Smaaplukk.

 

Ein l. skriv i No. 43 um Kyrkjesongar E. Liljedal. Det er mest Hermingar or V. G., han kjem med. Han tykkjer vel, det er so glup Tala, at Lesararne av Fedrah. ogso lyt faa godt av henne. Denne Hr. l. synest vera grepa Kar; han er korkjen blind elder einøygd som Stakkaren Liljedal og dei, som held med han. Vrangt Samvit og dubbel Moral finst naturlegvis helder ikkje. Men at han hev Trollsnit i Augat, han og V. G., det trur eg vist; for det læt seg prova.

 

Lydug og snild”, skriv V. G.Hm – ja, dei kjenner nok til slikt paa den andre Sida. Tjuven trur, at andre ogso stel – er det ikkje so, det lyder? – ”Han hev ikkje store Gaavur”, men ”han høyrdest vera openhjartug og trurøkjen”. Men i 1880 var det anna Ljod i Bjølla. Soso skreiv V. G. daa: ”Det er os en Fornøielse (NB. Fornøielse) at bringe vore Venner i Nordre Bergenhus Bud om en af deres nyvalgte Tingmænd. Om Liljedal har vi ikke andet end godt at sige. Hans første Optræden har gjort et ublandet velgjørende (ublandet velgjørende) Indtryk. Der er i hans Færd noget, som vinder Sympati. Han taler let, tankeklart og smukt. Han har i Gage- og Pensionskomiteen forhvervet sig sine Kollegers anerkjendende Tillid (anerkjendende Tillid). Vi tror, at N. B. vil faa Gavn og Ære af ham”. – Det var Domen den Gong; men no gjeng Forgyllingi av han. Og det, som hev gjort det er, at han privat gav Garborg Reisepengar til aa vinna att Helsa si, medan han i Tinget røystad mot aa gjeva han Pengar til aa utdana seg som Diktar. For slikt er fælt; dei som gjer sovoret, hev dubbel Moral, ein offentleg og ein privat. Ja, her er Grunn til aa spyrja: kvat for Samvit hev slike Folk? - Ja, men dersom ein Meistartjuv sende Søknad til Stortinget um Pengar, daa han var i stor Naud, burde ein so gjeva han noko? Eg tenkjer, at alle vilde svara nei til det. Men um dei no privat kom og bad um Hjelp, var det so raadelegt aa gjeva? Eg tenkjer, at her var alle samde um, at det ikkje berre var raadelegt, men beint ut Plikt aa hjelpa, naar Naudi var stor. Vil daa V. G.og l, tala um dubbel Moral og undarlegt Samvit, so vil alle segja, at slik Tala er berre Tull og Tøv um ikkje noko verre. – Difor segjer eg trøsytig, at l. hev Trollsnit i Augat og V. G. med.

 

Ja, V. G. var glad i Liljedal, fordi ”han høyrdest vera openhjartug og trurøkjen. Mange av dei paa den andre Sida var vist ikkje det”. Men no hev V. G. funnet ut, at han helder ikkje var det. Det er som aa høyra Cæsars Ord: Ogso du, min Son Brutus! Han tykkjest vera sorgtung, naar han segjer det. – Altso, dei, som røystad mot Diktarløn aat Kielland, var Skrymtarar; men dei, som røystad for, var trurøkne alle i hop – nokre Guds Fuglar reint. Aa ja, var det gjort med Ord berre, so var det lettvint aa døma Æra fraa Folk. – Men gode Fedrah., du skulde halda deg for god til aa vera med paa slikt.

 

Dei hatar Soli og Ljoset”, Liljedahl og hans Flokk. Men Soli og Ljoset er Kiellandsbøkerne. Eg vilde ynskja, at me stødt fekk hava Menn i Tinget, som hatar slike Ljos, som vil røva fraa oss det dyraste me hev, vaar Kristentru.

 

V. G. vil hava Jakob Sverdrup ut av Regjeringi, for at Steen kann koma inn. For Jak. Sverdrup er Bakstrævar, han vil ikkje gjeva Kielland Diktarløn. Ette dette ser det slik ut, at alle, som er imot Diktarløn aat K., er Bakstrævarar. Kor Jaabæk og Aarflot og Lindstøl og Frilseth og Liestøl vil lægja, naar dei fær høyra, at dei er vortne Bakstrævarar! Skal ikkje Haugland ut or Regjeringi ogso daa, for han er au mot Diktarløn? Men Jak. Sverdrup hev gjort seg skuldug i fleire stygge Forbrot, so han væl fortenar aa jagast ut. Han hev soleis sett fram Forslag um, at Kyrkjelyden skal faa styra sine eigne Saker og vera med aa velja Prestarne sine. Og alle dei andre Riksraadar gjeng med han i dette, og Kongen sjølv hev skrivet under det. Men lell er det berre Tyranni, segjer V. G. Gode lesar, trur du, at Johan Sverdrup og dei andre Kararne i Raadet vilde stydja Tyranniet? Eg tenkjer, dei synest dei som me andre, at det ikkje er meir enn rett og rimelegt, at Kyrkjelyden fær noko aa segja i sine eigne saker. Men Jak. Sverdrup skal ut og Steen inn – og so er alle Midlar gode. For Steen er ”vaar største politiske Kraft”; han hev eit ”uddybet” Fridomssinn. Stakkars Sverdrup! Han kjem reint i Bakmessa no, han! I fjor var Ropet: ”Tillid til Johan Sverdrup”, og iaar – ja det er nok ikkje stor Tilliten til han no. Men dei gode Folk, dei ”reine” fær orsaka oss andre, at me held oss til han Johan enno eit Bil. Um honom veit me, kva me hev, men desse andre – ja det er vist ikkje lenge, dei hev havt det ”uddybede” Fridomssinn. Den, som minnast nokre Aar attende, hugsar vel, at det ikkje var dei, dei ”reine” søkte til elder Fagnad. Hugs Flagdsaki.

 

Dei segjer, at Oftedølerne vil hava desse Menn ut or Tinget næste Val: Berner, Blehr, Konow o. s. v. Heile 16. Kven hev sagt det, du Fedraheim? Ja eg veit væl, at V. G.hev sett ut denne Skrøna. Men eg trudde, du vilde skyna, at det var ei Skrøna. Dei, som les det, vil tru, at slikt er Oftedølernes faste Vilje. Men baade V. G. og du veit godt, at ingen hev tenkt noko slikt, langt minder sagt. Men det tenkjer me, og det segjer me, at fleire av dei nemnde Menn godt kunne vera burte, slike som Sakførar Mustad, Advokat Engelhart, Godseigar Konow (H.), Sakførar Moursund. Eg trur, det var kleint gjort, daa dei ved siste Val kastad gode Bondetingmenn for aa taka inn slike Akademikarar, som slett ikkje var likare.

  

Kristianiaposten fortel i eit No., at paa siste Ting var det tri Slag Ordhegd aa høyra: Høgre hadde Byraakratordhegd, Oftedølerne Lækpreikarordhegd, berre dei "reine" hadde den sanne politiske Ordhegd. Sjaa, det var ei nokso lettvinn Inndeling; Skade berre, at ho syner, kor litet Vit Kristianiap. hev. Elder lat oss sjaa paa dette. E. Torp talar rett, Hektoen som Lækpreikar, Olafsen rett, O. Nilssen som Lækpreikar, men Holmgreen som Byraakrat; Juel er ordhag paa rette Maaten, Skaar er Lækpreikar. Liljedal naturlegvis Lækpreikar, sameleis Jaabæk, Liestøl, Lindstøl, Julius Olsen, Drevland o. s. v. Men Egge, Lien, Leer, Dieseth o. s. v. hev den rette Makselen paa Tala si. Men eg vil vaaga paa, at der i Tinget ikkje finnst ein einaste, som er so god Lækpreikar som den ”reine” Dieseth.

 

Med Avsyn paa Odd. Viks Skule vilde Fedrah. kanskje vera so god aa upplysa, kor mange Gutar det var paa Skulen i Vinter. Det hev voret sagt, at det var berre tri, og daa var det litet rimelegt aa gjeva han Pengar¹).

  

Ullmann rekk høgt og ser vidt”, segjer Fedrah. Ja desværre, han rekk nok so høgt og ser so vidt, at Folk ikkje kann fylgja han, for dei er redde for, at det ber ut i det blaa daa.

 

n.

 

¹) Sjaa No. 46, Stykkjet um Viks Skule, som var teket or Tunsb. Bladstyret.

 

 

Fedraheimens Red.!

 

k. fraa Gardemoen fortel i Nr. 44 av Fedraheimen, at det no er 30 Dagars Skule og 12 Dagars ”Kompani-eksis”. Ein slik Kar som k. ser ut til aa vilja hava Greide baade paa det eine og det andre, og daa burde han vita det av ”Blaa-boken” sin, at det er 42 Dagars Unggutskule og 12 Dagars Kompani-Eksis.

 

Ola Viking.

 

 


Frå Fedraheimen 24.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum