Te Jørund Telnes!

 

Du segjer, at du lyte faa Ullmann te aa bera fram Forslag um aa avskaffa gamle Skinnbrøker, gamle Skinkur, Surmyse og gamle Bønder.

 

No veit du, at det er for seint aa faa dette fram for Stortinget iaar. Og daa meinar eg, det var liklegare, at du gjorde ei Reis kringum i Landet og preikad Krig imot alt sovori, so du fekk ei Folkestemning aa stydja Forslaget ditt paa. Endaa du er hosta radikal, med di du vil hava jamvæl gamle Bønder avtekne. Men ikkje for det, han kan nok ulna og surna Bonden liksom ei onnor Skinke.

 

Bruk Kniven du, men du treng ikkje slagta for det, berre skjer burt det, som er dove Kjøt; for det er mykje friskt og godt ogso i Bonden, veit du.

 

Tostein.

 

 


Frå Fedraheimen 24.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum