Dei 2 Vinstre og Vinstreblad. Skrubb til baae Kantar.

 

(Del 2 av 2. Fyrste delen.)

 

(Slutt fraa fyrre No.)

 

Det ryk ikkje av Branden, utan det er Eld i honom. Noko sant er det daa og i, at dei ”reine” heldt fram Aandsfridomen i Kiellandssaki. Grunntonen i Motlegget fraa hi Sida var no den: hadde Kielland vore kristen, so skulde han hava fengje, men no er han det ikkje, og so fær han ikkje. Dei vilde altso, at i dette Stykket i det minste skulde der vera større Rett for ein kristen enn for ein Fritenkjar. Det sama kom fram for nokre Aar sidan, daa her var Tale om aa gjeva Garborg Reisepengar elder Stipendium. Fleire andre mindre Karar hev fengje, men han fekk inkje, av di han var – Fritenkjar. No kann eg godt forstanda detta Motmæle: kann eg daa vera med paa det aa gjeva av Riksens Pengar til Folk, som gjer vondt? eg kann ikkje taka paa meg den Aabyrgsla, det Andsvaret. Men vilde so ikkje denne Tanken paa den eine Sida føra til det, at Fritenkjarar var utestengde fraa alle rikslønde Postar? – og Vestlandspostens Tingmenner synest berre hava gjengje same Vegen lenger fram, daa dei ikkje vilde hava Garborg til Ettersjaa-ar; paa den Maaten fær han, ser du, Livs-Opphelde, han tarv ikkje syta for det, og so fær han altid Tid og Tilføre til aa gjera det vonde. Gjer Haugland ein Fritenkjar til Over-Tollar, so gjev han honom ein god Liveveg og god Fritid; i denne Fritidi kann han preika Fritenkjarskap so mykje han orkar. Hadde no ikkje Garbog og Over-Tollaren fengje desse Postarne, so hadde dei kann henda havt nok med Matstrævet: dei hadde maatt grava i Jordi elder sverta Kantorpapir den heile ulangande Dag, og so hadde dei frie Tankarne maatt halda seg pent stille.

 

Og so Aabyrgsla elder Andsvaret. Er der daa ikkje noko Andsvar med aa segja til Fritenkjaren: eg kann ikkje gjeva deg full Rett med ein kristen Mann? Ja, eg trur, me kann sjaa det paa Garborg. Den Tid han søkte om Reisepengarne, var han visst ikkje svært stød i Fritenkajrskapen. Minnest eg ikkje gale, heldt han ved den Tid ein liten Tale i eit privat Lag¹) om, at det kunne ikkje vera Synd aa tvila, elder noko so nær so. Eg meiner det, at slikt segjer ikkje den, som veit med seg sjølv, at her stend eg, og her vil eg standa. Det gjorde meg so vondt det Avslage han fekk, av di eg visste, at Garborg kunne ikkje anna enn halda det for urettferdig. Og naar ein stend tvihuga og so ser, at dei, som gjev seg ut for aa hava Sanningi, og som segjer, at dei liver etter henne, at dei gjer Urett mot seg – alt no og vera, at han ser gale – det er visst: dei maa han faa Mistru til, og dermed er det ikkje langt att til Mistru ikkje berre til deim sjølve, men og til Trui deira, til det aandelege Tilstandet deira.

 

Jakob Sverdrup all Ære – eg trur, han er god aa hava i Raadet, endaa Dagbl. og Opl. Avishev sagt, at Folket vil, at han skal ut, eg veit ikkje kva Rett dei hev til aa krevja dette i Folksens Namn – Jakob Sverdrup all Ære; men han er no helder ikkje lytelaus daa, maa vita: eg trur soleis ikkje, det var rett gjort av honom aa leggja seg slik i, for at Garborg ikkje skulde faa dei 1000 Kronorne elder kor mange det no var, og eg trur helder ikkje, det var rett, at han baketter vilde gjeva Garborg av sin eigen Pung; han tenkte vel paa den Maaten syna, at det var Saki, det galdt for honom, ikkje Personen; men eg kann ikkje koma fraa, at det vonde, som han ikkje vilde gjeva Rikspengar til aa fremja, det skulde han helder ikkje gjeva til av sine eigne Pengar. Men nokor slik Storsynd, som Garborg og andre vil gjera detta til, kann eg no helder ikkje skyna det var: kva vondt kunne han no meina med det? Garborg hev fengje ein Agg til honom, og det er no ikkje so mykje aa undrast paa endaa, at han hev fengje den Trui, at fraa honom kann det inkje godt koma, men det er ikkje so lett aa orsaka, naar andrekvedi med Garborg og gjer Jakob Sverdrup ærelaus for noko, som kanskje ikkje var rett, men som i Vissa helder synte eit godt Hjartelag enn eit vondt. Hev Jakob Sverdrup gjort Arne Garborg Urett, so hev no denne tekje monen att; men det er derfor ikkje rett av Vestlp.og Venerne hans i Tinget aa leggja honom for Hat. Nei, Hatten av for honom! Han hev stridt og lidt for Norskdomen som faae elder ingen annan, og det skulde vel gjelda enno, at det hev noko Verd det, at ein elskar høgt. Hadde Garborg vore onnorleis medfaren; hadde det vore meire Hæremsnatur i deim, som han etter Hærems Dagar hadde møtt fraa den same Kanten, kven veit, kanskje han hadde vore ein annan enn han er. Daa hadde han kann henda berre vore til Velsigning for Landet. Men lat oss no ikkje gløyma alt, han hev gjort; lat oss ikkje gjera vaart til, at han giv opp det gode Yrkjet, han held paa med den Dag i Dag.

 

Og noko slikt kann det vel vera aa segja om Kielland og den Motstand, han hev møtt og kanskje.

 

Jau, eg trur, der er Aabyrgsle til baae Sidor.

 

Berre me kunne vera rettferdige! Men det lærer me nok sist. Sjaa no, korleis den gjæve Liljedal’en æreskjennast for det same som Jakob Sverdrup! Som i Fedrah. for 3dje Juli. Me tenkte han var ein bra Kar, heiter det, men ”Forgyllingi gaar av han no, naar det vert vitelegt, han og var med aa gjeva Garborg Reisepengar”. Ein maa spyrja den len, som segjer slikt: korleis er det med Forgyllingi di? Er det mykje att av den? Nei, sit ho so laus, so er det nok lite att paa dei fleste av oss, Gud naade oss. ”Liljedal korkje er held vert stor”, segjer den same kloke len. ”Hovding bli han aldri. Millom blinde er den einøygde Konge. Og dei hatar Ljoset og Soli dei”. Er daa ikkje slikt noko Tull? Er han Konge, so er han no vel Hovding au daa? om so Flokken hans baade var blind og dauv. Og Hovding er han visst, ikkje rettare enn eg kann skyna; det hev eg tenkt alt sidan Riksretts-Ordskiftet, daa Liljedal heldt ein Tale, som var ikkje lite mærkjeleg, at so litet som Oftedal er elder kann vera nokon politisk Hovding, so hev Liljedal gode Gaavor til aa kunna vera det. Eg tykkjer no, han er det alt: i det minste er det ingen av deim, som stend jamsides honom, som talar so godt som han, endaa han sagte kunne hava eit vidare Syn, enn han hev. Men det er ikkje alle, som er vidsynde helder, maa tru.

 

Berre me kunne vera rettferdige! Men kva er det for noko det, at dei, som segjer seg aa vera dei friaste av dei frie, ikkje vil gjeva L. Oftedal Lov til aa reisa om aa tala? Kva er det for Fridom dette, som vil tvinga Folk til aa vera ”aandsfrie”, slik som Europeararne paa Prent hev truga i Kiellandssaki?

 

Men paa den andre Sida: er det kristelegt detta aa setja denne same Saki opp som eit Merkje paa, anten ein Mann er kristen elder ikkje? Er det rett detta aa gjera, som det for visst er sagt om ”Oftedølerne”, at dei paa tvo (elder fleire) Mans Hand meire fint og meire løynt hev freista gjera det same som Europeararne: truga?

 

Eg tenkte, som eg sagde, at det kunne ganga an aa vera baade rein og Regjerings-Ven. Eg veit ikkje nokor større Sak, som Styret hev forbrote seg i. At ho tagde i Kiellandssaki, tykkjer eg no som Vestlp. var det rette, baade av di Vinstre gjorde henne so stor og sagta kunne faa fram og fekk fram alt, som var aa segja, og av di der vel innafor sjølve Styret er ymse Meiningar om henne. Kvi skal no V. G.  hava so mykje meir imot Johan Sverdrup, som er tenkt aa vilja gjeva Kiellands Riksløn, fordi han tagde, enn Vestlp. hev imot Jakob Sverdrup, fordi han tagde, han som dei segjer er imot den same Riksløni; Vestlp. hev ikkje sagt eit vondt Ord om honom for det. Kvi skal Fedrah. segja, at han Jakob raadde (over han Johan), fordi dei tagde baae? Eg tykkjer, det ikkje er bra, at Riksraadarne tala mot kvarandre i Tinget (slik som Ministaren ikkje var heilt fri for i fjor). – Det einaste eg hev aa segja noko imot Johan Sverdrup for, var, at han ikkje sterkare tala Smaamans Rett i Skattesaki; men Stortinget gav honom no Rett, syntest det; det var ikkje bra, tykkjer eg. Me borde taka lite traust i for det aa faa eit rettferdigare Skattestell.

 

Men at den Loven, som Styret sette fram om Skrifteigedoms-Retten, rauk, var no visst berre godt. Det er nyttugt og godt aa faa gjeva Bokskrivarom Trygd for Eigedomen sin, men slik som Loven hev vorte etter Folkesemja i Bern, er han mest til Gagn for Storfolki (Tyskland og Frankrike) og til Skade for Smaafolki, og daa er det betre, at Stortinget gjev nokre Skilingar om Aaret i Skadebot for dei norske Bøkerne, som Utlendingen tek og skriv om, enn aa faa stor Skade for liten Bate.

 

Aa ja, eg synest, eg kann vera Bonedven og, om eg likevæl tykkjer, at Vestlandsposten ikkje er fri for det aa høla noko for Bonden. Jau, han er bra, Bonden, men eg tykkjer, det vert lite ult, naar eg skal sjaa det so mange Gongjer, at Bonden er slik Kar. Det er kanskje Fædrelandet, som er Vestlandspostens  Fyredøme i dette, at ein skal segja det sama eit Utal av Gongjer, fyrr ein kann tru, at Folk hgusar paa det, men eg trur no ikkje, at Folk er so stutthugsne helder: Ros og Last sit nok fast ialfall.

 

Det er Skrubb, eg heve vilt gjeva – ikkje Lovord; eg kunne havt mykje aa rosaog hjaa deim, eg heve lasta, og særleg hjaa deg, min kjære Fedraheim; men eg tenkte no, at Lastordi var nyttugare. Det er mest som ”Vennenap” (som vist Dansken kallar det), eg hev meint det, eg hev skrive.

 

Hadde eg havt betre Tid, kunne det no vel vorte baade betre og stuttare sagt. Eit og anna vilde eg no gjerne faa sagt lite meire om, men det kann eg kanskje faa Lov til ein annan Gong, om det vert Tilføre til di.

 

k.

 

 

¹) Eg vonar Garborg gjev meg til, at eg tek fram noko privat. Eg gjer det ikkje nettopp for hans Skuld, men for den Saki si Skuld, som det her gjeld om.

 

 


Frå Fedraheimen 24.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum