[Tidender.] ”Oplandenes Avis”

 

hev eit Uppsett um Maalsaki og Skulen, etter Foredrag av O. Jonson i Vangs Lærarforeining. Dersom det ikkje hadde vore paa dansk og so langt, vilde me ha’ teket det inn her.

 

I stutt Maal segjer han dette: Maalsaki heng i hop med den nasjonale Uppvekkjingi fraa 1814 av. Smaatt um senn forstod Folk, at Maalføret gleid fraa dansk over til norsk (Fornorskning). Henrik Wergeland trudde, me laut brjota med denne Glidingi og setja upp rein norsk, bygd paa Dialektarne. Fyrr Aarhundradet ronat ned meinte han, vilde det norske Maalet vera der. – Ole Vik brukad Fornorskning meir enn mange av dei, der no fortidi held seg til henne. – Wergeland gjorde Visur paa Bygdemaal, og Landstad samlad ei Mengd norske Folkevisur. – Fyrst daa Ivar Aasen og K. Knudsen stod fram, vart det Skipelag i Maalarbeidet, og mange Bok- og Maalmenn hev fylgt etter. Dei vitenskapelege Arbeid i Maalstrævet er av stor Vigt, og alle bøygde seg for dei. Det norske Samlaget hev verkat godt, og tilsltut er Staten og komen til som den siste og beste Hjelparen.

 

Men – Maalsaki hev uhorveleg mykje aa kjempa imot, fyrr ho vinn fram til Siger, ja Kampen er enno ikkje byrjad for Aalvor. Det vert det hardaste Kampen dette, det nye Norge hev aa halda ut for aa faa burt att alt det, som ligg millom det og det gamle Noreg. Det vert Slaasting paa Liv og Daud, og det kjem berre an paa, um Krafterne strekk til, og den sigrande ikkje vert liggjande att paa Staden.

 

Faakunna og Vrangsyn er ei Hefting. Faae tenkjer Saki til Botns og skubbar ho fraa seg med eit Par Grunde og Floteord. Bonden trur, det vilde vera Synd ta’ Maalet til gudelegt Bruk. I Byar og paa Flatbygdar trur dei, alting i Fjellbygdarne og Fjordarne er raat, og daa maa og Maalet vera det.

 

Det, Folk hev framføra mot Maalreisingi, er oftast dette: det er ikkje naudturvelegt aa byta Maal. Alle her i Landet forstend det, me hev. Dialektar er det i andre Land og. Me svarar: meste Parten av Landslyden er fødd med Dialektar og maa læra dansk som eit framandt Maal. Difor er det og, at Staten hev gjort Paalegg um, at Lærarar skal undervisa Barnet i den Dialekten, det talar. Dersom dansk var heimlegt, norsk, naturlegt Maalføre, var daa slikt naudturvelegt? Ja, dersom me lærde det. Men det gjerer me langt ifraa. Folk korkje les eld skriv det godt.

 

Seminaristar og Underoffisrear og andre er store Klossar i Bokmaalet av same Grunnen. Norsk Bondefolk lærer vandt aa bruka akademisk Maal. Dei hev ikkje rette Maalkjensla for den danske Stilen. Bjørnson hivde ”Departementstilen”, men Stilen hans er for Umaken korkje det eine eld det andre. Han er som naar ein norsk Bjørn gjeng i ei dansk Glastropp. Det fell Nordmenn tungt aa tala paa dansk.

 

I alle Land er det Dialektar. Og det vil det verta hjaa oss og, um me fekk eit heilt norsk Maal. Me vil, at norsk skal byggjast paa norsk, liksom svensk og dansk vert bygd paa svenske og danske Dialektar. Ordi i Maalet skal vera norske og bøygde etter norsk Maalkjensle.

 

Folk segjer, at me maa halda paa det Skriftspraaket, me hev, for Skuld Bokavlen. Det er Sanning, at det var best, heile Skandinavien hadde eit Maalføre. Men vil Svensken og Islendaren ta’ dansk for aa faa eit sams Maal i alle tri Landi. Nei, ”Gull kann og kjøpast for dyrt”. For Skuld Literaturen kann ikkje Massen av Folket lærast upp i eit framandt Maalføre. Nei, det gjeng den andre Vegen. Det er Maalstræv i fleire Land, t. D. Finland, Tyskland og Belgia. Smaae Nasjonar hev sit eiget Maal (islandsk, reto-romansk og fleire).

 

Det meiner so til, at Skriftspraaket vaart er norsk, og at me ikkje hev Lov kalla det dansk. Og dei provar dette med, at det er Ord og Vendingar i ”norsken”, som ikkje finst i dansken. Til Dømes: Fjos for Kostald, Knøs for Jypling, Styving, Elletræ for Aare eld Older o. s. b. Ei Svala gjer ingen Sumar, og nokre slike faae Ord er ikkje alt i eit heilt Maal. Kvifor nemner dei ikkje dei Tusund Ord, som Skriftspraaket vaart hev sams med det danske, og kvifor fortel dei kje, at me hev dansk Bøyging paa Ordi? Hans Ross segjer um sovore: Det engelske Spraaket er engelsk-saksisk, endaa det finst ei Mengd framande Ord i det, mest romanske og græske. Det danske Maalet er ikkje tysk, fordi um det i Ordboki finst mange tyske Ord. Det er Formi det kjem an paa. I England bøygjer dei Ordi etter sit Høve, og i Danmark gjerer dei sameleis. I den engelske Bibelumsetjingi er det 5 % romanske og danske Ord, i danske vitenskapelege Skrifter er det 20 % tyske Ord. Det danske Maalet vert ikkje norsk ved aa taka upp norske Ord, naar desse bøygjest etter d.

 

 


Frå Fedraheimen 11.08.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum