Ein Selle.

 

(Del 26 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald fraa fyrre No.)

 

Presten var komen paa Preikestolen. Han var tjukklagd, rund og god, som det samer seg ein vælvyrd Prestemann, og so breid yver Kjakarne, som um han hadde fenget eit serlegt Munnty av Gud til aa livnæra seg med; det høyrde eg paa fyrste Ordi, dei gleid utor Munnen, som dei var salvad og smurde, det var difor ein, som Bygdefolket sagde det um, at han hadde ”Salvelse og Kraft”. Etter all Støyting og Skaking i Songen var det som ein var komen seg inn i eit stillare Farvatn, naar ein høyrde Presten. Det gjekk som i store rolege Bylgjur, med ei jamn og god Rugging, som snart fekk det eine graahærde Hovudet etter det andre til aa luta framyver Stolbrugda i ein søt Heilagdagssømn etter alt det mødesame Strævet i Vika.

 

Eg gjorde meg Umak med aa fylgja Presten, so godt eg kunne. Daa Innleidingi var fraa seg gjort, byrjad han soleis:

 

Menneskets Hjerte kan lignes med en Agerhøne, naar den bliver forfulgt af Menneskene, saa undflyr den en Stund, men naar den saa ikke ser anden Udvei, saa flyr den lige mod Himmelen. Saaledes kjære Venner er det ogso med Menneskehjertet; det undflyr en Stund Vorherre, men saa bliver det idelig forfulgt av ham, og saa sætter det lige mod Himmelen.

 

Dette heldt han paa ei lang Stund med og maalad det upp og upp att, so til Slutt var det berre som Aakerriksa sumad kringum Øyro, medan Augo alt for lenge sidan hadde slept Presten og foor og skygnde burtetter dei underlege Grivlur og Sverrar, som var maalad uppunder Taket og søkte seg so ned med nokre gapande fæle Drakehovud og hengde seg fast i nokre Tavlur innmed Koret, der det var utkretat Mansbilæte ifraa Heidingtidi. Sigurd Faavnesbane sat nokso kaut paa Hesten sin, Grane, og attmed stod Guro Rysserova og Grutte Graaskjegg, men Aalmugen heldt dei for aa vera Jomfru Maria, Erkeengelen Mikael og ein Apostel. Paa ei onnor Tavle var utskoret ein Mann, som laag, og so sat det ein yver han med eit Sverd, og uppfyre hekk det ein Orm, under stod det eit Kvende og heldt ei Skaal, so det ikkje skulde drjupa paa han, som laag under. Det var tydeleg nok, at det var Loke det skulde tyda, som vart straffad soleis av Æserne, og det var Sigyn, Kona hans, som heldt Skaali.

 

Ute dreiv svarte Skyer og piskad Regnet mot Ruturne, lite ljost var det fyrr gjenom dei smaae Glasi, og myrkare vart det. Eg høyrde nokre Ord av Presten um sume, som ”hengte Samvittigheden sin op paa Veggen”, men daa seig eg burt i Sømnen. Eg drøymte, at eg totte det var so urolegt, eg totte at Grane kom susande gjenom Lufti som ein Orm i Augo aa sjaa og med frøsande Eld or Nasanne, og uppaa sat Presten og Guro Rysserova. Og eg totte, at Sigyn hadde Skaali full og maatte venda seg um og slaa det ut, so at Eiteren draup midt i Bringa paa Loke, og han grein so kalleg med det fæle Andlitet sitt og han riste og skok seg, so Kyrkja skolv. Daa vaknad eg braadt med det, at Tora dundrad og Eldingen skar seg igjenom Kyrkja.

 

Men Presten stod paa Preikestolen og talad som fyrr. Daa reiste det seg nokre gamle Folk fremst i Kyrkja og vilde ganga ut. Presten gjorde ein Stans i Talen, einstirde paa dei og sagde: ”Men kjære Dere, De gaar jo som paa Hestehøver, De skræmmer Guds Aand fra hans Tempel. De skal gaa paa Tæerne, som I ser eders Sjælesørger gjøre det, og som det sømmer sig for Guds Børn”. Og so kom det ein liten ”Vækkelsestale”, som han plagad aa hava midt i Preika si jamleg til aa vekkja upp alle dei sovande, men som han i dag gjerne kunne hava sparat seg, daa det var vekkjande Ver nok elles. Men han syntest væl han maatte ut med noko i dag og: ”Du graaskaldede Mand og du tandløse Kjerring, tror De jeg vil staa som en Gjedebukk her for Eder?” Og det sagde han med slikt eit Maal, at det kunne hava vakt dei dauve, og etter dette Millomspilet tok han iveg med Preika si att som fyrr. Han hadde no ført fram av Tankar, som han kunne hava aa nemna. No kom andre Delen av Preika, som var den meir uppbyggjelege. Eg skynad kor det vilde bera iveg, daa han tok fram eit nytt reint Lummeturrklæde, det fyrste var nemleg utgraatet. Og no kom det meir Gaum og Aathyggje i Folk, dei var no kvilde. Naar eg saag burtyver Kjeringstolarne, var det aa sjaa som ei Bylgjedrag att og fram, med di Kvendi sat og ruggad med Hovudi og voggad seg burt i Stemningar um Helvite og Himmerike. Og snart høyrde du ein Sukk elder eit sagte ja, ja, elder saag ei mild Taar drjupa utor Augo.

 

Eg ventat, at Presten endeleg skulde vera ferdug no ein Gong, men no tok han fram det tridje Lummeturklædet, so eg skynad, at tridje Akt var nok att endaa. Og den kom med Storgraat og Hikking og Klage og Maal, som svarast fraa alle Kantar i Kyrkja, og det var heiltupp Stortuting paa sume. Aa det var so nifst og uhuglegt, at det gjekk meg reint kaldt nedgjenom Ryggen. Presten heldt paa til han vart so haas, at Maalet mest forgjekk han, daa fyrst sluttad han.

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 11.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum