Bondetyning.

 

For ei Tid sea stod det ei Lysing i dei fleste Bladi um, at det fraa den 1ste Oktober ikkje skulde vera raad til aa koma paa Kutorget med Kretur meir enn 3 Dagar i Vika. Dette er i Kristiania. Hadde det endaa voret i ein Smaaby med liten Kuhandel, daa hadde det voret til Bate baade for Kaupar og Selgjar; men i Kristiania med sopas Kuhandel, som han hev, og sopas uttenkte Vripeisar til Uppkauparar, vert eit sovoret Paabod til stor Skade for Selgjararne; for det hjelper Uppkaupararne til aa faa tyna Bonden endaa meir, enn dei fyrr hev gjort.

 

Ja det er mest utrulegt, kor mykje Vringel og Fanteri, dei fer med dei Ku-uppkaupararne der nede; dei køyrer Bonden reint rundt, so han korkje veit att hell fram.


No er det so, at mest kvar einaste Ku, som kjem paa Torget, gjeng gjennom Uppkaupararne, og det er reint Uraad aa handlas reinspikat med dei. Er ein vortet einug med dei um ein Pris, so kann du vera stød paa, at dei kranglar so lenge, til dei fær Kui for 5 hell 10 Kronur under Prisen. Dei segjer, at fær eg ikkje Kui for det, so skal eg lova deg, at du ikkje fær eit einaste Bod paa ho. Og so godt held dei i hop, at det vert sant som tiaste. Det er plent, som ho skulde vera sputtat paa daa.

 

Men det nye Paabodet um 3 Torgdagar, gjer vondt verre.

 

No skal eg nemna eit Døme.

 

Ein Mann sender ei Beraku med Eidsvollsbanen. No er det berre tvo Gonger i Vika, ein fær senda Kretur med Banen au. Han sender ho um Fredagen; men daa kjem han ikkje tidsnok paa Torget den Dagen; han lyt daa liggja yver til Maandagen, Vika etter. Han kjem paa Torget med Kui; men so kjem Uppkaupararne, og dei Kararne tøyger og tøyger Tidi ut med Skambod og Kjeltringsstrekar. Burtimot Middagsleite fær han kanskje eit maatelegt Bod; so fær han god Tid til aa tenkja paa det. Kjem det so ein hell annan ”Privatmann” og ser paa ho, so er det straks ein ferdug og byd; ja daa er han ikkje rædd for aa bjoda honom det, han hev forlangt. So slær Bonden til, kann ein vita; men daa so Fyren skal til aa betala, hev han ingi Pengar paa seg; men Klokka tvo skal han faa kvar Skilling. Men Klokka vert tvo og Torgtidi er slutt; men ingen Uppkaupar kjem det. So hev Bonden ingi onnor Raad, enn anten aa selgja for ein Spotpris, helder aa vera yver – til um Onsdagen. So kanskje Kui hans ber, og so fær han nytt Bryd og mindre for ho.

 

Fær han daa seld ho burtimot Middagen um Onsdagen, so hev han eit elder anna aa utrette i Byen, so han ikkje kjem tidsnok til Treinet, og aa lyt han vera yver til Torsdagen. Daa hev han skuslat burti ei heil Vike for aa faa seld ei Ku, um han so berre bur ein 4-5 Mil fraa Byen.

 

Er det Meining i slikt Stell? Nei me lyt faa ein Endskap paa dette, og det med det fyrste au, for slik Bondetyningtolar me ikkje; Tidi er kostbar for Bonden au no.

 

Ola Fet.

 

 


Frå Fedraheimen 03.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum