Boksjaa.

 

G. Th. Mejdell: Midlerne til uafhængighed. Kr.a 1886. Cammermeyers forlag. Pris kr. 1.50.

 

Mesteparten av Fedraheimens  Lesarar kjenner vist Advokat Mejdell. Me hugsar, korleis han i si Tid kastad seg yver Framlegget um Jury. Han er, som han sjølv segjer, ”ein einstaka Mann”. Han bryr seg ikkje um aa fara etter Læresetningar og Reglar, dei hatar han. Han vil, ein skal læra av sjølve Livet og ikkje berre av Bøker. Det er Livet, me hev aa kjempa med, og difor maa me freista aa læra det aa kjenna so godt, me kann.

 

Det er dette, han legg til Grunn i denne Boki si. Ho er eit Innlegg i Striden um, korleis ein best skal kunna ”klara seg” og verta so heppen som mogelegt her i Livet.

 

Det, han kjem med, er ikkje noko nytt, men Maaten, han set det fram paa, gjer, at det ser ut som nytt. Det er gamle gode Reglar, som kvar ein kjenner, men som vist brukast forlite. Difor hev ein godt av aa høyra dei uppatter.

 

 

J. L. Runeberg: Samlade  Skrifter. Häft 7_8. Kr.a. Alb. Cammermeyer.

 

Desse Skrifter kjem ut i 20 Hefter til 25 Øre. Kvart Hefte er 48 Sidur. Aa koma med Skrepp yver dei vil me ikkje, daa me trur, at kvar ein, som hev leset noko av Runeberg – t. D. ”Fänrik Stålls sägner”, elder um det berre er ”Vårt land” – veit, at Runeberg er ein av dei beste Forfattararne, ein nokosinne kann faa tak i. Prisen er overlag liten og Innhaldet ypperlegt.

 

 

Lommereisekart over Norge  af Oskar Nielsen. Kr.ania. Cammermeyers forlag.

 

7-14, til 0.30 Stykkje.

 

Det er makalaust gode Kort desse, og Folk, som er ute og reiser, bør hava dei med. Det er ein Lyte med dei, det at det ikkje er noko Namnliste paa dei. Dei vilde vist voret mykje betre daa. Men daa hadde dei kannhenda vortet dyrare. L. St.

 

 


Frå Fedraheimen 24.07.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum