Finnen paa Grande.

 

(Nordtrønderen).

  

Det var i den Tidi, at Finnarne var so sleme til aa fara med Trolldom, at det var ein Prest paa Grande, som ikkje vilde tru, at Finnarne kunde trolla. So hende det ein Sumar, at Presten fekk ein Finn til aa gjæta, og det gjorde Finnen svært godt, for um Hausten, daa Snøen kom, var det ikkje eit einaste Krøter burte for Presten, endaa det um Sumaren hadde voret slemt for Grannarne aa berga Buskapen for Bjørn og Varg. Finnen vart hjaa Presten ei Tid, etter at Krøteri var innsette, for Presten likad honom godt. So var det ein Dag, at Presten bad Finnen, um han vilde bera noko Spon elder ”Kaari” inn i Vedskotet, daa det laag ei heil Mengd ute etter nokre Timbremenner, som hadde sett upp ein ny Laave um Sumaren. Daa Finnen hadde boret Spon ei Stund, bad han Presten um Lov til aa setja ”Fykjen paa Kaarin”. Det hadde daa Presten ikkje noko imot, naar berre Sponen kom inn i Vedskotet. Finnen gjekk daa inn i Koven, der han hadde Sengi si. Dit hadde han forbodet dei andre paa Garden aa koma, so lenge han hadde noko av sitt der, og det torde daa helder ingen gjera, daa dei alle var rædde Finnesekken. Finnen var ikkje lenge i Koven, fyrr Sponen fauk ikring Husveggjerne liksom Snø for sterk Vind. Presten og Frua hans stod og saag ut, og Prestfrua vart so rædd, at ho nesten daanad. Ut var det ikkje Raad for nokon aa koma. Rett som det var, kom Finnen ut, og daa var der ikkje ein Spon aa sjaa meir; kvar einaste ein var komen i Vedskotet.

 

Presten bad daa Finnen koma inn, og so spurde Presten honom, um han kunne gjera noko anna. Finnen meinte, at han skulde prøva, dersom ”han Faer” vilde lata honom faa Bjøllekui. Presten meinte, at det maatte lata seg gjera, dersom han kunne visa noko meir. Finnen gjekk daa igjen inn i Koven. Um ei Stund kom det ein stor Bjørn ut or Koven og med eit sprang han aat Fjoset. Daa ropad Presten paa Raadsdrengen, at han maatte taka Byrsa og vera med til Fjoset. Daa dei kom dit, hadde Bjørnen nesten fenget Livet av den store Bjøllekui. No skynad Presten, kva Udyr det var, som hadde øydelagt Krøteri aat Grannarne um Sumaren, og so bad han Drengen skjota Bjørnen. Det vart gjort. Men daa dei skulde taka Skinnet av honom, so var det eit Slag Bjørneham utanpaa Finnen. Og i Sekken hans inne i Koven fann dei sidan fleire Bjørnhamar og Varghamar.

 

So vart det fortalt, at naar Finnarne fann Bjørnhide og Ulvhide, tok dei eit Slag Ham elder Hamn elder Sekk, som var ikring Ungarne aat desse Dyri ved Fødsli, og naar Finnarne tok paa seg den Hamen, vart dei til fullkomelege Rovdyrog enndaa verre enn verkelege.

 

 


Frå Fedraheimen 06.10.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum