Ein Selle.

 

(Del 23 av 30. Fyrste delen.)


(Framhald fraa No. 42).

 

Ei ei, kor morosam Verdi er.

 

Det er liksom ho stundom er gjengi ut berre paa det aa driva Ap og Gap med oss arme Menneskje, elder du vil segja, at det er me, som er utgjengne berre for aa apast med. No er eg stød paa det, at dei trur, at det var ei naudfin Gjente, som eg var komen inni Selet aat. Ja skulde ein ikkje tru det?

 

Hu huven, ei gomol stygg Hurpe var det fyrste eg fekk Augo paa um Morgoen, soframt ein daa maa segja det um Folk, at dei er ljote. Men so stod det no for meg ja den Stundi. Eg laag og saag paa ho ei Stund, men so kunne eg ikkje anna enn læ. Ho vart vill, kann du vita, eg fekk mest ikkje Mat um Morgoen. Endaa det var ikkje av ho endeleg, eg turvte læ, so lenge eg hadde nok med meg sjølv. Men kva skal ein finna paa med slike Sellar; naar dei let seg hildra og lokka av so mangt eit faafengt Drag, so lyt dei væl sjølve hava baade Skammi og Skaden og leika Leiken til endes, og eg maatte sanna med Profeten, at Menneskja er ein skrøpeleg og villfarande Ting, som det er lite Sæt paa.

 

Men i Røyndi so var det daa godt aa vera komen til ein Endskap og ein Gong, no hadde eg den Sak greidd. No kunne eg trygt reisa heimatt og sleppa andre Tankar inn i Hugen, no kjende eg meg so fri og lett som Fuglen paa Kvist. Eit Narr hadde eg voret, og det eit ugroveleg stort Narr ogso, det vilde eg ikkje avsanna, men lat gaa, kva gjorde det meg no, daa det var yverstadet, noko maa ein daa hava til Moro ogso; og kann ein ikkje hava andre, so lyt ein hava seg sjølv, det er ikkje aa spara paa det.

 

So tok eg til aa tykkja, at det var heiltupp leidt, at eg kunne taka sovorne Ting med slik Ro, endaa det var daa ikkje anna eg hadde faret etter enn aa faa Greide paa noko, som hadde tynt og plaagat Nervarne mine, og no hadde eg funnet Ro og Kvild, so eg turfte ikkje leita meg meir. Elder kanskje eg maatte tru det um meg sjølv, at eg hadde den Tru, at det var ei huldrefin Gjente, som eg for i Hilder etter. Vik fraa meg! Slike fornærmelege Tankar mot meg sjølv og mi eigi Ære maatte eg sanneleg beda meg fri for. Eg visste med meg sjølv, at eg hadde alt for sunne og gode Tankar um den Slag Ting, til at eg skulde tulla meg burt paa slike Vegjer. Jamvæl hjaa eit slikt Menneskje som eg, fann eg nemleg ut, at Galskapen vistnok maatte hava sine rimelege Grensur.

 

Med desse gode og fredelege Tankar somnad eg. Men det fyrste eg vaknad att og tok til aa tenkja vitugt, gjorde eg meg den Lovnaden, at eg heretter ikkje vilde sleppa ein Tanke paa meg um Morgoen, fyrr eg hadde fenget Klædi paa meg, for eg fann, at eg hadde tenkt som ein Tullbukk og voret altfor skjot til aa gjera mine Slutningar. Det var daa ikkje sagt, at det var denne gamle Skrukla, som eg hadde høyrt, det var daa visst ikkje same Maalet, og det var daa rimelegt, at det var tvo Menneskje paa Støylen. Eg hadde ikkje fyrr sagt dette, fyrr eg høyrde eit Ljod uppi Nuten, som gjorde meg fullviss paa, at det var nok tvo. Daa skynad eg straks, at Leiken var nok ikkje slutt endaa, her var nok meir att; og eg som hadde tenkt, at eg hadde gjort alt ifraa meg, men so var eg no helder glad enn sturen likevæl eg, totte berre løglegt i elt saman.

 

Du kann vel skyna, at eg fekk Føter under meg. Hadde endaa ikkje Lidi voret so bratt og Urderne so mange og Skogen so tett. Til sist kom eg daa upp. Og fyrr eg visste av Ordet, saag eg Skimten av ei raud Ku ikkje langt ifraa meg. Og um ei Stund fekk eg sjaa ei svart ei, elder um det var ein svart stakk, det kunne eg ikkje segja so plent. Hadde eg endaa ikkje voret so sveitt og andpusten; Hjartat mitt bankad som eit aattedags Slagur. Jau um lite Grand vart eg var eit raudt Liv, og daa eg veit, at Kyrne ikkje hev raudt Liv, drog eg den Slutning, at det maatte vera ein Mannaskapnad, og det fekk eg ogso Syn for var sant, daa eg kraup meg fram millom Buskarne. Det eg saag, var nemleg dette: ein Skapning hoppande so lett yver Stein og Stokk mjuk og slenteleg, stutt Stakk og berre Leggjer, langt gult Haar. Eg gjorde den Slutning, at det maatte vera anten ei Hulder elder eit Kvinnfolk og daa helst det siste, daa eg ikkje kunne sjaa nokor Rove. Ho steig upp paa ein Stein, so eg saa ho reint nær, aa nei for ein Vokster du, so lagleg og fin som paa ein Seljerunne. Det var berre skire Ungdomen endaa, var det likt til. Men det var daa Troll til Gjente lell, som aldri vilde syna anna enn Baket, so ein fekk sjaa, koss Folk var lagad. Det var ikkje likt til, ho vilde syna Andlitet; sette ho ikkje i med ei Hauking, so eg totte Nutarne skulde klovna, og dermed gjorde ho eit Byks burtetter og kvarv burt for Augo mine. Skulde eg no ganga beint paa, tru, elder skulde eg fyrst skoda ho framantil og? Kva skulde eg daa segja, at eg for etter? nei det visste eg ikkje meir enn ein Stein.

 

Med eg grundad paa dette, var Buskap og Folk alt komen langt undan, og alt var stilt eit Bil, men med eit sette det i og hauka att. Eg kunne ikkje berga meg, anna haukad imot, endaa eg tregad paa det strakst. Men daa vart eg so glad, daa eg høyrde, det svarad. Og daa var det ikkje onnor Raad, eg laut ganga fram. Eg kom snart so nær, at ho høyrde det brakad i Greinerne, daa snudde ho seg, og eg saag eit lysande vænt Andlit. Eg vart som klumsad, eg totte eg skulde draga Kjensel paa det og, men eg visste ikkje plent; noko var som kjent og noko som reint framandt. Daa eg kom nærmare og saag upp att, syntest eg, der var daa eit Drag av Aarhaugsfolket ved ho, men det var plent raadlaust for meg aa koma paa det. Ho gaadde nok ogso, kor raadlaus eg var, for ho stod og log beint imot meg. Eg kom heilt burtaat og vart standande stira. Kjære var det ikkje Gunnbjørg Aarhaug daa? ”Er det du daa”, sagde eg, ”du huvar og hjalar, so Knausarne klomnar mest. Eg skulde upp og sjaa, kven det var, som leet so urimeleg høgt eg. Me høyrer det alt nedi Bygdi, so eg fær ikkje sova i Fred um Morgoen, eg”. Det var berre bra det, meinte ho, so turvte eg ikkje forsova meg. ”Eg visste daa aldri, at du hadde slikt eit Maal”, sagde eg. ”Du for galet daa”. ”Ja men kor kann daa det vera laga, at me høyrer det alt nedi Bygdi, naar du gjeng her og gjæter langt uppi Heidarne; kjære, det er daa væl mange Mil til Bygdi her? ja eg veit aldri, kvar det er eg”. ”Jau um Morgoen, ser du, fer me utpaa Nutarne, og daa er det ende nedi Bygdi”. So fortalde eg, kor eg hadde faret og vildrat i mange Dagar. ”Ja, det er ikkje greidt aa koma i Trollebotten”, sagde ho, ”du er nok ikkje den fyrste, som hev vildrat seg burt her du”.

 

(Meir.)

 

 


Frå Fedraheimen 24.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum