Oftedølerne og Europæarne.

 

Det var svert til Basketak det vart i Politiken vaar, etter at Kiellandssaki var framme i Tinget. Det er ikkje lenger Høgre og Vinstre, som slaast. Vinstre hev splittad seg i tvo Parti, som no kjeglast det beste dei kann. Det var Oftedal, som i fjor tok paa med det, og det er han, som hev Skuldi for det. Han vilde reinska Vinstre. Han saag, at det gode gamle Vinstreparti, som i so lang Tid hadde kjempat for Fridom og Sjølvstende, ikkje vilde dansa etter Pipa hans. Han saag, at dei etter denne lange og harde Striden ikkje hadde Hug til aa faa ei ny Tvangstrøya paa seg. – Difor laut dei burt, og andre lydugare Karar inn i Staden.

 

Oftedal er ein snodig Kar. Kor han fær fram, so vil han støtt hava noko aa segja. Og han er klok. Han forstod, at solenge Striden millom Høgre og Vinstre stod paa, solenge laut han halda seg i Ro. Daa var dei gode nok Europæarne. Men ikkje fyrr var Vinstre komet til Magti, so tok han paa. Han hadde Jakob Sverdrup i Regjeringi, og daa maatte vel noko kunna gjerast.

 

I fjor freistad han daa paa aa kasta nokre av dei dugelegaste Menner i Tinget. Det gjekk ikkje. Han fekk kastad tvo, men so rauk han sjølv og. Daa vart han sinnad, maatru. Sidan den Tid hev det voret sterk Strid millom Oftedølerne og det reine Vinstre. Baae freistar aa forsvara seg so godt dei kann.

 

Oftedølerne paastaar um seg sjølve, at dei er meir kristne og nasjonale enn hine. Dei andre vert framstelte som nokre faarlege Folk. No, det kann ikkje negtast, at det bland Vinstre er mange Fritenkjarar. Minst av alle løyner dei det sjølv. Men difor tarv ikkje heile Vinstre vera Fritenkjarar. Det er ikkje meir enn rimelegt, at Fritenkjarne, som aalment er dei mest utviklad bland Folket, sluttar seg til det Partiet, som arbeider for Framstig og Framgang. Men difor aa kalla heile Partiet for gudlaust, det er meiningslaust. Me veit, at det t. D. er mange Fritenkjarar bland Høgre, men difor torer me ikkje segja, at Høgre er gudlaust. Likeins er det klaart, at dei ikkje er verkeleg kristne alle Oftedølerne. Det er vist ikkje formykje aa segja, at Mesteparten av dei er Hyklarar. Men difor kann ein ikkje kalla heile Partiet for Hyklarar.

 

Nei, det gjeng ikkje paa den Maaten.

 

Det einaste ein kann døma eit Parti etter, er dei Fyremaal, det arbeider for.

 

Ser me etter paa Vinstres Program, so finn me ikkje noko, som peikar mot Kristentrui elder Norskdomen. Tvert imot. Alle dei Framlegg, der er høver godt med baae. Dette er Vestlandspostenog einig i, so det kann ikkje vera der, det ligg. Me maa leita ein annan Stad. Kiellandssaka? Den maa det vel sagta vera. 57 Vinstremenn røystad for. Halvparten av heile Tinget skulde vera mot Kristendomen! Meiningslaust. Nei der kann det ikkje vera.

 

Borgarlegt Egteskap? Dette maa vist vera baade unorsk og ukristelegt? Unorsk er det nok, dessverre, men ukristelegt? Skuleinspektør O. Irgens i Bergen, ein Mann, som hev Ord for aa vera ein god Kristen, segjer, at dette er den einaste, rette Maaten. Og mange aalvorlege Kristne segjer det same.

 

Der er altso Oftedølerne ikkje meir Kristne enn hine.

 

Aalmenn Røysterett? Det at det er Mannen og ikkje Pengarne, som skal vera raadande i Statslivet, det er daa vel ikkje ukristelegt? Det at den stakkars Arbeidaren, som slit og slæpar Dag ut og Dag inn for at andre kann hava det godt, at han og skulde faa Løyve til aa vera Menneskje, det tykkjer eg, høver fælande godt med Kristendomen. Det burde vera ei Samvitssak for dei Kristne aa hjelpa Smaafolket somykje dei kann. Men den beste Hjelp, dei kann gjeva dei, er aa gjera dei sjøvlstendige, og det vert dei ikkje utan aa faa Røysterett. – Her tykkjer eg Vestlandsposten burde taka i. Han kann vera sann nok denne Talen um at Mesteparten av Folket ikkje er hugad paa Loven. Men hev ein ei rettferdug Sak aa arbeida for, so fær ein ikkje uppgjeva ho for det. Ein fær hugsa paa, at det ikkje Folk vil i dag, det gjeng dei med paa imorgo.

 

Kor skal me so søkja for aa finna Prov for, at Oftedølerne er betre Kristne enn hine? Ingenstad tenkjer eg, utan i deira eigne Tankar. Det er Politikk alt saman. Dei veit, at Kristentrui er Folket rædd for. Den held dei for det beste i Livet. Kunne dei no faa innbilla Folk, at hine arbeider imot ho, ja so hadde dei vunnet. Daa kunne det verta Raad med aa faa innførd baade ”Menighedsraad” og andre sovorne Tvangsmidlar. Daa kunne dei faa raada Grunnen aaleine. Men det gjeng ikkje. Upplysningi vil hindra det. Etterkvart som Folk vert meir og meir sjølvstenduge baade i Tanke og Liv, vil dei læra aa skyna, at heile den Oftedalske Politikken er berre Bakstræv. Dei vil forstaa, at for aa vera med paa den, maa dei drepa Aandsfridomen. For den einaste Aandsfridom, det kann vera Gagn i er, at Folk fær Løyve til aa tenkja det, dei vil og likeins til aa koma fram med det. Daa fyrst kann det verta Tale um Tankefridom og daa fyrst kann ein veksa aandelegt.

 

Men det gjeng ikkje Oftedølerne med paa.

 

L. St-.

 

 


Frå Fedraheimen 11.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum