Fraa Sunnmør.

 

Kor skal eg byrja! Kva Ord skal eg bruka til aa segja ut det væne, som eg no ser! Eg sit aaleine uppaa ein Topp i Sunnmør. Kveldsoli sender sin raudgylte Straalestraum utyver, solangt eg kann sjaa og gjev det Gullfargen sin. Den skin yver den ullkvite Skyi, som skapar seg til mange undarlege Skapnader og i eit vekk gjeng yver til nye. Den skin yver Fjelli, mange med evig Snjo, som stend her so fine og vel fyre seg gjorde som Altertavler rundt heile Bygdi – elder som Sylvkruna um Hovudet paa ei pynta Brur. Den skin yver Aasar og Lider med Bjørkeskog paa, der Lauvet blinkar og slær mot kvarandre som var det Millionar paa Millionar Gullskjellingar.

 

Den skin yver Fjor og Vatn og Elvar, som buktar seg innigjenom heile Bygdi som Sylvbelte. Ei stor Tjønn ligg like fyre meg millom meg og Soli, so der er ein sprakande Loge utyver ein Fjordungs Veg. Ein Baat fær og ror og fiskar der. Eg ligg nedi Lynget og ser dette og skriv og Brjostet vert trongt og Hugen saar, for dette er so vænt og stort, men eg kjenner meg so liten og magtlaus; og snart er all denne Herlegheita gjenget yver; um ein Time gjeng Soli ned. – Eg hev gjenget og drøymt all min Dag, men det vert ikkje til anna enn Vanmagt; eg kann aldri segja ut det, som eg no ser.

 

Han gjekk solæng’ aa drøymde

at han aldeles gløymde

aa gjera noko sjølv.

 

Han gjekk solæng’ aa drøymde

at Livet fraa no strøymde

førenn han viste sjølv.

 

Det er ein Mann, som og hev setet her og fengjet sit Lynne herumkring, det er Ivar Aasen, han er heime no; eg ser Stova, der eg veit han sit inne i denne Stund. Han saag ikkje dette i maafaa, han fann Ord for det. Sæl er han og lukkeleg der han er. – Sundag var mest heile Kyrkjeaalmugen samla i Aasen for aa sjaa og heidra den vidgjetne Guten vaar. Men han var naturlegvis vek. Han var i Vitjing paa Granngara og kom so seint heim att, alle var gjengne, og glad var han for det. Han totte berre ilt um, at der var nedtrakka so mykje Gras for Manna paa Gara. – Ja, var eg noko til Kar, so var det vist mest sømelegt no – det kjenner eg paa meg – aa slutte med eit Vers, men neimen um eg ist braake meir med desse Verseføtaa, so Lesararne sjølv lyt sleppa Aandi si laus.

 

 

A. H.

 

 


Frå Fedraheimen 11.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum