(Del 3 av 3. Fyrste delen.)


(Slutt fraa fyrre No.)

 

Dæ er inkje Kultur alt som meller seg som Kultur helder. Ein Nasjon kann rotna burt under ein høgt uppdriven Kultur. Dæ var no rart, um den europæiske Aandsstraumen, um Naturlisma skulde vera so rein, at me tankelaust og viljelaust kunne taka paa mæ berre supa ho i oss mæ Hud og Haar i so djupe og lange Drag som berre mogeleg. Kva er dæ no dei er so langt framum oss i der ute i Europa? Er der mindre Fatigdom millom ”dei smaa”? Store Rikdomar er der, men etter Maaten er der au paa dei fleste Stadarne større Fatigdom. Eg veit inkje betre enn me skulde kunna reiknast millom dei, som er lengst komne i Fridom au. Kannhende dæ er smaatt i Kunst og Vitenskap, men til eit lite Land aa vera mæ so stutt Sjølvstendugheit som sea 1814, trudde eg me der au skulde vera mæ dei fyste og hava noko aa syna fram. Men so vil me stengje oss ute no, vert dæ so ofte sagt. Ja dæ er den gamle Visa, som var kveden mot Vinstremennarne og Maalmennarne fyrr. Dæ er Stikkordi honos. Daa paa ei onnor og ny Gjerd. Men gjer no oss ”Heimfødingarne” kloke paa alt dæ gjilde ute i dei andre Land i Europa daa? Men seg oss inkje berre um dæ store og dæ gjilde, tak mæ Vesaldomen au. Navnlausen, som er so europakjennt kann fulla gjera dæ. ”Heimfødingarne” lyt eingong faa vita, kva alt dette gjilde er, so kann der bli Folk av dei au eigong. Visa um aa apa etter, kjem nok atte paa nyt Lag no. Intiligensen bli jamt seg sjølv lik. Det er mæ den, som mæ Maanen, som sloknar i den eine Enden og nører seg atte i den andre.

 

Dæ var no Bruun, som blei gjort til fyste Søndebukkjen for ”Wergelandsvalmaalet”, ”Valmaalsteoriarne” og dei ”mugne Skjinkurne”, men no heve han svara so væl i Bladet sitt No. 43, at eg tænkjer baade Navnlausen og andre vil hava godt av aa lesa dæ. Naar fleire av Folkehøgskuleungdomen vilde leggja seg meir dæ paa Hjartat, kunne dæ hende, at den Simpelheiti, som Folkehøgskulen lova skulde vekse ut ifraa honom, kunne koma meir fram. Eg tænkjer her er Tid til segja eit Ord um dæ no.

 

Du ser altso, Navnlausen, at eg heve tala fyrr mæ Sambygdingjen min um desse Symbol han set upp som Merkje paa Bruun og Bøndarne. Forresti var Ullmann i Stortinget daa eg skjemta mæ dette Forslaget, dæ var endaa meint paa, at dæ skulde bli sett fram fyrr Tinget slutta, for eg totte tænkje, dæ maatte hava Braahast mæ Knebrøkjer, Topphuvur og alt dæ der, naar dæ slik kunne forarga Folk. Men dæ kunne lite nytte aa draga berre Hudi av, derfor totte eg, at dei gamle Bøndarne laut vera mæ heiltupp. I grunnen var dæ dumt av meg, for hadde dette Forslaget bleve vedteket, so hadde vist eg blivi millom dei, som hadde blive vist ut or Landet, liksom dei franske Prinsarne.

 

Navnlausen er Gut, som veit kva norsk Kultur er, han! No heve han fare umkring heile Verdi og funne norske Knebrøkjer, Toppbuvur, Bukkehorn, Tresko og Skjinkur o. s. fr. jamvel norske Husko hjaa Indianaranne. Han er vifjørug den Navnlausen. Han er som Gjeitefløten, den er helder ikkje tjukk, men so er han so mykjy viare. No heve Navnlausen berre atte aa sjaa Topphuva av ”Telnesen”. Den kann du tru er løgleg! Men daa skulde Navnlausen læ godt, berre han fekk sjaa den! Men daa skulde han koma til aa faa sjaa mange Draumar! Men for alting i Verdi, set ho berre inkje paa deg, hellest kunde du bli draumsjuk. Kor heve han ”Telnesen” fengje alle Draumarne sine fraa tru? Navnlausen veit dæ, berre han vil so! – Den som inkje drøymer, han trur inkje, og trur du inkje, so skaa dæ vera snaut um du bli længer enn Makkjen, som kviknar i Osten. Bli dei Vaksne forvaksne til aa høyra paa Romantikk, so veit eg endaa nokre, som inkje vil halda seg for store elder for gode til aa høyra um han Bestefar og Bestemor. Dæ er Smaaguta og Smaagjenta. Vær inkje alt for kaut mæ den nye Visdomen din, Navnlausen, dæ kann hende, at Draumarne, som er i Topphuva paa ”Telnesen”, kann bli likso druge. Men eg lyt passe Topphuva mi væl, so ho inkje bli uppeten av Gjeitekjeften. – ”Røda sant og erlegt” ja. Kven er no erlegare, anten den som kjem fram mæ dæ han meinar, enn den som høler og jøler, men kritiserar bakum Ryggjen? Eg kann segja Navnlausen dæ, at eg veit ingjen som heve stae Ullmann nere, som meir heve sagt honom dæ som me mislikar, dæ heve eg gjort baade skriftleg og muntleg, og no seinst paa eit Folkemøte i Seljor, og helles ofte sagt dæ til dei, som eg viste vilde bera dæ fram. Men dæ munar oss like mykjy. Ullmann skaa lære oss alt han, men han tarv inkje lære nokonting av oss. Han er den klokaste baade i smaatt og i stort, so det er baade vrangt og vonlaust aa faa tala ut til honom. Derfor er der so mykjy Kritikk bakum honom au, jamvelt hjaa dei, som Ullmann trur fylgjer heilt mæ og er honoms beste Vener. Slik fær ein dæ, naar ein misbrukar Styrkjen sin, so at baade ein sjølv og Folkehøgskulen skaa bli standande som ei Ufeilbarheitsdogme, heilag og ulastande. Kann Personlegheiti og Fridomen koma fram paa slik Maate? Dæ skulde inkje vera ille um Folkehøgskulen tok meir etter den gamle Vismannen og Skulemannen Sokrates. Der er mykjy Kritikk i Folkehøgskulen, ja so mykjy, at dæ ser ut til, at mange som gjenge der, trur, at alt anna i Verdi er galet, berre inkje dæ, som er i Folkehøgskulen – Kritikk føer Kritikk – tilslut gjenge dei der vinglande og trur mest ingjen Ting.

 

Der er mykjy stort og godt hjaa Ullmann, men dæ spring so mykjy av dæ i Lufti av al den Dynamitten. So at so mykjy av dæ, som skulde vera for Hjartat, kjem burt. – Eg blei uppmana av Vinstremannen G. Knutsen um aa segja, korleis Folkehøgskulen stod i Seljor. Skulde eg daa kannhende stae aa logje baade for meg sjølv, for Sambygingarne mine og for Amtstinget? Eg skaa segja Navnlausen dæ, at eg inkje svær meg under anna enn dæ, som stend for meg som Sanning og dæ, som eg kann halda av. Dæ kann du vita til ei onnor Gong. Heve eg sagt anna enn dæ som er sant, so ivityd meg um dæ, men er dæ sant dæ eg segjer, so burde du inkje slaa meg. ”Den audmjuke Aalmugsmann Jørund Telnes”, segjer Navnlausen. – Du lyt orsaka meg, at eg kallar deg Navnlausen vonoms oftare, du heve so ofte nemnt ”Telnesen”, du kann vist hava likso vent Navn du, men no heve du inkje noko anna Navn, som er meir lettvint og høvelegt enn Navnlausen, ettersom du gjeng i ”Skugg og Skjul” mæ Navne dit. – Hadde eg stae skrept og rosa, so hadde eg vore audmjuk og ”gjill Gut”. Men kann ein inkje bli audmjuk no, so veit eg inkje. Fyrr lae dei Folk paa Pinebenkjen, sette Tommæskruvar og Munnkurv paa dei for Trui deires. No leggje dei Folk paa Pinebenkjen, sette Tommeskruvar og Munnkurv paa dei i Morgobladet, Verd. Gangog paa Folkemøti o. s. fr. for dæ dei trur.

 

So var dæ no dæ daa, at ”var eg Telnesen, so vilde eg arbei openberleg og i Skugg og Skjul for aa bli Tingmann”, so kunne han sjølv setja fram Forslaget. Nei dæ kann Navnlausen gjera. Eg fæler for, at der kann hava kome Mell i Broki og Mak i Skjinka fyrr Telnesen vert Tingmann. Ingjenting kann saare mindre enn detta Fuloret. Eg maa segja som Mannen sae: ”Jau, der fekk du dæ!” sae han, Bikkja heit honom i Trefoten. Navnlausen kunne vel au ynskje aa bli Tingmann, men kva skaa me gjera mæ dæ, naar ingjen vil hava oss! Du veit dæ var liksom lidt paa Nippen mæ meg i Haust. Dæ var inkje so faae, som vilde hava Ullmann, meg vilde mest ingjen hava. Ullmann fekk mange Stemmur, eg berre ei, endaa blei Ullmann valt og kom i Vegjen for meg, no heve eg inkje havt ein Helsedag sea.

 

Aa nei, aa lik du er deg allesta, du Navnlausen. ”I Skugg og Skjul” ligg du, og mæ Trollnyklur og Trollhosar skjyte du. Deg kann ingjen saare, dæ er som aa skjote Kula gjønom Skuggjen, ein finn inkje atte Hole.

 

Eg kunne enno hava mykjy aa segja, og naar eg no heve tala so beint ut, trur eg, at Tidi er inne til aa segja noko, og at der jamvel vil koma noko godt ut av dæ.

 

Din ”audmjuke Aalmugsmann

 

Jørund Telnes”.

 

 


Frå Fedraheimen 11.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum