[Ymist.] Rusland.

 

Modestow, den namngjetne politiske Forfattaren, hev i Bladet Novostiskrivet ein lang Artikel, som hev vortet mykje umtalat. Han skriv m. a.: Heile Verdi talar um, at det vert straks Ufred av det, men ingen kann gjeva fullt Svar paa Spursmaalet um, mot kven og kvifor Rusland maa gripa til Vaapen att. Me er Vener med Tyrkriket, Austrike og Tyskland; Frankrik ynskjer aa slutta seg til oss, og med England hev me og vortet einige. England kann ikkje taka paa oss, utan det fær Hjelp av ei onnor Stormagt. Og trass dette, skyner me, at Krigen maa koma. Kva er Grunnen? Jau, Faaren ligg i Forhaldet til Tyskland og Austrike, eit Forhald, som i Grunnen er Fiendskap. Rusland freistar aa faa meir Magt paa Balkanhalvøyi, og um det lukkast, so er det ute med Austrike. Austriket kann ikkje, utan det fær Hjelp av Tyskland, strida med Rusland. Tyskland hev ein betre Stelling til Rusland, det utgjer eit fast Lekame med Avsyn paa Folk og Politikk og tarv ikkje ræddast for, at Rusland skal faa nokon Innflytelse paa Folket. Men Magti aat Rusland bind Henderne aat Tyskland baade i Notidi og Framtidi. Um Rusland sluttad seg til Frankrik, vilde det vera ille med Tyskland, og difor er det, at Tyskland freistar aa svika baade Frankrik og Rusland kvar for seg, til den Tidi kjem, daa Tyskland kann gaa mot Rusland med heile Europa med seg. Tidi for dette hev vortet utsett, til Tyskland paa ein elder annan Maate kjem i godt Forhald til Frankrik. Naar det so hev sleget Tyskland, snur det seg mot Frankrik og knusar det eingong for alle. Tek Rusland Bulgaria, vil det straks koma i stand ei Semja millom alle europæiske Magter med Undantak av Frankrik. Det er berre i Frankrik, at me ikkje møter paa alt detta Hatet, som møter oss i alle andre Land. Men Rusland tarv ikkje ræddast. Endaa det ikkje er sterkt i Pengevegen, so eig det store moralske Midlar og so lenge dei varer, so vert det altid Raad med Pengar.

 

 


Frå Fedraheimen 03.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum