t. D. Ullmann & Ko. vil hen. Me kann vel tru, at hans Frihets-ideal kann vera fagert og vænt nok; men det er ikkje Folket mognat til aa skyna. Du maa tala med mest kven du vil um Ullmann: Han stend for Mesteparten som ei Gaate.

 

Me lyt til kvar Tid – i Samhøve med vaar Forfatning – hava ein Mann i Kyrkjestyret, som repræsenterar Fleirtalets Tankar; det gjer Jakob Sverdrup no. Men kvifor daa klandra Personen so daa? Det var meir verdugt for Bladskrivarar aa prova, at hans Syn er ufritt og ukyrkjelegt, enn soleis aa hakka paa Mannen. Ein slik Framgangsmaate, ja denvil nok virka eit Atterslag, men soleis, at Jak. Sverdrup som den uhederleg medfarne vil vinna meir og meir Tiltru hjaa Folket, og dei, som reiv honom ned, vil Stordelen venda seg fraa og faa Mistru til alt dei stridde for – sjølv um der kunne vera mykje Sanning i det.

 

A.

 

 

Daa me skreiv dette, tenkte me, at det visseleg var mange av Lesararne vaare, som vilde koma til aa mislika det. Men me kann ikkje skriva anna, enn det me meiner. Det er uraad for oss aa fatta, kor Framstiget ligg i det, det nye Vinstre arbeider for serskildt. T. D. Kyrkjeforslaget hans Jakob Sverdrup, kor ligg framstiget der? Me skal vera dei fyrste aa medgjeva, at Kyrkja treng til Reformar, men me kann ikkje vera med aa reformera ho paa ein sovoren Maate, at me støytter onnorleistruande Folk. Den einaste Reformen, som dur noko – etter vaar Meining – er aa faa ho skilt fraa Staten. Det og ikkje anna. Aa vøla paa ho i den Stellingi ho no er, er berre aa gjera vondt verre. Det er visseleg mange, som vilde lika, at Jakob Sverdrup fekk det fram, men han vilde ingen Takk faa av Fridomsfolket.

 

I det heile hev me fenget det Inntrykket av Jakob Svredrup, at han ingen stød Fridomsmann er. Me trur, han arbeider bakstrævet i Henderne og difor reknar me han til Bakstrævaranne.

 

Me skal straks i eit Par Nommer taka fat paa Kyrkjespursmaali.

 

 


Frå Fedraheimen 13.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum