Fraa Naturriket.

 

(Del 4 av 4. Fyrste delen.)


(Av K. O. B.i Nora).

 

Etande  Sopp. At Sopp kann vera Folkemat finn mange utrulegt, og so kann den ikkje berre til Naud brukast, men er endaa baade velsmakande og nærande, ja i lange Tider er sume Slag Sopp anset som ein Godbit, som hev vortet betalat med det reine Gull og brukt i dei finaste og fornemaste Gjæstebod.

 

I Utlandi er ogso Bruken av Sopp mykje aalmen, og paa Torget i dei større Byar finst den altid tilsals. Nokre Slag innførast ogso hjaa oss fraa Utlandet og betalast i dyre Domar, medan vaare eigne Skogar um Hausten er fulle av etande Sopp, som berre rotnar upp elder vert Makkeføde.

 

Me lyt vedgaa, at me i mange Ting enno ligg langt tilbake mot andre Land; men det er mi sikre Tru, at ”me koma, um ikkje so braatt”. Soleis ogso med Bruk av Sopp. Det vilgaa, naar Folket fær betre Upplysning, og naar Framstigsmennerne fyregjeng dei andre med eit godt Døme; serleg skulde Folkeskulelærararne hjelpa til, der dei saag eit Framstig paa ein elder annan maate. Seminaristarne skulde paa Seminariet upplærast til aa kjenna og bruka Soppen til Mat, og naar dei so kom ut blandt Folket, kunde dei retleida baade dei vaksne og Borni til aa skilja millom dei etande og ikkje etande Slag, og korleis dei tillagast, naar dei brukast til Mat. Som det no er, lyt kvar søkja aa faa seg den Upplysning, han kann um denne Ting av Blad og Bøker. Av slike kann eg serleg nemna: ”Spiselig Sop, dens Indsamling, Opbevaring og Tilberedning med en Sopkogebog af O. Johan-Olsen” og dei dertil høyrande ”farvetrykte Tegninger”. Boki kostar berre Kr. 0.40, og Tekningarne Kr. 3.40. For dei, som kann tysk, kann eg nemna ei Bok, som kallast: Die Pilze, von Otto Wünsche. Ho er nokso greid, og ein kann finna alla Slags Sopp etter henne. Prisen er visst Kr. 4.00.

 

At Soppen er velsmakande visar seg blant annat derav, at dei gamle Romarar, som var noko sonær dei mest godetande Folk i Verdi, brukad mykje Sopp. At han er nærande er ogso provat; Vitenskapsmennerne hev analyserat han, det vil segja uppløyst han i dei Delar, som han bestaar av og dei hev paa den Maaten funnet, at han inneheld paalag same Delar som Kjøt og altso er nærpaa likeso nærande som dette. Det er ogso dei, som hev prøvt aa liva av berre Sopp i fleire Vikur ja endaa Maanader, og dei hev funnet seg berre vel av han.

 

Det er no ikkje alle Stader i Landet, der finnast so mykje Sopp, at det kann verta Tale um aa bruka stort av den; men paa andre Stader derimot finnst den i massevis. Det er no serleg i Skogbygdarne, at Soppen trivst, og den veks der ofte i slik Mengd, at ein kann plukka full ein Tynnesekk paa ei liti Stund.

 

Det er ogso serleg i Vaatvedr, at Soppen trivst best. I dei vaate Sumrar og Haustar, daa Grøda ofte slær imist, er Skogarne fulle av Sopp. Kunde difor Folk bruka Soppen, vilde den i kvart Fall i Uaar koma fælt væl med. Det vart nok Skilnad paa aa eta Sopp og Borkebraud, som dei aat i gamle Dagar, naar det vart Uaar.

 

Men no er Ulukka den, at ikkje all Sopp er etande; det finnst den, som er giftug dessmeir. Det gjeld altso aa skjelna millom dei etande og dei giftuge. Dette er daa ikkje so lett alltid; for noko ytre Kjennemerke, som er sams for alle giftuge elder alle etande Slag, finnst ikkje. Ein lyt difor læra aa kjenna nokre av dei beste Matsoppar og so berre bruka desse; daa er ein trygg.

 

Der er ogso ein annan Vandske, som daa ikkje er so stor; det er, at der i dei ymse Landslutar finnst ymse Slag, og no er Landet vaart ikkje so godt granskad enno, at me med Visse kann segja, kvat Slag det er, som veks paa dei ymse Stader. Vokstrarne er mykje betre granskad, og det kjem no for ein stor Del av, at det hev voret so mange, som hev lagt seg etter aa læra aa kjenna deim. Dessutan er det lettare aa vardveita (opbevare) Vokstrarne enn Sopparne. Finn ein t. D. ein Vokster, som ein ikkje kjenner, so kann ein berre leggja han millom Papir og pressa han, til han vert turr, og sidan vardveita han, so lenge ein vil. Ein kann so senda han, elder taka han med seg til einkvar, som er kjend i Læra um Vokstrarne, og faa han ”bestemd”, som det heiter, elder faa vita Namnet paa han. Naar ein vert noko upptamd, kann ein ogso sjølv læra Vokstrarne aa kjenna etter Bøker (t. D. ”Norsk Flora” av H. Sørensen elder ”Norges Flora” av Blytt).

 

No kunne ein bera seg like eins aat med Sopparne, dersom dei let seg gøyma; men her er Vandsken. I Spiritus kann ein vel vardveita mange Slag; men dette vert altfor dyrt. Ein billegare Maate er daa den, aa flaa Skinnet av Sopparne og kleima det upp paa Papir; men denne Maaten er helder ikkje so endefram. Ein kann læra han av eit Stykkje av O. Johan-Olsen i ei Bok, som kom ut i fjor hjaa Cammermeyer og heiter: ”Meddelelser fra den naturhistoriske Foreining i Kristiania”.

 

Eg skal kannhenda ein annan Gong tala nærmare um denne Maaten; no fær eg ikkje Plass til anna enn aa nemna nokre av dei beste Matsoppar, og korleis desse brukast.

 

Sopparne er i Grunnen ikkje anna enn nokre fine Traadar, som trivst i Jordi elder i rotet Tre. Det er berre sjølve Fruktknoppen av den verkelege Sopp det, som veks paa Marki elder paa Tre, og det er dette, som me aalment kallar Sopp. Han ser oftast ut som ein Regnhatt elder Paraply. Under Hatten er daa den Delen, som kallast Frælaget, og det er det, som er det beste Kjennemerke paa Sopparne; etter det vert dei inndelad i ymse Avdeler:

 

 

1. Skivesopparne. Frælaget er her ihopsett av Skivur elder Blokur, som gjeng fraa Stylken ut til Kanten av Hatten. Til denne Avdelingi høyrer nokre av vaare beste Matsoppar; men mange giftuge høyrer ogso dertil. Av dei etande skal eg nemna: Risken (Lactarius deliciosus), som er kjennande paa den brandgule Mjølkesafti, som tyter ut, naar han vert broten av; i Lufti vert denne Safti grøn. – Champignonarne(les Sjampinjongarne) er dei mest vælsmakande, som me hev. Dei er kvite elder graalege; naar dei er unge, er dei eggrunde; men naar dei er fullvaksne, ser dei ut som ein Regnhatt; Fræskivurne vert daa svarte, og dei hev ein Ring paa Stylken. – Blekksoppen hev Fillur paa Hatten, som ser ut som taklagde Skjæl; han hev ogso Ring paa Stylken. Naar han vert gamall, uppløyser Frælaget seg i ei tjukk Væta, som likjest paa Blekk; men naar han er ung, er han kvit heilt igjenom. – Kantarellen er mindre enn dei, eg eg fyrr hev nemnt; han er gul utanpaa, kvit inni og ser ut som ei Tregt, naar han er fullvaksen; Stylken er glatt. Der er ein annan, som er giftig; dei er fælt like, men Stylken er lodden paa denne.

 

Der er mange fleire av Skiivesopparne, som er etande; men eg skal ikkje nemna fleire her.

 

2. Røyrsopparne. Av desse kann me skjelna millom tvo Slag: Kusopparne og Saudesopparne. Hjaa dei fyrste kann Frælaget skiljast fraa Hatten; men hjaa dei siste er Frælaget so fastgrodd til Hatten, at det lyt skrapast vekk med Kniv. Kusopparne kallast ogso Pipsoppar; for Frælaget er danat av ihopstuvad og samangrodde Pipur elder Røyr. Av desse finst det tvo, som er giftige: den løynske Kusopp (Boletus luridus), som fyrst vert blaa, naar du bryt honom tvert av, dernest raud og endeleg gul; Frælaget er paa Undersida raudt. – Riparsoppen(B. piperatus), er gul baade utanpaa og inni og hev ein fælt beisk Smak. Dei andre Sopparne er etande; eg skal nemna Herresoppen(B. edulis), som hev graakvit elder graabrun Hatt, som tilslutt vert liksom kvelvd uppyver mest som ei Skaal. Frælaget er graatt og Stylken tjukk og nærpaa glatt. – Smørsoppen (B. luteus)kjennast lett paa ei gul Hinne, som paa unge Soppar ligg yver Frælaget og sidan heng som ein Ring um Stylken. – Skurvutt Kusopp (B. scaber)hev ein raudbrun tjukk Hatt, og Stylken er kvit- og graaprikkutt. – Saudesoppen (Poliporus ovinus) er gul elder graakvit; Hudi paa Hatten er ofte sprokki, Frælaget kvitt.

 

3. Piggsopparne. Frælaget er her danat av Piggar elder Taggar, som heng ned fraa Hatten. Av deim finnst ingen giftuge Slag. Eg skal nemna tvo, som altso baae er etande: den brune og den bleike Piggsopp (Hydnum imbricatum og repanoum). Den fyrste er graabrun med store Skjæl, som ligg taksteinlagde; den sidste er kvit og ujamn og hev ei Grop i Midten.

 

4. Fingersopparne. Hatten er klubbedanad elder fingerdeilt. Ingen av deim er giftuge.

 

5. Røyksopparne. Hatten er rund som ei Kula, og Stylk manglar dei ofte; medan dei er unge, er dei kvite heilt igjenom, og det er daa, dei er etande. Sidan lagar Innmaten seg som ei Dumba, som ser ut som ein Røyk, naar det gjeng Hol paa Skalet.

 

6, Morklarne hev eit skrukkutt og ujamnt ytre. Dei veks serleg um Vaaren. Naar ein skal bruka Soppen, tek ein som oftast vekk Frælaget; av Risken, Kantarellen og Fingersoppen trengst daa ikkje dette. Deretter vert han vaskat og kann so leggjast fram paa Panna elder i Gryta. Ein kann steika han, laga Lapskaus av han og koka Supa paa han. I det heile kann eg segja, at Soppen kann brukast som Kjøtt, og naar ein byrjar med aa bruka han, so vil ein snart læra aa laga han paa den Maaten, ein likar best. Det er ikkje bra aa steika han meir enn eit Kvarters Tid; men naar ein vil koka Supa paa han, kann Kokingi vara eit Par Timar; ein fær daa ut all Krafti, men Soppen vert seig og maa kastast vekk. Det er helder ikkje bra aa koka Soppen i Malmgryta, for Eiret av Gryta vil daa gjera Soppen svart. Blekkpanna elder fortinnad Grytor er best.

 

Til Bruk um Vinteren kann Soppen saltast ned, turkast, røykast, leggjast ned hermetisk elder leggjast ned i Edikk og syltast. Til aa salta ned er det best aa taka Riskar, Saudesopp og Piggsopp, naar Kjøreldet er fullsaltat, leggjast ein Stein yver. Sopp turkast best i ein Bakaromn, men kann ogso turkast i Lufti. Er han turkad knasande turr i ein Bakaromn, kann han knusast til Mjøl, og av dette Mjølket kann ein sidan koka seg Supa. Hertil er Kusoppen, Røyksoppen og Risken best. Røykast kann Soppen paa Lag som Fisk, men han treng kortare Tid. Til aa røyka maa ein bruka dei store kjøttfulle Soppar.

 

 


Frå Fedraheimen 06.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum