Lysingar.

 

Lærarskule paa Vonheim

 

12te Juli – 18de Septbr. Lærarar: Christopher Bruun, Ingvar Bøhn, Johannes Skar, Olav Aasmundstad, Matias Skard. Undervisning i norsk, oldnorsk, bibel-, skule-, aalmen- og noregssoga. Læra kostar ingenting fyre deim, som er med i heile undervisningi minst 1 Maanad, anten dei er skulefolk elder ei. Kost paa skulen heile tidi (69 dagar) kr. 61, elles kr. 30 fyre maanaden (30 dagar); nokre kann faa hus og kost paa skulen heile tidi fyre kr. 65. Det offentlege heve gjevet pengar til hjelp fyre skulefolk som treng til det – helst dei som er med heile tidi. Søknad um hjelp maa saman med vitnesbrev um trong koma fyre jonsok til Matias Skard, Bogstadveien 2, Kristiania. Seinare er min bustad Gausdal.

 

 

Det norske Samlaget

 

gjev ut Bøker paa Norsk. Nye Lagsmenn fær umframt Bøkerne for Aaret 1ste Bandet av A. O. Vinjes Skrifter i Utval og Heimsoga Fraa 1830-1852 elder andre Bøker til same Verd. 3dje Bandet av Vinjes Skrifter er under Prenting og vil snart verta umsendt.

 

Aarspengarne er Kr. 4.00, i Amerika Kr. 5.00, livsvaruge Lagsmenn bitalar Kr. 40.00, i Amerika Kr. 50.00.

 

NB. 1ste Bandet av Vinjes Skrifter er aa faa for Kr. 3.00, det 2dre for Kr. 2.00; 3dje Kr. 3.50.

 

Brev til Det norske Samlaget maa vera bitalte.

 

 

Bladstyrar: Ivar Mortenson, kand. teol.

 

 

Kristiania.

 

Nikolai Olsens Boktrykkeri.

 

 


Frå Fedraheimen 05.06.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum