Ikornet.

 

(Del 1 av 5.)

 

(Forteljing av André  Theuriet¹), umset fraa Fransk av O. H. S.).

 

 

I.

 

Det var Klokka halvaattte um Kvelden. Trass i Ordtøket, som segjer, at ”ved Kyndelsmess aukar Dagarne ein Time”, vart det alt bikande myrkt. Me var samlad i Matsalen, ventande paa Kveldsverden, som dei hjaa oss lagad til umkring Klokka aatte. Ein vakker Eld av Bokeskidur brann i Kakkelomnen; ei god, mild Lampe stod paa Bordet og lagde ein lysande Ring paa Vaksduken og paa det svarte Skjeldtilet ein Rundil av gylt og dansande Klaare. Moder mi sat og spitad paa ein Ullsokk; Fader min, som var Fredsdomar i Varennes, las gjennom Dagens Sakliste, som Rettskrivaren nettupp hadde flitt honom, og eg, som hadde vaglat meg paa ein høg Stol med Pennen millom Tennerne og blekkutt paa Fingrarne, eg bladde skjott i mi latinske Ordbok for aa gjera fraa meg Leksa, som Abbed Gerdolle, Kapellanen vaar, skulde høyra meg i næste Dagen. Ei mild Ro fylte Salen, ei Ro, der Smaasurr blandad seg og ennmeire aukad den Kjensle av Sorgløyse og Trygd, som var hjaa oss alle, - Surr snart vaakare snart sterkare og lik den, som ein høyrer gjennom ein Draum: - Raslingi i Bladi, Knettingi i Naalerne, Sprakingi i Glødarne, - og langt burte paa Vegen Bjøllesingling i Postvogni fraa Verdun, som køyrde inn i Landsbyen.

 

Eg var no ved Endelina i Umsetnaden min: Septima die autem quievit(men den sjauande Dagen kvilde han), og eg budde meg til aa taka meg ei Kvild, eg au, etter aa hava sett ein snirklutte Krusedull, eitslags Namnemerkje, ned i Enden av Sida; Mor mi rullad alt Sokken kring Traadnykklat og stakk Sneisarne inni, medan Far min, som var ferdug med Gjenomsynet, nepte Brillurne saman og stakk dei i Brillehuset: daa ringde det braatt i Portklokka, so me alle laut lyfta Hovudi upp.

 

-Kven Pokker kann vel detta vera, - sagde Far og snaartad i Varmen.

- Ei vakker Tid aa koma innum til Folk! – lagde Mor til; ho var no helder utoleg og tillet ikkje, at dei sette Mannen hennar i Ulag, naar han skulde faa seg Mat. – Me høyrde Kviskring og Tripping ute i gangen, so vart Døri aat Salen snøgt slegi upp av Tenestjenta vaar, Skolastike:

- Hr. Misjél! – sagde ho med sitt gryntande Mæle, - ein Ferdamann, som spør etter Dykk! – Og like attanfor Tenestgjenta stamad eit Mannsmæle, paa ein Gong spakt og bljugt: - Det er eg, Justin, Kammeraten min!... Det er eg, som kjem so snøgt aa lydast inn til deg.

 

Far, som hadde trivet Lampa og lyft ho litt upp for aa lata det fulle Ljos falla paa Vitjaren, sette ho svint paa Bordet att og gav fraa seg eit Utrop blandat med Klumsing og hjarteleg Glede; so gjekk han burtaat den nyst innkomne og fall honom um Halsen: - Det er Frende Bastian! – ropad han, - aa, det maa eg segja var ei Yverrasking!... Tred daa inn, Frende!... Skolastike, tak Vadsekken hans og løys honom av med Kappa si. – Han snudde seg dernæst mot Mor, og idet han tok Ferdamannens Arm, sagde han: - Evlalie, mi kjære, her ser du Frende Bastian, ein gamall Ven av Familjen... Han hev huskat meg paa Knei sine, og eg hev tidt rødat um han for deg... Frende, her ser De Kona mi og min vesle Josef, som alt gjeng i sitt tiande Aar... Ja-ja, umarm kvarandre og yverlat Armstolen til Frende!... Han maa reint vera klakad... Skolastike! dekk betre upp, Gjenta mi!...

 

Imedan bisnad eg med store Augo paa den ukjende Frenden min. Han hadde sett Vadsekken sin paa Tilet – ein gamaldags Lærvadsekk, rund og avlang, med tvo Reimar, som var sprette ihopes paa Sida. Han hadde teket av seg si brune Reisekappe, som stod stramt til Kroppen og var prydat med fem-seks smaa Kragar, og eg saag ein Gamling paa seksti Aar, lang og spinken, krokutt som ein Ljaa, klædd i ein Frakk av brunmusutt Lasting. Halsen hans, som sat kav nedi eit stivt Halsbind, bar eit magert, velrakat og bleiklegt Andlit med raude Augnehaar yver dei blaae Augo, og med Hovudhaar, som longe hadde faret til graana.

 

Han bad so smaatt um Orsaking, fordi han var so sildfarande, og eg undrad meg mykje ved aa høyra det tykke Mælet hans, spakt og sturt, koma ut av denne lange og spinkne Kropp, bugen som ei Vidje.

 

Far hadde sett honom maklegt i Bestefarsstolen, og Mor hadde kastat eit Fang Ved paa Eldmyrja, som sprakad kvikt. Frende, som sat ytst utpaa Stolsætet, smaalog med eit ottefullt Smil og heldt frammot Elden Henderne sine, magre og avpilade som heile Kroppen.

-Eg er lukkeleg... mykje lukkeleg ved aa sjaa deg – stamad han med eit enno

kulsande Mæle, for han hadde reist paa Postvogni, og ute var Lufti kald.

Det var eit ypparlegt Innskot, De hev havt ved aa tenkja paa oss, og Dykkar Vitjing gledar meg storleg, - svarad Far, - men kvifor daa ikkje melda oss det?

-Du veit, - tok Frende i att, - det vert ikkje Aalvor med meg fyrr i siste Liti, og eg hev berre slonget innum so svint.

-Slonget innum? – kvar skal De daa av?

-Aa, ingenstad, - svarad han barnslegt; so lagde han til med sitt sorgsame Smil:

-Naar eg reiser, so er det ikkje for aa koma fram, det er berre for aa skifta Plass... -Eg hev aldri Fyremaal.

-Men, Frende Bastian, - lagde Far imot lægjande, - De hev daa ein Bustad, der De

finn att Dykkar Vanar og Dykkar Heim?

-Eg hev ikkje meir nokon Heim, Venen min, eg liver liksom ein Umstreifar.

-Novel, men Dykkar gamle Hus, der me morad oss so godt, daa eg var Skulegut og De var Verja mi?

-Eg hev ikkje butt der paa lang Tid; du veit, sidan... Lat oss ikkje tala um det. – sukkad Godmennet og strauk Henderne yver Panna, - lat oss tala um deg, snilde Misjél!... Daa eg mottok Nyaarsbrevet ditt, var eg i Bourmont. Med ein Gong kom eg ihug dei gode, gamle Dagar, og eg sagde til meg sjølv: Um eg gjekk avstad og saag, kva det hev vortet av den lange Gutungen? So snørde eg ihopes Vadsekken... Min Tilbunad tek ikkje lang Tid. Alt mitt Innbu ligg i ein stor Kuffert, som eg set att i eit Kot paa Gastgjevarstaden. Eg tek Kappa mi, - og her ser du meg.

 

Mor glaapte paa han med ei forstøkt Mine. -For Furdur! ropad Far, - men detta er eit Tilvere som den evige Jøde!... Det er daa eit Liv, som eg friviljug ikkje vilde venja meg til, og ikkje du helder, Evlalie, ikkje sant?

 

- Eg forstend, eg forstend..., mullad Hr. Bastian og vaggad paa Hovudet, - du, Venen min, du hev Kone og Barn; det er dei Band, som held ein att, det er dei Styttepunkt, som vaare Vanar veks umkring lik Klavreplantur, som vind seg um dykk... Eg hev ikkje Vanar lenger... og er ei Plante utan Røter... Utan Røter! tok han i att med sitt tykke Mæle.

 

Det var som Atterljomet av eit Dvergmaal, djupt og sorgsamt; men den skjelvande Otte, som dette gav meg, vart snøgt blidkat ved den godmætne Tanken, at eg hadde ein Heim, ein god klaar Eld til aa verma meg ved kvar Kveld og eit godt Maal, som ventad meg. Denne Sjøldskoding og Samanlikning millom mitt lette Tilvere og det umflakkande Livet hans Frende Bastian gav meg ei søt Kjensle lik den, som ein hev, naar ein ligg kav nedi ei blaut, god Seng og høyrer Regnet og Vinden rasa utanfyre. Ved aa høyra Frendes klagande Ord, leet eg Augo halvt att, og medan eg berre uklaart saag det vermande Ljos fraa Eldmyrja, gøymde eg meg meir velverd millom Knei paa Far min.

 

Mor hadde smuttet av uti Kjøkkenet for aa svinta paa Maten og hava Auga med Tillagingi av einkvar Attpaasett. Me høyrde det tunge Fotlaget til den føre Skolastike, som gjekk att og fram, opnade og latande att Skaapdørerne. Dei ruskad med Tallerkarne, dei lyfte so smaatt paa Loki, og den dovne Ljoden av ei Skeid, som piskad Æggekvita i Skom, opnad paaglytt Utsyne til ein søt og god Attpaaslikk, som gjorde, at eg maatte smaalægja med meg sjølv ved den uventade Vitjingi hans Frende Bastian.

 

(Meir.)

 

 

¹) André  Theuriet, (utt. Angdré Tørié), fransk Diktar, er fødd 1838 i Marly-le-Roi, ein liten By nær ved St. Germain; han livde si meste Ungdomstid i det skogrike Lothringi. Denne vesle Forteljingi her kom ut 1881.

 

 


Frå Fedraheimen 03.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum