[Tidender.] Amtsskulelærarmøtet

 

vart haldet her i Kristiania Dagarne fraa 5te-7de August.Umlag 40 Deltakarar. Av desse var dei fleste Amtsskulelærarar og Lærarinnur. Men og andre, som er Vener av Amtsskulen fekk vera med.

 

Fyrste Samtaleemnet var: um Amtsskuleskipnaden og – Uppgaava. Det vart talat um, korvidt Skularne burde vera faste eld flyttande, um dei skulde vera samse for Gutar og Gjentur, um at Handarbeid for Gutarne maatte takast med millom Skulefagi.

 

Det er 11 Aar sidan Amtsskularne kom i stand. Der er millom 40 og 50 av dei.

 

Det vart ordkastat um kva som var Orsaki til, at Amtsskularne settest i gang. Nokre viste aa fortelja, at det var Hertzberg aa takka. Han hadde som Styrar av Hamar Seminar slegest med Sagatunlærararne, og han vilde ta’ sin Mun att, daa han kom til Magti i Kyrkjedepartementet og gjorde so Sogndalsskulen til Mynster og gav oss Amtsskularne. Andre vilde ikkje vita av dette. Dei kunde i Høgdi gaa med paa, at Høgskularne hadde vekt Trong til meir Upplysning, og etterdi det var berre ein slik Skule som Sogndalsskulen, skulde der so verta fleire. Det var ikkje sant det, meinte dei, at Hertzberg hadde stolet Tanken fraa Høgskularne.

 

Heldest vart det og haldet fram, at Amtsskularne no kunde briska seg, til dels paa Kostnad av Høgskularne. Amtsskularne sat so trygt og godt i det, hadde si faste Løn og Stytta. Det var ikkje altid av Kjærleik til Verksemdi som Lærarar for Aalmugen dei kappast um dei Postarne, men for Skuld den gode Løni. Det var ingi Sak aa gaa inn som amts- og statslønt Lærar. Det var vandare aa staa der som sjølvhjelpte Menn, so som Høgskulemennerne gjorde, vissa fyrr. Amtsskularne hadde mest vore lik Jøtnarne, som prøvat stela Idunsepli, men endad med berre aa ha’ Skaali att i si Magt.

 

Andre Samtaleemnet var: Lærarens Innsetjing og rettslegge stelling. Alle trudde, det var godt, som det no var, at Amtsskulelæraren vert utnemnd av Skuledirektøren i Lag med 4 av Amtstinget valde Menner (Amtsskulenemndi). Men um Avsetjing var der tvo Meiningar. Sume vilde, det skulde vera som so, at Amtsskuelnemndi kunde gjera det utan vidare. For heldest vilde det verta altfor vondt aa bli kvitt slike, som dei ikkje likad. Andre totte, at det paa denne Maaten var altfor usikkert for Læraren. Han var i deira Vald, som sat i Amtsskulenemndi, og desse var i so vigtugt Tilhøve for faae. Betre var det, at t. D. heile Amtstinget hadde med dette aa gjera.

 

Tridje Samtaleemnet var: Undervisning i ”Norsk”. Innhaldet av heile Orkastet gjekk ut paa dette her Vedtaket: ”Forsamlingen finder, at det nuværende almindelige Skriftsprog i høi Grad virker hemmende paa Arbeidet med Norskundervisningen og udtaler Ønske om Reform i Retning af Optagelse af de haarde Medlyd, norske Ord og Ordfældinger”.

 

Fjorde Samtaleemnet var um Undervisning i Naturfag. Mest alle var einuge i, at Naturkunna maatte verta større, enn ho no er, og at Tidi paa Skularne var altfor knapp til aa føra Lærlingarne, um det so var berre lite Grand, inn i dei ymse Greinur av henne. Dei saknad desutan ei høveleg Lærebok til dette Bruket.

 

Femte Samtaleemnet var um Sogeundervisningi. Noregs Soga vart ikkje nemnt, berre Heimsoga. Tvo Retningar eld Syn gjorde seg gjeldande, ein ”poetisk-filosofisk” (Gullalder-Fall-Uppattreising) og ein ”vitenskapeleg” (Utvikling fraa Raaskap til større og større Daning og Fullkomenheit). Baae Syn meintest ha’ Kristendomen med seg. Alle heldt paa Eksaminasjon, men meir og mindre.

 

Sette Samtaleemnet var: Amtsskulen og Tidsrørslurne. Sume vilde, Skulestoga skulde vera ein fredlyst Heim, der berre det, som er fastsleget og sikkert maa koma fram. Andre trudde, det var bra aa læra Elevarne ein Grand praktisk Soge, det vil segja Politikk, for at dei ikkje skulde vera radt hjelpelause og villsame, naar dei sjølve skal til aa liva Livet med som Vaksne. Heldest vart det paaminnat um, at Vantrui no for Tidi trengjer seg inn alle Stader og hev mykje aa segja.

 

Siste kvelden kom alle saman til Fest. Mat og Drykk, talar og Song. Tale for Kongen, Fedralandet, Amts-, Folkehøg- og Folkeskulen, Ungdomen o. s. b.

 

 


Frå Fedraheimen 11.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum