Ymist.

 

 

Henrik Ibsen hev skrivet eit nytt Skodespel, ”Den Ensomme”.

 

 

Kristianiadaning. ”Se derfor tænker jeg mig – thi vi, som bor inde i ”Borgen” har ikkje saa godt for at vide det – jeg tænker mig, at de, som bor trindt omkring ude i Landet, faar føle, at det er en vanskelig Sag at staa som Forpost for den konservative Sag”. Det var det Presten Heuch, som sagde. Kristiania det er Borgi med Grosserarar og Juristar og Teologar som Komendantar, og det er Livet og Sanningi aa tru paa dei, alle som hjelper til paa Høgresida utigjenom Bygderne, reiknar dei sjølv berre som Forpostarne sine for den einaste rette sunne og sanne Daning og Upplysning, - Kristianiadaningi.

 

 

Nasjonal Sjølvuppgjeving. Fædrelandetfortel no, at vaart reine trilitat norske Flag ingenstad høyrer heime. Det er underlegt med sume, dei torer ikkje eiga nokon Ting for seg sjølve, ikkje kalla nokon Ting for sitt eiget, utan naar det hev ein Lapp elder eit Merkje av Trældom og Sjølvuppgjeving med seg. Soleis med Flaget, likeins med Maalet.

 

 

Den literære Eigedomsretten hev desse Land gjenget med paa: Tyskland, Frankrike, Italia, Sveis, Spania, Belgia og England. Dei, som stend etter no, er: Noreg, Sverike, Danmark, Austrike, Ungarn, Holland og Nordamerika.

 

 

Konsul Thomas Johannessen Heftyedøydde Natti til igaar, 64 Aar gamall.

 

 

Statsraad Jak. Sverdrup hev i Sumar butt paa Snarøyi tett ved Byen. Her ein Sundag heldt han Uppbyggelse for Arbeidsfolk. Dette toler ikkje Høgrebladi, men kastar seg yver han, som um han hadde forbrotet seg. Stakkars Høgre, som maa dragast med slike Blad!

 

 

Til Folkehøgskulen i Aafjorden, som vert styrt av Presten K. Seip, hev det meldt seg 38 Gjenter.

 

 

Aanden i Drammen. Dagen fortel, at daa Statsraadarne reiste attende fraa Hønefos, var det nokre Folk i Drammen, som stelte seg upp paa Banestasjonen og pipad. Dette er no Høgres Maate aa ”være Øvrigheden underdanig”.

 

 

Arendal hev hittil voret den einaste Byen i Landet, der det ikkje hev voret Fatikskat; men no ser det ikkje vidare rart ut der helder. Privatbanken hev spelat upp. Bankstyraren skal hava fantat til seg store Pengar, og no ser det ut til aa verta likefram Naud i Byen.

 

 

Ein Danske um Maalsaki. Ein Brevskrivar til Dagbl. fraa Sønder-Jylland fortel: ”Jeg fik mig her om Dagen en Samtale med en rent intelligent Sønderjyde. Vi kom ogsaa ind paa den norske Maalreisning. ”Jo”, sagde han, ”den Bevægelse kan jeg saa godt forstaa, og at det er Eders Nasjons sundeste Kræfter, som reiser den. Lad saa være, at det danske Sprog falder Eder mindre fremmed end det tyske gjør os, - i sit eget Sprog har alligevel Eders Folk nedlagt, i Udtryk og Vendingar, i Billeder og Sagn, hvad det fra Slægt til Slægt har levet under Indtrykket af Eders Lands eiendommelige Natur og Forhold. Man trækker sig ikke av og i et Sprog som i en Trøie.

 

 

I Helleland ved Ekersund hev tvo Lærarar vortet avsette, av di dei ikkje vilde bruka ”Jensens Læsebog” i Skularne sine.

 

 

Statens  Planteskular. Fraa Planteskularne ved Farsund og Molde er det komet ut Prislistur, som ein fær fritt hjaa Bokhandlar Alb. Cammermeyer. Listurne inneheld Namnet paa 40-50 Slags Tre og Buskar, og er lagat soleis, at ein berre tarv senda dei til den Planteskulen ein vil kaupa Tre hjaa.

 

Me hev motteket ei sovoren Lista og tykkjer, ho er framifraa greid. Det er mange paa Landet, som gjerne vil planta, men som det ikkje vert noko med, daa dei ikkje hev Greide paa, kor dei skal av, for aa faa Tak i Tre. Naar ein hev denne Lista, fær ein Greide paa alt: Treslag, Høgde, Pris o. a. Me bed Lesararne paa Landet tenkja paa dette og varskua andre um det.

 

 

I Trondheim hev det nyleg voret ein Tankelesar, Cetti. Han heldt eit Par Møter (Seancer), men det gjekk reint gale for han. Trøndarne vart sinnad paa han for det, og so pipad dei han ut, og det so det verkad og. Cetti hev fyrr voret Uppvartar, men han finn vel, at dette løner seg betre. _

 

 

Spiritismen. Det finst mange Folk, som trur, at det er sume Folk, som likefram kann faa Aandarne til aa gjera Kunster, som t. D. lyfta Stolar og Bord, skriva paa forseglad Tavlur o. m. s. Desse Folk kallar dei Spiritistar. (Namnet kjem av Spirit, Aand). Ein av dei fyrste bland dei, Dr. Slade, uppheld seg i desse Dagar i Kristiania. Det hev voret sume Folk hjaa han og skulde sjaa paa, men det vilde ikkje gaa. Aandarne vilde ikkje lyda, sagde han sjølv, medan dei, som saag paa, meinte, at det var fordi dei passad altfor væl paa han. Folk flest trur no, at det er berre Fanteri (Humbug) alt i hop. Dei trur, at det Arbeidet, Aandarne gjer, ikkje er anna, enn kva kvar ein Tusindkunstnar kann gjera. Og det er no noko Tull og aa tru, at Aandarne ikkje hev anna aa gjera, enn aa lyfta Stolar og bord elder gjera andre Kunststykkje. Me for vaar Del trur, at Aandarne hev langt høgare Ting for seg.

 

 

Vakkert gjort. Den einaste Sonen aat ei Ekkja i Kobbervig døydde nyleg i Amerika. Han var Sjøgut og for med eit amerikansk Krigsskip, Pensacola. Straks han døydde, sende Chefen Brev til Mori, og inni laag ein Veksel paa 360 Kr. og Lovnad um, at ho kvar Maanad skulde faa 8 Dollars, so lenge ho liver.

 

 

Santalmissjonen. Den 19de Aarsmeldingi for Santalmissjonen er utkomi. Utanum dei tri Missjonærar Skrefsrud, Børresen og Berg, er det no 4 Santalprestar, 2 europæiske Lærarar, Engelsmannen Muston og Nordmannen Bunckholdt, 57 reisande eldste, 4 Diakonisser, 8 Kateketer, 5 santalske Seminarlærarar og ein santalsk Forstandar. I Noreg hev Santalmissjonen sitt eiget Blad Santalen, som kjem ut ein Gong um Maanaden og kostar 1 Kr. Aaret. Skrefsrud hev sett i hop ei Salmebok, som inneheld 171 Salmar. Mesteparten av ”Vogts Bibelhistorie” er umsett. Dessutan held Skrefsrud paa med ei Santal-ordbok, som hev kostat han mykje Stræv.

 

 

I Liverpool hev det nyleg voret ei Utstilling, der mange norske og er med. Det er sagt, at Norig kjem til aa gaa av med nokre av dei største Præmiarne.

 

 

I Ruslandhev det komet ut eit Paabod um, at alle jødiske Verkstader skal stengjast. Likeins er det forbodet 9000 jødiske Arbeidarar aa arbeida.

 

 

I Belfast(Irland) er det fælt no. Det er Slaasting og Drap kvar Dag, so det er mest umogelegt aa vera der. Det er millom dei katolske og Protestantararne, Striden stend. I heile England fæler dei for, at det no kjem til aa verta verre i Irland enn noko Tid, etterdi Regjeringi ikkje vil gjera noko for Folket, men berre tenkjer paa aa trælka det. Parnel hadde nyleg eit Forslag framme i Parlamentet, men trass, at baade han og Gladstone talad for det, gjekk det ikkje gjennom. Det er dei rike Lordarne, som enno raar i England, og dei Folk hev ikkje stort Hjartelag for dei smaae. Men Hemnen kjem nok eingong.

 

 

Den største Kikaren i Verdier straks ferdug no. Han er 57 Fot lang og 36 Tumar i Tversnit, og skal sendast til Fick-Observatoriet i Kalifornia. Det vil kosta 42,000 Dollars berre aa setja han upp.

 

 

Smørfusk i Belgia. I Byen Gent var det komet mange Klagar til Politiet yver Smørfusk. So ein god Dag gjekk sjølve Politimeistaren ned paa Torgi og ransakad alt Smøret. 2000 Kg. vart atterhaldet og, ikring 100 Smørhandlarar vart meldte. Daa Bønderne saag Politiet koma, skynad dei straks, kva det var, og freista daa koma burt, men vart stoppad av Politiet.

 

  

Um ein Diktarfortelst det, at han var glupe til aa gjera Vers, med han enno var berre Barnet. Faren var sinna paa han for dette, og trugad med aa slaa han, dersom han gjorde Vers oftare. Ein Gong stod han nett og skulle til slaa honom for sovore. Men Guten kastad seg paa Knei framfyr Faren og ropad:

 

Aa – kjære Fader, slaa ’kje til,

eg fleire Vers ei gjera vil!

 

 

Jau, rimelegt nok.Ein ung Mann segjer til Bror sin, som nyss var forlovat: ”Eg maa regtigt nok segja deg, Kristian, eg held ikkje av Kjærasten din”. – ”Nei Tak, det vil eg og helst vera aaleine um”, svarad hin.

 

 


Frå Fedraheimen 06.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum