Um Taalsemdi og Grensorne for den.

 

(Del 2 av 3. Fyrste delen.)


(Av Ingvar Bøhn: de meste etter eit Fyredrag).

 

 

(Framhald fraa fyrre No.)

 

 

Ja Me kom utruleg langt fram i Taalsemd me eit einaste Steg ber paa Slutten. Naar de berre inkje gjeng oss etter de gamle Ore: den som provar (beviser) for mykje, provar ingen Ting.

 

For de er de verste. Skal ein vera so taalsam for fullt Aalvor, at ein agtar alle Meiningar like, soleis at ein meiner den andre kan likeso snart hava Rett som eg, - so vert nok alle Meiningar burte me de same. Held kor vert de av di Yvertying, naar du inkje skal tru, ho er be’re, rettare, sannare en den, som er beint imot? Daa hev du ingi. De er just dette, Me kallar aa hava ei Yvertying: de aa hava naatt fram til Visse um, at denne  Meining er den rette, elder er be’re en hi. I Smaating kan de vel endaa gaa an aa fara paa ei Von, og der eg litt nøydd til aa gjera eit Val, endaa um eg er i mykje Tvil og Uvisse. Men i dei store Ting gjeng de inkje an. Kan du inkje der faa ei fast og viss Tru um, kva Rett er og kor Vegen ligg, so duger de inkje, daa vert de tufs til Verk alt du gjere. Og aldri eit einaste Storverk hadde vorte gjort gjenom Tierne, av deim som Soga fortel oss um, soframt inkje dei Fyregangsmenner, som sto fram, hadde aatt den sterke Tru paa Saki, som gav deim den Storm i si Sjæl og de faste Fotaslag, som reiv Folki me seg, fylde deim me Age og gav Folki Mot og Kraft til aa kjempa seg fram mot Maale trass i alle Faarar og Vandemaal. De var Trui hjaa Fyregangsmannen, som styrkte deiras  Tru. Alt vaart Liv maa vera bygt, inni Kjernen og Hovusaki, paa ei viss og fast Tru paa de, Me arbeider for. Elles fær Me lite elder ingen Ting gjort. Og elles er vaart Liv ingen Ting vert. I de gudelege spring de allermest i Augo. Trur du at Kristus er livande upstaen or Gravi og eingong kjem att til Doms, kan du daa halda den Meining, at han inkje er upstaen, for jamgo me hi? Han lyt no vera ørlite skrullut der up i Toppen, den som skal meina slikt for Aalvor, tykkjer eg.

 

Eg kjem i hug ei liti Soge. De var i ein Avisstri her for nokre Aar sian. De var ein av vaare ”Evropæarar”, ein vælkjend Mann i vaart offentlege Liv er de; Akademikar, ja de langt fram i Rekkja ibland deim au, skulde han no visst vera dessmeir. Den Flokken han høyrde til, hadde vorte skulda for aa vanagta Religionen. Daa gjorde han Motlegg imot dette. De var no ei reint grunnlaus Skulding imot Flokken hans, meinte han; for dei var slike Folk ”som agtar alle Religionar so høgt som nokon”.

 

Netupp soleis var Ori hans; eg trur inkje eg mishugsar.

  

Og dette var ein klok Mann, som eg sae deg; ein rektig studert Mann, ingen Tosk. Du maa hugsa paa de.

 

De er plent likeso vislegt, som ein Mann, som vart skulda for aa inkje elska Kona si. Han viste au dette fraa seg; for de var skamlegt aa skulda honom for noko slikt, meinte han: ”eg som elskar alle Kvinfolk so urimeleg høgt”.

  

Der er ein annan Mann au, ein enno mykje større Mann ibland oss, som hev drive me noko liknande.

 

Han hev den allerstørste Vyrna for Kristendomen og deim som trur paa Kristendomen, segjer han, endaa han sjølv inkje trur paa honom. Han trur de er Yvertru og Tull; og de hev han skrive mykje um. Men paa ingen mogeleg Maate vil han høyra, at han motarbeier Kristendomen. Nei han vert rjukande galen, naar du skuldar honom for de. Han hev som sagt stor Vyrna for den kristne Tru, naar ho er av rette Slage, segjer han, for daa gjer ho goe, gilde Menneskjor av deim. Han vil soleis paa ingen Maate taka fraa nokon den. Nei langt ifraa! Han berre skriv um, at dei kristne Lærdomarne er Innbilling og Vas. Men han vil so gjerne, dei skal tru paa deim. Han motarbeier slett inkje Kristendomen_ _ _. 

 

Nei du maa inkje læ! For de er Visdom dette, ser du, no um Dagarne. Ja de er den høgste som er.

  

De er elles noko underlegt me de. Slik ei Taalsemd som denne, som er bygd paa den Grunnen, at Motstandaren likeso snart kan hava Rett som eg, og at eg aldri  kan vita vist, ser de inkje rett ut til dei trur paa so fullt sjølve helder, tykkjer eg. De er nok helst berre paa de religiøse Umkverve, dei brukar henne. Dei er Fritenkjarar sjølve – dei som hev funne up Tanken og sett han i Gang i alle Fall. Og daa kan de inkje vera so stor Kunsti: de kostar inkje so mykje daa aa agta alle Truer like høgt – hell rettare sagt vyra deim alle like høgt, - naar ein held deim alle for berre Draum og Dikt. Men paa dei andre Umkverve hev eg aldri vorte var nokon slik overlag Taalsemd av deim. Soleis i de politiske. Der hev eg aldri høyrt dei hev sett upp til ein Regel for seg sjølv elder andre, at dei skal halda Yvertyingi aat Motparten jamgo me si eigi, og tru at likeso snart han  kan hava Rett. Tvert imot. Der kan dei dundra og døma og riva ne paa og æreskjenna Motstandaren so godt som nokon annan, - desse same Kararne, som krev at du skal hava slik Vyrna for annan Manns Yvertying og ”agta alle Meiningar like høgt” i de gudelege. – Desse kan du sjaa kvar Dag de.

  

Nei han laag nok inkje støtt likevel, denne siste Grunnsteinen Me vilde lyfte paa. Meire vert aa gjeva Agt paa er nok den fyste Grunnsteinen eg nemnde. De ligg utruleg mykje Sanning i de, at mange ulike Retninger kvar paa sin Maate kan gjera Gagn; at dei kan hava kvar si Sie av Sanningi aa bera fram, og at ein difor inkje maa vera trongsynt og inkje vilja draga den same Uniformi paa alle og freista aa faa alle støypte i ei Form. De kan titt vera berre gott, at Folk er ulike. So ein kan vyra deim og setja stor Pris paa deim, um dei hev ei onnor Meining en Me – eit langt Stykkje.

 

Men endaa her er au ein Hake ve.

 

De kan vera sannt, at de hev inkje vore nokor Retning framme i Menneskjelive, som de hev vore nokor Magt i, utan at dei hev gjort Gagn paa ein held annan Maate. Endaa um der er mykje vrangt og skakt ve eit Parti, so kan der vera noko  gott ve de au paa same Ti. Sjølv so reint skeivt og villfarande eit Parti som Muhamedanarne, so vil du faa høyra i alle Bøker um Aalmennsoga, som no vert skrivne, at dei hev gjort Framsteg og vore Meistarar i mange Slags Kunster og Upfinningar og Lærdom i lang Ti. De var fleire Hundra Aar dei sto i fremste Plassen i mest alt, som ein kunde kalla menneskeleg Daning og Kunst og Vitenskap. Og dei kristne Folki lærde av deim mange Ting.

 

Ja lat de so vera, at dei gjer Gagn alle. Men endaa um Me læt de staa au og gjeng ut derifraa, so vert de no likevæl fælt ulike Gagn, dei gjer, - og fælt ulike Vyrna au, som ein kom til aa skylda dei ymse Flokkar paa denne Maaten; slet inkje ”same Vyrna for alle Yvertyinger”. – De var de eine. Men de kan no vera for de de er.

 

Men der er noko anna som er verre. De kan vel vera sant paa ein Maate dette: dei gjer Gagn alle. Men naar ein ser vel etter, so er de likevel paa tvo rent motstriande Maatar.

  

Lat oss sjaa lite meir paa Muhamedanarne. Kven var de i dei kom til aa gagna i Grunnen til siste Slut. De var den kristne Kyrkja; den hev ervt Visdomen deira, de som var noko tess av honom; sjølv ligg dei no nesokne i Nott og Myrkr. Dei kom soleis til aa gagna just deim, som dei av Livsens Magt vilde støyta ne, - just deim, som dei hadde gjort de til si høgste Livsgjerning aa øyeleggja.

 

Og soleis er de. Der er sume, som gjer Gagn beint fram, - som gagnar deim, som dei vilde gagna og fremmar ei go Sak, som dei arbeier for. Men der er sume au, som kjem til aa gagna deim, som dei vilde ska og skar deim, som dei vilde gagna; som gagnar ve aa fremma de dei vilde hindra, og hindra de dei vilde fremma; som gagnar ve aa eggja fram ein Stygge og ein Gru, som kallar up or Svemnen sterke og goe Krefter til Kamp imot seg. Dei vilde gjera vondt, men kjem til aa gjera Gagn mot sin Vilje. For de dei sjølv vilde havt fram, hadde inkje vorte til de goe.

 

Der er nokolite Skilna paa desse tvo Maatarne. Jamen er de so. Dei kan verkeleg gjera Gagn, desse siste au, ja stort Gagn sume Tier. Men den Takken og den Vyrnaen, som dei fær tilgoes for dette Gagne sitt, er no av eit litt eigje Slag. Eg veit inkje rett, um desse Taalsemdmennerne, eg talar um, elder um dei sjølv au vil kjenna seg viare velnøgde me den. Ettersom no de Gagne dei gjorde var just netupp dette: de Hat og den Stygge og den Kamp, som dei kalla up yver seg sjølv og den Sak, dei arbeidde for.

 

So de er nok so som so me baae desse Grunnsteinarne, som Taalsemdtankarne for de meste vert upbygde paa i vaare Dagar: Dei er inkje so endefram aa lyfta paa nokon av deim.

 

Eg tenkjer de er so de heng i hop, at der finst inkje nokor slik Aalmennraa mot Utaalsemdi, som ein kan bruka i alle Tilfelle, elder nokon slik ”Universalmedicin”, som ein kan faa henne ut av Veri me paa ein Gong, me eit einaste Drag. De er inkje so vel.

 

 

(Sluttar.)


 


Frå Fedraheimen 05.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum