[Kristiania, den 2dre Novbr.] Hugsa paa Vinjestytta Maalmenner!

 

Kristiania, den 2dre Novbr.

 

Festen for Regjeringivart halden paa Litlehamar no Sundag var. Av Regjeringi møtte Statsministaren, Haugland, Sørenssen og Ja. Sverdrup. Jørstad baud dei vælkomen og derpaa heldt gamle Stortingsmann Fougner fyrst ein Tale for Kongen og sidan Festtalen, som var eit endeframt Forsvar for Oftedølerne. Dei hadde stydjat Regjeringi og hevdat Grunnloven og Kristendomen. Kva Vinstre vilde, visste han ikkje; dei hadde kravt Aandsfridom, men Aandsfridom var det i Landet.

 

Statsministaren talad um Slegtskapet millom hans og Fougner sin Uppfatning, um gamle Merkjesaker og uppstillad som nye: unionel Utanriksministar og Sokneraad.

 

Chr. Bruun talad for Stortinget og Jakob Sverdrup for Bonden, Skard for Haugland og Haugland for den heimlege Utvikling og Folket i Gudbrandsdalen og tilslutt Bruun for Per Bøe.

 

Av Talarne kom det inkje noko nytt fram. Mange hadde ventat, at Statsministaren hadde komet inn paa Unionsforslaget hans Quam, men aldri Dusti av det helder. Beste Talen var, tykkjer me, Haugland sin, og me skal taka han inn neste Gong.

 

 

Professor i Teologi F. W. Bugge uttalad paa Stiftsmøtet: ”Hovedindvendingen (mot Nødcivilegteskapet) har været denne, at der vilde falde Skam over de saaledes borgerlig stiftede Ægteskaber, at de vilde blive en lavere Klasse af Ægteskaber, Gjenstand for Foragt”.

 

Ja, jeg indrømmer, at saa formodentlig vil blive Tilfældet. Men jeg spørger: er da dette en saa afgjørende Indvending? Ialfald fra kristelig Standpunkt synes den ikke at kunne have saameget Vegt. Eller kan det egentlig fra kirkeligt Standpunkt siges at være ønskeligt, om den almene Opinion ansaa de kirkelig og de borgerlig stiftede Ægteskabe lige gode, naar Grunden for den borgerlige Stiftelsesmaade er vedkommende Personers mislige Religioner eller moralske Forhold?” - ”Hin ”Ringeagt” for de borgerlig stiftede Ægteskaber, er egentlig kun den anden, negative Side af den Agtelse for Ægteskabets sædelige Karakter, som dog ogsaa Staten maa ønske hævdet. Den kan uden Tvil føles som et Onde for de Individer, hvem den gjælder, men deraf følger slet ikkje at den er et Onde for Samfundet i dets Helhed”.

 

Soleis talar ein teologisk Professor i Aaret 1886!

 

 

SumeHøgrebladhev fenget det so annt med Maalskularne Landet rundt. Dei kjem dragande med det eine Stykket etter det andre, som skal prova, at dei Pengar, som Tinget hev gjevet til dei, er burtkastat. Soleis var det nyleg ei Skrøna i eit Høgreblad i Trøndelagen. Det fortalde um ei Gjente, som gjekk paa Maalskule paa Hylla hjaa Hægstad. Denne Gjenta skulde hava sagt, at ho gjekk ikkje paa Skule for Maalet si Skuld, men ho totte det var gildt aa tena Pengar so lett. Ho fekk 40 Kr. som Stipendium, og so sparad ho dei 20. Denne Skrøna hev gjenget Landet rundt i Høgrebladi, som fann, at dette var ”Mat for Mons”. Dette er dei beste Midlar Høgrebladi hev til aa arbeida mot Maalsaki paa. Dei ser, at det er umogelegt for dei aa stoppa Straumen, no han hev vortet so sterk. Det finst ingi av desse Blad, som sjølv trur paa noko sovoret som, at Maalet ikkje er til, at det er umogelegt for Maalsaki aa vinna fram o. s. b., det beste, dei fyrr hev havt aa koma med. Straumen vert dei for sterk, dei ser, at det gjeng til Botnen med dei, og so gjer dei nett som Mannen gjorde, daa han heldt paa aa drukna, dei tek etter - Halmstraaet.

 

 

Ministeren” Selmer gjeng att. Ein Stykjonker burt i Kristianssand, som heiter Lahn(!) ropad: ”Længe leve Ministeriet Selmer”, her for ei Tid sea. Dette tolde nok ikkje Sverdrup, er det sagt; og so skal han ha sendt eit Bod til Stykjonkaren – gjennom dei vanlege Krokvegar – og sagt ”at Militære skal iagttage de skyldige Hensyn ligeoverfor Statsmyndighederne”.

 

So haarsaar burde ikkje Ministeriet Sverdrup vera; dei lyt vera vakset ifraa ei slik Framferd dei Kararne, for ho er ikkje Domen tess.

 

Kann ikkje Hr. Lahnfaa skrika: Leve ”Ministeriet” Selmer!so mykje han orkar, heilt til han vert haas um han vil; det er berre løygjelegtdet; plent som:

 

Lenge live avlivadKyrkjesongar Jensen paa Ringerike! Han live!”

 

 


Frå Fedraheimen 03.11.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum