[Tidender.]

 

Kristiania, den 10de August.

 

Norsk Maal i Heradstyret.  ”Aar 1886 den 30te Juli heldt Seljords Heradstyre Møte paa Utbøre. 11 Repræsentantar og 5 Formenner møtte. Futen var underretta um Møte. Kunngjerdsle um Møte var hellest i god Tid sendt ut paa vanleg Maate, og etter at me hadde venta so lengje, at det inkje var Von um, at dei 10 Medlemer av Heradstyret, som inkje hadde innfunnet seg, kunne vera ventande, tok me ei her etternemnde Saker under Avgjerdsle – tvo av Heradstyrets Medlemer er døe _:

 

1. Forslag fraa Ordføraren um Heradstyret vilde gjeva honom Lov til aa føra Protokollen paa Landsmaal elder Bondemaal. Einstemmigt vedteket”.

 

Seljord den 1ste August 1886.

 

 

Jørund Telnes.

 

 

Møte paa Sagatun vart haldet Onsdag, Torsdag og Fredag hi Vika. Det møtte ikring 200. Herman Anker opnad det med ein Tale um, at dei var komen ihop for aa samrødast um Aandsfridomen. Den danske Presten Brücker heldt fyrst Foredraget um ”Skriftteologi og Kristendom”. Han meinte, at Bibelen ikkje var rett i mange Stykkje. Daapspagten skulde vera Grunnlaget for den kristne Trui. Ullmann og Student Plenge, sluttad seg til han. Folkehøgskulelærar Kirkeberg og Prest Holm bar imot. I Ordskiftet var og med Fritenkjaranne Stortingsmann Sparre, Redaktør (av Dagbladet) Lars Holst og Fru Vullum.

 

Andre Dagen heldt dei paa med ”Aandsfrihedens Vilkaar i vore Lande”. Ullmann og Sparre heldt gilde Talar. Ettermiddag hadde dei for seg Kvendesaki og Fredag ”Moral og Kristendom”. Me kjem tilbake til sumt av det seinare.

 

 

Eldlaust i Skien. Mest heile Skien hev brunnet upp. Det tok paa Sundag Kl. ½ 11 og varad utyver til Kvelden. Det segjest, at paalag 300 Hus hev gjenget med. Blant dei kann merkjast Kyrkja, baae Apoteki, Posthuset, Fengslet og alle Trykkerii. – Skaden er det ikkje Raad aa fastsetja enno, men dei trur, det er paalag 8 Millionar Kronur. Det var beste Parten av Byen, so det i grunnen ikkje vert noko Naud, naar dei fær roa seg att. Mange hev reist til Porsgrund for aa faa Tak yver Hovudet. Elden kom upp i ein Snidkarverkstad. Hadde Byen havt eit betre Stell paa Sprøitene sine, so hadde det vist ikkje vortet so galet. Det gjekk eit heilt Kvarter, fyrr dei fekk taka paa med aa sløkja, men daa var det for seint.

 

 

Det er svært til Skolt det maa vera paa Redaktøren av Kristianiaposten. Han held enno paa med, at Innsendaren ”n” i Fedrah. No. 47 skal hava samanliknat Garborg med ein Meistartjuv. Det er visseleg ein skræmeleg gløgg Kar. Likevæl vil me ikkje nekta, at me er einuge med ”n”, naar han i Kr.p. i dag segjer, at for aa leggja ei slik Meining inn i Ordi hans, maa ein lesa dei paa same Maaten, som ”hin Mannen” les Bibelen. Me vil raada Redaktøren til for Framtidi aa lesa Stykki vaare med mindre vrangvise Augo. – det høver seg ikkje for ein Folkets (?!) Mann aa vrengja slik!

 

 

Utkomet er: ”For Hus og Hjem” No. 15 og 16.

 

 

15 inneheld: Medicin for Husmøder. (Etter ”Le mariage” av Dr. Garmier): Nostalgi (Lengting heimatt), Vreidesatbrott Kollik. Deinhé. Forstopning. Tonnverk. Det menneskjelege Lekame (Framhald). I Stormen (Slutn.) – For Hagen: Saaning av Reddikker. Aa dyrka Persille heila Aaret. - Husraad: Praktisk og billegt Lakke paa Sylteglas. Aa gjera Pergamentspapir. Aa reinska Straahatter. – Kjøkkenet: Matsettel. – Lysingar.

 

No. 16: Medicin for Møder. (Etter ”Le mariage” av Dr. Garnier. Forts.). Det menneskjelege Lekame II (Forts.). Menuet (av Guy de Manpassant. Forts.). Ordning av Klomar i Skaaler, Korger elder Glas. – Um Sengi vaare. – Haandarbeid: Salat og Eggnot. Husraad: God Lugt i Klædeskabet. Blenkjepulver. Aa reinska japanske Husraad. Um aa faa burt Feitflekke av kvite Knivskaft. Kjøkkenet: Kandiserade Ribs. Matsettel. – Lysing.

 

Bladet kjem ut i Stavanger kvar Laurdag og kostar Kr. 1.00 for Halvaaret.

 

 


Frå Fedraheimen 11.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum