Tidender.

 

Kristiania, den 4de Juni.

 

Stortinget  vert iaar ogso sitjande saman til langt ut i Juni. Tidlegast kann det gjera fraa seg otte Dagar etter Pintse. Dei driver no paa med Møte kvar Dag, men det gjeng smaatt med aa faa gjera fraa seg noko, det er formange maavita, som skal leggja seg frami.

 

I denne Vika hev dei haldet mestedel paa med Skatteloven. Som ho no er, kann ein Mann med store nok Innkomur til aa hava Røysterett missa denne, naar Huslyden hans er so stor, at han slepp aa betala Komuneskat. No vil dei hava rettat paa detta ved aa fastsetja at ingen, som hev stor nok Innkomst til etter Grunnlvoen aa hava Røysterett, skal reint sleppa aa skatta av Innkomsti si. I Kristiania vilde ei slik Ordning skaffa ein heil Hop Røysterett som no ikkje hev det. Som ein kann vita er Høgre imot aa retta Skatteloven soleis, og ymse av Vinstre slær seg med i Laget. Berner hev masad og arbeidt alt han kann for i denne Sak aa splitta Vinstre og hindra nokor Endring i Skatteloven.

 

Til Gagn for Maalsaki vart i denne Vika bevilga Kr. 2500.00 til Austlids ABC. Boki kal trykkjast med Kostnad av Staten, og seljast for 25 Øre.

 

 

For frisindet Christendom”. Dette Christopher Bruuns Blad borde alle lesa, som er glad i Kristus og Kristendomen. Det, Christoper Bruun skriv, er, tykkjer eg, meir baade upplysande og uppbyggjande, enn noko anna som vert skrivi.

 

Det er baade bibelske og kyrkjelege og folkelege Ting, som han skriv um, men Grunndraget i det alt er: Kristendomen er sann, Kristendomen er baade guddomleg og menneskjeleg, Kristendomen er folkeleg, Kristendomen er det, som baade kvar Mann og Kvinne djupast treng, og som er Livs-Grunnen for kvart Folk, um det skal liva eit Folkeliv. Fedralands-Kjærleiken er rett og kristeleg, Maalsaki er rett og kristeleg, Fridomen er rett og kristeleg, endaa dei, som anna godt, vert tilsulka av Synd. Den einskilde kristne skal ikkje skilja Lag med Lands-Kyrkja, um so denne ligg djupt nere; vor Herre bad Apostlarne aa kristna Folki, ikkje berre Menneskjorne.

 

Av bibelske Ting hev Chr. Bruun hittils mest tekje fram fraa det gamle Testamente; for ”Lyset fra det nye Testamente er ikke sjelden saa skarpt og blendende, at den som ikke har gaat Skolen i Graalysningen fra det gamle Testamente, nok kan vere udsat for ikke at faa nogen Ting at se, selv af det som kunde synes aller aabenbarest”. Men no hev han tenkt, at han hev gjort so mykje av Johannes Døypar si Gjerning, at han kann freista peika paa sjølve ”Jesus fra Nazaret”. I siste Numret (10) hev han tekje paa med ei Skildring av honom. Han vil ”give nogle Vink til at opfatte Jesu Christi Liv her paa Jorden som et virkelegt Menneske-Liv”, ”et levende Indtryk af at han var et virkelig Menneske”; ”der er intet som dybere kan styrke Troen paa at han er Gud, end naar man for Alvor lærer at tro, at han er Menneske.”

 

Eg skulde ynskja, at For frisindet Christendom fekk fylgja Fedraheimen rundt umkring alle Stader, og at Fedraheimen fekk fylgja For frisindet Christendom att, der dette Bladet hev kome fyrst. Og tru dei so maatte ganga i Lag fraa den eine og Plassen til hin, og fraa den eine Gata til hi, og Folk gleda seg i deim baae, slik som dei fortener.

 

For frisindet Christendom kostar 3 Kr. Aaret; det er no paa tridje Aaret gamalt. Helst borde du løysa det fraa Byrjan. k.

 

 

No hev Bjørnsen komet heim. Aa, kor han vart fagnad! Heile Brygga og langt uppetter alle Gatur var det stappende fult av Folk, so det var ikkje store Flekkarne av Gata ein kunne sjaa. Kl. tvo var han ventande, vart det sagt, men ho vart halv tri og endaa ingen Bjørnson. Daa kjem der ei lang, lang Rekkje, med mange staute Silkefanar og dundarande Musikk fyre, det ar Kr.a austre og vestre Arbeidarsamfund og nokre andre Foreiningar. Dei stelte seg upp ytst ute. So kom der ein Baat glidande innyver, og daa nokre trudde det var den rette, tok dei til aa skrika. – Og so Venting att ei Stund, og Puffing og Skumping fraa alle Kantar. Jau, sjaa der daa kjem han – Baaten glid sagte og høgtidsfult inn til Strandi, uppaa Dekket stod nokre Folk, men ein av dei andre, han svingad med Hatten til Helsing, og Folki svingad Hattarne, viftad og ropad Hurra, - med eit vart det stilt – og ei hyssing sjugad yver heile Mengden – den høge Mannen steig fram og sagde:

 

Kjære Venner!

 

Jeg kan ikke holde nogen Tale, vil bare faa Lov til at takke.

Turen indover her idag, - ein høi solskinnende Dag, med Venner og Slegt om bord og Venner og Fædrelandssange paa Baadene, som fulgte, vil være uforglemmelig.

 

Og naar jeg nu atter staar foran denne Menneskemængde her, tror jeg, at jeg er kommet frem til det norske Hjertelag. Jeg takker med at love, at det vil jeg ogsaa holde mig til i Fremtiden. Tak! tak!”

 

Men daa slapp det laust! Eg trudde Folk vart spennande galne, slik som dei skreik og klappad i Hendarne. – Daa han køyrde burt, fekk eg ein Glimt aa sjaa av eit stort, graat hovud, som nikkad til alle Kantar. – Og so bar det uppyver Gaturne, fyrst Konstablarne til aa gjera Veg, so det lange Toget. Musikken spilad, ”Ja vi elsker dette Landet”. Innmed eit Hotell i ”Karl Johan” stanad det. Fraa eit Vindauga talad Bjørnson dei Ordi: ”Til Møde med saa mange Landsmænd samler det første Indtryk sig, idet jeg atter sætter Foden paa norsk Grund, i dette, at vi vil være et frit Folk. – Jeg har Lyst til at be dere være med i et Hurra for et frit Norge!” Atter Hurra og Gledesrop. Fanetoget for forbi, og etterkvart som ein Fane kom mitt for Vindaugat hans, stanad dei og ropad: ”Længe leve Bjørnstjerne Bjørnson!” og Hurraer upp og upp att i det endelause. Mange segjer, at her hev aldri voret slikt Liv fyrr.

 

 

Ein utanlandsk Maalmann. Um Torsdagen kom der inn til meg ein liten tykkvaksen Mann. Han helsad og talad plent som ein Gudbrandsdøl, ein Vagvær or Vaagaa. Tunaen, Lit og Sveip i Maalet var nettupp, som Du høyrde ein Døl. Han namngav seg; det var Dr. Sauerwein, ein tysk Maalmeistar, som kann mest alle mogelege Tungemaal. Han liver av aa umsetja Bibelen til framande Maal. Han hev reist og livt i mange Land og lært Maali deira, baade i Europa og Afrika. Iveter hev han legjet i Gudbrandsdal og talat berre ”Dølamaal”. I Joli fekk han Borni til aa læra utanat 3 Jolesalmar av Dr. Blix, som dei song um Joletreet. Sjølv hev han skrive godt, utgjevet Stev og Vers i Vaagaamaalet, og han las upp ein Umskrift av nokre av Davids Salmar i same Maalet; det var nauvent. Han er livande og talande av seg. Med Bokmaalet gjeng det kludre; han dett tilbake til Dølamaalet. Her var ei Vaagaagjente, som eg fekk til aa røda med han og røyna, um han talad rett. Jau, ho var reint rørt og undren. – ”Er du Maalmann?” sagde eg. – Ja visst er eg vel det. Eg hev fleire Vener av Høgrefolk, og med dei strider eg alstødt um Landsmaalet. Fyrst berre Folk lærer aa lesa Landsmaalet, so fell det so let og naturlegt; annleis er det, fyst dei skal lesa Dansk. Til betre dei lærer aa lesa Blix’s Salmar, til meir likt fær dei det med Dølamaalet; men til betre dei lærer aa lesa Dansken, til meir ulik er han Dølamaalet. Og so leser dei han aldri rett.” – So sat han utyver Kvelden og fortalde um Natur og Folk i Algier og andre Stader; det var Hugnad aa høyra. Han er ideell og varmhjartad for alt godt og vænt og ein from kristeleg Mann. No hev han reist og kjem vel aldri til Norig meir, men han er glad i Landet og Folket og glad i vaart Tungemaal og vaar Maalreisning, som me vil minnast han som ein av vaare beste Vener. (Kr. St.).

 

 


Frå Fedraheimen 05.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum