Hr. Bladstyrar!

 

Hr. Skulestyrar Ullmann let falla nokon Ord i Tinget, daa Kiellandssaki var framme, um, at her var dei hjaa oss, særleg i Byarne, som forgudad den gamle Bonderomantiken og ”Vadmelstheorierne”. Dette hev daa Vestlp. serleg hengt seg fast i og tolkat so, at Ullmann skulde vera ein Hatar av Bonden. At slikt noko Sludder kann koma fram i Vp. er ikkje so rart for den, som kjenner til, korleis dette Pavebladet kann endevende all sunn Logikk; men at Fedraheimen gjev Rom for noko slikt, som det ein Jørund Telnes hev rivet av seg, det kann ikkje eg forstaa og visst mange med meg.

 

Denne Jørund Telnes hev lagat i stand eit ”Forslag”, og dette vil han daa ha Ullmann til ”aa taka seg av”. Eg skynar ikkje rettare, enn at soleis som ”Forslaget” er format, skal det tena til aa gjera Narr taa Ullmann; men daa vil eg segja til ”ovenbemeldte” Jørund Telnes, at han hev teket paa seg eit Arbeid, som han ikkje gjeng skadeslaust ut med, for han maa daa vel skyna, at det berre raamar honom sjølv. Elder trur han kanskje, at Ullmann elder nokon annan vitug Mann bryr seg um slikt Tull?

 

Eg var so lukkeleg aa faa høyra Talarne hans Ullmann i Kiellandssaki, og eg vil segja, at hadde eg ikkje haldet av honom fyrr, so hev eg gjort det tilgagns sidan. Og det er fleire, enn Jørund Telnes hev Tanke um, som det hev gjenget paa same Maaten.

 

For Ullmann si Skuld kann visst Telnes ankalaust gaa umkring baade i Hudsko og Tresko, eta Gamallost og drikka sur Mjølk or eit Bukkehorn. Gjev det maa bekoma væl!

 

Kr.ania 5-7-86.

 

S. D.

 

 


Frå Fedraheimen 24.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum