Maalstriden.

 

I no. 5 hev Nora teket ordet fyr ei semja mellom maalbladi i skrivemaaten. Det er rett gjort av Nora, og eg skal ogso med eit par ord segja mi meining. Det er ikkje til liti meinke fyr saki, at maalbladi skriv paa kvar sin maate. Den, som skal byrja, er reint ibeit. Det hjelp ikkje kvat dei segja; reglarne bør vera so faa og greide som mogelegt, difyr finn eg med Nora, at fleire av Fedraheimens  former er nokot underlegt stell. Eg hev ikkje nokot imot, at det vert burtkastat nokre av dei daude bokstavarne; men naar høvi er dei same, fær ein anten skriva daude bokstavar støtt elder kasta honom burt støtt. Eg kann ikkje begripa, kvifyr ein til dømes i inkjekyn stundom skal skriva ein daud t og stundom ikkje. So er det formerne gutar – gutarne, men romarar – romaranne; naar ein so allikevel lyt læra, at rn skal lesast som nn, so veit eg ikkje, kvat dette skal vera til. Derimot trur eg Fedraheimen hev rett i mykjet annat, soleis i, at han let alle eigenskapsord og namnordi i kvinnkyn i bundi form enda paa e.

 

Eit krav hev Nora til Dag, som eg paa ingen maate kann vera med paa. Ho vil, at han skal skriva namnordi med stor bokstav. Nei, kjære Nora, det er det ikkje meining i. Der gjevst knapt ein unggut i heile landet, som no lærer aa skriva med stort, og difyr hev Dag gjort rett i aa kasta dei store bokstavar.

 

Skal nokon gjeva etter her, maa det vera Fedraheimen og Nora. Det er underlegt, at dei ikkje alt hev gjort det.

 

Forresten kann det vel ikkje gjera nokot korkje fraa elder til fyr maalsaki.

 

Fyr” elder ”fyre” tykkjer eg ein maa halda paa, daa det baade hev si rett i oldnorsken og endaa brukast mange stadar i landet. Framfyr alt vil eg beda maalbladi um, at dei legg godviljen sin til fyr aa verta samde so snart som mogelegt.

 

 

T. E.

 

 


Frå Fedraheimen 05.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum