Maalarbeidet ved Asker Seminar.

 

Hr. Sverre hev i eit av dei fyrre Nomri av Fedraheimen uppmana kon te aa melda um Maalarbeidet ved Semianrskularne. Naar eg no seinste Sundagskvelden, eg er her paa Seminaren, sit eismal paa Kottet mit aa skodar attende paa dei tvo Aare, eg her hev stræva, aa eg daa leitar umkring i Hausen min etter Minne fraa Maalstrævet her, so maa eg med Sorg testanda, at dei er faa. Um Maalarbeidet her fraa Asker vert det soleids lite aa melda. Tanken um aa reisa det norske Maal te si fulle Hgød, Tanken um aa lata det ljoma fraa Skuelstoga, Tingsal aa Kyrkja er noko likeselt, noko framant for Lærarar aa Læresveinar her ved Asker. – Men det er no likevel inkje alle, som er so blinde for det store i den Norskdomsstraum, som no i vaar Tid bryt so sterkt paa. Me fekk soleids Maalsaki paa Tale eingong i Samtalelaget her ved Semainaren i fjor Haust, aa me tretta i fulle tvo Kveldar; men det viste seg, at Lansdmaalet hadde faa Vener. Jamvel Bondegutar fraa Fjelldalarne kunde standa der og gala um, kor ravgale det Maalstrævet var. Eg trur no inkje, dei var so redde Fanden sjølv som Landsmaalet. – Fekk det noko Magt, ja, so vert me Heidningar med eingong. Men det var no helst slike, som ikkje hadde lese ei einaste Bok paa Landsmaalet – ja, kanhenda lite anna med, som kom med slikt. Men trast ette detta fekk me Melding fraa Bladstyrar Ivar Mortenson, at han vilde reisa herhit eingong i Vika aa undervise kon gratis i Landsmaal, dersom det vilde vera noko mange med. Baade Maalvener aa Inkje-maalvener tok med Gleda imot det, naturlegvis. Men daa me kom te Seminarstyraren aa bad um Lov te aa vera med paa det, spurde, um me kunna faa ei av Skulestogun te aa vera i den vesle Tidi o. s. b., so hadde han ”Betænkeligheder” ved det. Me hadde so mykjet aa lesa fyrr, det kunne draga Tankane kons burt fraa den vanlege Skulegjerningi, han torde inkje gjeva Lov paa Hus fyr Departementet si Skuld o. s. b. No, me maatte daa melda Hr. Mortenson detta. Det saag soleids inkje ljost ut fyr kon. Det, som me hadde glea kon so te, saag ut te aa bli ut i inkjes. Men Mortenson er ein glup Kar, som veit aa yvervinna Hindringar. Han søkte Kyrkjedepartementet um Lov te aa faa undervise i Landsmaal ved Semianren her – aa det gjekk. Skulen kom i gang aa verka yverlag godt den Tidi, den helt paa. den kveikte nyt Liv, Interessur vakna, aa Synet fyr den store Tanke i Maalstrævet opnast hjaa mange.

 

Dei fann, at det var noko anna enn berre lause Ungdomsdraumar. Men so snart Skulen var slut, var det ved det gamle. Maalsaki var ”umaugelig”. Kva kan no det koma av, at Maalstræve er so lite verd fyr Læregutarne her ved Asker? Unge, norske Gutar vera likesele fyr den største Tanke, som er uppe i Norig no um Dagarne! Ja, Grunnarne te det er vel inkje so faa. Seminaren ligg no i Synstelutten av Landet, læregutarne er soleids fyr det meste fraa Byarne aa Flatbygderne, der dei ”hell læs engelsk enn norsk”, som ein Smaalening sa. Fjellgutarne er temmelig faa her. Aa mange av dei heve lite læse fyrr, so dei, naar dei kjem hit, maa kasta sine Ungdomsdraumar aa Ungdomsidear, fyr aa kunna klare ”Puggen”. Te detta kjem og, at dei er betre tent med aa kasta av alt, som minner um Moders Maal aa Faders Skikk, fyr kjem ein t. D. aa fortell ei Soga paa ”Maalet” so huttetu! Daa kan ein vera viss paa ein ”Buss” i Karakterboki. Hell, ner ein ska praktisera, er det sosant ein Maalmann, ja, so fær han paa Pelsen, fyrdi han heve bruka ”Dialektuttryk”, um han heve tala som ei dansk Bok. Hell ogso kan ein faa Sneiord i Skueltimarne, fyrdi han er Maalmann. ”Er detta norsk? kan ein stundom faa høyra fraa Lærarom sine. Nei, den, som er Maalmann, han skaknekkjast; han er faarleg. Det høver inkje isaman med dei matematiske Formlarne, dei dogmatiske Forklaringarne, det stive Bokmaalet deiras. Ein, som brukar Heimemaalet paa Skulen, han er som ein Ulv i ein Saueflok han! Det er for radikalt aa vera Maalmann!

 

Under slikt eit Trykk er det inkje godt fyr unge Gutar aa halda seg vake. Dei fleste bli bøygde inn i Tvangstrøye: dansken. Men likevel er eg fulla trygg um, at den Gneist av Kjerleik te Heimemaalet, som vert tendrad av Mor i Vogga, inkje bli heiltupp sløkt her. Eg er viss paa, at ei heil Mængd av dei, som no danskar paa det glupaste, vil koma te aa finna Modersmaalet som ein kjær Ven, ner dei kjem ut or Pugglufti aa Tvangstrøya her. Ner dei kjem heim te gamle Kjenningar, te gamle Baaneminne, so vil Danskemaalet, som Seminarlærarom heve havt slikt Stræv med aa faa proppa kon fulle av, koma te aa tine som Dogg fyr Soli, Frukti av Semianrlæraroms Stræv bli, at Læresveinarne vil koma te aa sjaa paa Danskemaalet som ei Pest, som heve rasa her ei lang Tid aa gjort fælskleg mykjet vondt.

 

Seminarskulen her er fyr gamall te aa hyse dei nye Tankarne, som no heve trengt seg med te alle Lag i Samfundet. Men naar me kjem bort fraa det sterke Press her, so vonar eg, at Seminaristarne fraa Asker ogso vil taka eit Tak med i Arbeidet fyr alt norsk aa nasjonalt, stelle seg i den Flok, som kjempar fyr aa faa sett det heimslege i Høgsæte att. Fyr eg trur inkje paa nokon Maate, at det er kleinare To i Kultarne her enn andre Stader. Det er norsk Blod, som renn i kons Aarur og; men det er tunt, so lengje me strævar i Pugglufti her.

 

Boksamlingi her er ogso reint fatig paa Landsmaalsliteratur. Ein fær vera heppen, ska ein kunna finna ei Bok, ner ein heve leita ein Time. Kateketikkar fraa Komenius og Frankes Tid, Gotzners Skatkiste, Liskes Bibelfortolkning o. s. b. er det meir enn nok av; men tenkje deg noko som Garborgs ”Bondestudentar”, ”Forteljingar av Sogur”! Spyr aldri etter slikt! Vinjes ”samlade Skrifter” er no heller aldri aa nemna. Ein skulle no vel tenkja, at dei maatte verta taa Fyrsterangsbøker her, daa sjølve Vinje heve vore Læregut her i tvo Aar, men nei. ”Storegut” er den einaste Boki av honom med Boksamlingi her; men den er no og sjeldan aa finna. Eg blei likevel storleg forundra aa gla eingong her lell, daa eg fann ”Aasens Ordbog” borti ein Krok i ei av Hyllom paa Boksamlingi. Men Gleda vart stutt; fyr eg fekk med det sama høyra, at ho skulde standa der, ho sto, fyr aa hava aa taka te, ner det kneip. Nei, det store, høge Tankar, som Vinje, Janson, Garbrog aa Vik kjempar fyre, dei maa haldast ute fraa Læregutarne her ved Asker. Slikt er ”Gift” det, maavita. (Dei trur venteleg, at det inkje gaar an fyr kon aa faa fat paa den nyaste Literaturen, naar dei inkje heve han paa Boksamlingi si; men daa tek dei imist).

  

Det er soleids mangt, som stengjer den nasjonale Straumen her, mangt aa mykjet, som vil hindra det nasjonale Ljosvokster; men tenk inkje, at det kuast so lett. – Det ulmar som Eld under Aaska, aa eingong vil det slaa ut i ljos Loge. Dei nye Tankar aa Idear, som gjeng ut fraa Folkehøgskularne aa deiras Aandsfrendar, det vil ogso, vonar eg, halda sit ”Indtog” her ved Asker, um det ser myrkt ut no. Som det no er, gjeng det inkje. Vil Asker Seminar ganga fram, som det no stemner, so torer eg trygt segja, at Skuta deiras gjeng i Aakern. Daa gjeng det Undergangen sin i møte. I ei so gamaldags Luft kan unge, friske Fjellgutar inkje liva. Vil Asker Semainr klyppa Navlestrengen av millom seg aa Tidi, so vil det koma te aa ganga i Stein.

 

Det vil bli steingjengne Leivningar fraa ei fyrlengst tebakelagd Tid.

 

Med varm Helsing aat Maalvenerne ved Stord.

 

Hermod.

 

 


Frå Fedraheimen 31.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum