Minne fraa Sogndalsskulen.

 

Naar eg no kjenner dei varme og kalde Gustar av Vaarvinden, so kjem eg til aa tenkja paa dei upplivande og nedtrykte Stunder, eg hadde paa Sogndals Høgskule. Det er endaa liksom eg kann drøyma meg attende i all den Hyggje og all den Kunnskapsrikdom, som der var aa samla. I den herlege, rike Natur, som no er so framifraa væn, er det ofte liksom eg var saman med mine mange staute Kameratar, og som um dei kjærlege, umsorgsfulle og gode Lærarar stod og saag paa, kor me leikad. – Den store romelege Skulesal med dei reine norske Flaggi uppyver Talarstolen, og nokre av dei Talur, som der vart innprentad oss, minnar seg uppatt no. Det er liksom ei Veksling for mig i det einsformige Kvardagsliv, naar eg no tenkjer attende paa Skulelivet. Store Voner hadde eg, daa eg reiste dertil, men dei kunne ha voret mykje større, eg hadde endaa ikkje vorte skuffat, so det Inntrykk, eg fekk av Skulen var ofsa godt. Men den, som vil hava fullt Gagn av Skulen, maa og hava full Greide paa, kva Skulens Uppgaava er. Mest vert det lagt an paa det ”ideelle”, vekkjande og ”praktiske”. Skulen er grundat paa ein so stø nasjonal Grunn, som Raad er. Kultur og Daning liksom sprett fram, og alt, som vert Fyredreget eig liksom nasjonale, heimslege Tonar fraa Norigs Fjell. Dei hev vist aa skaffa seg Lærarar, som kann hjelpa Skulen fram, og so ser det, som skal smeltast saman, for at Fedralandskjærleik og Nasjonalitet kann fremjast hjaa Eleven. Fridom, Likskap og Brorskap er Skulens Feltrop, og det, dei gaar til Felts mot er alt det skeive og laake: Villskap, Raaskap, Feigheit og Aandstomheit, som ein Hardstyrar millom Folket. Dei søkjer i Staden aa faa gjeva Eleven noko, som er stort, høgt og ideelt. Ein, som er ein god Maalstrævar, naar han kjem inn paa Skulen, kann ofta reisa fraa Skulen som ein aandfull Mann og kanskje med Tidi verta eit Ljos i si Heimbygd.

 

Paa Skulen er overs mykje aa læra. Soleis kann dei faa lesa til Middelskulen, Skulemeistarfabrikken elder taka beint Folkehøgskulekurset, som dei fleste gjer. Eg trur, at Sogndalsskulen er ein av dei beste Høgskular Landet eiger, og som eit Bevis kann eg berre nemna den store Søknad, som Skulen hev. Det er vel ingen Høgskule i Landet, som kann mæla seg med den i Elevantal, og det maa vel koma av dei gode Lærarkrefter og gode Innretning, som Skulen hev.

 

Lærararne var H. M. Dahl, som eig Skulen, Edvard Sverdrup, Bror aat Statsraad Sverdrup, Vilhelm Flugum fraa Sogndal og Anders Hauge fraa Lyster. Tvo Gjentur og fire Gutar las Middelskulefag. Me lærde dei vanlege Skulefag og so Landsmaal. Dei, som vilde, fekk lesa Oldnorsk, Engelsk og Mathematik. Kvar Laurdagskveld hadde me vrækast um dei Saker, som er mest uppe i vaar Tid. Skrivet Blad, som heitte Bondeguten, vart uppleset kvar Sundagskveld og etterpaa fri Diskussjon. Me hadde jamnast 6-7 Timars Skule for Dagen, stundom og 8. Etter Jol hadde me med Avslutningsfesten 3 festlige Samkomstar; eine Gongen var det Konsert, og det var ovlege Moro.

 

Me hadde mykje Moro paa Skulen, og mine Skuledagar der vil altid staa for meg, som dei herlegaste eg hev levet.

 

Eit Maalsamlag og eit total Avhaldssamlag var under Skulen sitt Styre.

 

20-7-86.

 

7.

 

 


Frå Fedraheimen 11.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum